På fridagen Kristi himmelfartsdagen 10.mai blir det jubileum for Storehaugen Opp når de arrangerer for 10.gang

2.mai_paa_Storehaugen_opp_640_DSC_1293.jpg
Heilt snøfritt på Storehaugen 2. mai! (Fra arraangørens hjemmeside)

Påmeldingane tikkar inn og løypa smeltar fram, så no ligg alt til rette for motbakkefest i Lærdal, skreiver arrangøren, sofm fortsetter

Angermund_Vik_IMG_7475.jpg
Stian Angermund-Vik setter løyperekord i 2016.

 

Kjem nokon opp Storehaugen på under halvtimen?

Eitt stort spenningsmoment er vinnartida i herre- og kvinneklassa. I herreklassen er rekorden på 30 minuttar og 18 sekundar, sett av Stian Angermund-Vik fråVaregg IL i 2016.

– Angermund-Vik skreiv ei gong at dette er eit av dei finaste løpa han er med på – han likar traseen, stemninga og Lærdal. Dette seier sitt då han er europameister i motbakkeløp og deltek på svært mange løp i Noreg og utlandet, seier Holien. 

Den ståande rekorden er «berre» 18 sekundar unna ei magisk grense på halvtimen. Holien tykkjer det hadde vore særs artig om nokon klarde å koma opp på under 30 minuttar i sjølvaste jubileumsløpet – noko ho meiner alt ligg til rette for.

– Det er tørre og fine forhold til Storehaugen no. All snøen har smelta og det tørkar opp umiddelbart. Her ligg det an til mange personlege rekordar! Vêrmeldinga er veldig bra frå søndag av og fram til og med løpsdagen: sol, opphaldsvêr og gode temperaturar. 

Den ståande rekorden i kvinneklassa skriv seg frå 2013 – då sprang Kirsten Marathon Melkevik frå IL Gular på 37 minuttar og 24 sekundar.

Når både herrar og kvinner skal bryna seg på rekordane er det viktig med god tilrettelegging; og her er alt på stell.

– Me er i rute til løpet; det vil seia at saft, vatn og drikkeflasker samt utstyr blir bore opp. Dobbelt trim for desse frivillige, med andre ord. fortel Holien.

På veg nedatt etter målgang vil det bli servert spekemat og flatbrød ved drikkestasjonen på Skirset. Dette blir sett stor pris på av løparane og er kanskje spesielt for Storehaugen Opp. Det er viktig å få korrigert væske- og elektrolyttbalansen.

Hjemmeside
Facebookside


DSC_1306 (640x360).jpg
Motiv fra løypa, Skirset 490 moh, 418 høydemeter gjenstår. (Arrangørfoto)

Lavvo_på_toppen (640x360).jpg
Lavvoen på toppen. (Arrangørfoto)

Anna_Tråve_og_Jappen (640x360).jpg
Anna Tråve og Jappen på toppen med flott utsikt ned mot Lærdalsøyri. (Arrangørfoto)



Plakat_Storehaugen_opp.png