Eikanger IL inviterer til motbakkeløpet Storset opp 8. oktober klokka 12!

Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 2,9 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.

storset.jpg

Idrettslaget ønskjer å skipe til eit løp for heile familien. Ein kan velje mellom å delta i konkurranseklassen med tidtaking eller i trimklassen utan tidtaking for dei som ønskjer ein rolegare tur til toppen. Ved målgang vert det sosialt samvær med premieutdeling og sal av mat.

Påmelding skjer via eqtiming.no eller ved start frå klokka 11:00 løpsdagen. Deltakarane i trimklassen kan starte når dei ønskjer etter påmelding. Konkurranseklassen har fellesstart klokka 12:30.

Storset opp! - med tid:             kr 200 (12 - 15 år: kr 100)

Storset opp! - utan tid:             kr 100 eller familie kr 200

Påmelding:


Det vert fine premiar. I tillegg vert det trekt ut ein iPad blant alle påmeldte. Alle som deltek får også ei stilig teknisk t-skjorte.

høydeprofil.jpg
Høydeprofil
 

 

logo eikanger.pngFor mer info, klikk på logo til Eikanger IL