Vignett-kondiskommentaren.jpg

Bak toppane er det ein stor underskog av skiløparar i alle aldrar. Rekrutteringa har vori særs god, men ifølgje ein artikkelserie hos NRK har den sia 2011 vist ein klart fallande tendens. Det er 30 prosent færre 6-12-åringar som er med på organisert skitrening no enn for ni år sia. Medan 56 955 var med i 2011, var talet i 2018 nede i 39 678. 

Samstundes er det mange andre idrettar som har opplevd tilsvarande vekst slik at det samla sett ikkje er nokon nedgang i den idrettslege aktiviteten til dei unge. 

Og nettopp «konkurranse frå andre idrettar» er den årsaka som klart flest skiklubbar oppgir som ei av dei tre viktigaste årsakene til fråfallet. Men det eg trur både idrettsleiarar og forbund bør bite seg mest merke i, er tre andre årsaker som òg skårar høgt: «Manglande sosialt miljø», «For kostbart» og «Treninga er for prestasjonsorientert». 

Langt viktigare enn å forhindre at dei unge byrjar med andre idrettar, er det etter mi meining å ta godt vare på dei nesten 40 000 ungane som framleis dukkar opp på langrennstrening. Ikkje, iallfall ikkje primært, for at landet på sikt skal få mange og gode eliteløparar, men for at dei unge skal bli så glade i å gå på ski og vera ute at dei vil halde fram med det heile livet. 

Og da er det viktig at ein lagar eit godt sosialt miljø uavhengig av om dei som kjem på trening går fort eller sakte. Sjølv om mange klubbar har tatt tak, så må ein gjera enda meir for å redusere utstyrskrava i alle aldersgrupper. For det er trass alt eliteløparane som set standarden og er førebilete for dei unge. Sist, men ikkje minst må ein ha eit tilbod til det store fleirtalet som ikkje vil ende opp på noko landslag, men som likevel synest det er kjekt å gå på ski. 

For fråfallet er eit større problem enn manglande oppmøte av dei yngste. Ifølgje Skiforbundet sine eigne tal frå 2016 var det ca. 53 000 som var med på skitrening i aldersgruppa 6-12 år, ca. 23 000 i gruppa 13-19 år og ca. 8000 i gruppa 20-25 år. 

Der ligg den store utfordringa – for både Skiforbundet og mange andre særforbund.

Barnebirken2_foto_Finn_Olsen.jpg
Vonleg vil mange halde fram med å gå på ski - eller vera idrettsaktive på anna vis - òg i vaksen alder. (Foto: Finn Olsen) 


Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 1 - 2020

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.