Runar Gilberg (51) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgDet vekte apati hos mange og vreide hos ein del. La gå at storparten av Tyrkia reint geografisk høyrer til i Asia og slik sett like gjerne kunne stilt i asiameisterskapen. Men det var heller ikkje asiatiske utøvarar som sørgja for medaljar til Tyrkia. Gulla var det to kenyanarar og ein cubanar som plukka. 

Yasemin Can stod med sigeren på 10 000 og 5000 meteren åleine for to av gullmedaljane. Den britiske kommentatoren i The Telegraph, Ben Bloom, omtala den doble EM-vinnaren på denne måten: 

«Da ho vaks opp og som junior tok sine første stigningsløp inn friidrettsverda, kunne ikkje Yasemin Can sett for seg at ho skulle stå på toppen av pallen i EM med ein gullmedalje frå 10 000 meteren om halsen. For knapt eit år sia ville ho ikkje kjent att sitt eige namn. 
Det er liten vits i å gå rundt grauten. Can er ikkje europear. Can er ikkje eingong Can. Dei første 18 åra av sitt 19-årige liv konkurrerte ho for Kenya og fekk ry som ei av verdas mest lovande langdistanseløparar under fødenamnet Vivian Jemutai.» 

Først i mars i år vart det kjent at Vivian Jemutai hadde vorti tyrkar og fått namnet Yasemin Can. Men bortsett frå når ho hentar EM-gull – og kan hende OL-medaljar – til Tyrkia, bur og trenar ho i Kenya.  

Trufaste slitarar
Fionnuala McCormack er ein av slitarane i europeisk langdistansespringing. Ho er alltid med og som oftast langt framme enten det er meisterskap på bane, i terrenget eller gatelangs. I EM i Amsterdam vart ho nummer fire på 10 000 meteren. Da tok den vanlegvis så sindige 32-åringen bladet frå munnen:

«Dette er ein vits. Folk skulle ikkje ha lov til å hoppe landimellom berre fordi dei føler for det. Eg seier ikkje dette fordi eg er bitter på grunn av fjerdeplassen, for det er eg ikkje, men det er ein grunn til at det heiter europeisk meisterskap», uttala McComrack til Irish Examiner.  
 
Omtrent like ille var det nok for ein annan trufast europeisk langdistanseløpar, Ana Dulce Felix frå Portugal. 34-åringen har som Fionnuala McCormack stilt i omtrent det som har vori av internasjonale meisterskap dette hundreåret, og i 2012 tok ho EM-gull på 10 000 m. No hadde ho sjansen til å gjenta prestasjonen. Og visst var ho Europas beste 10 000 meter-løpar denne kvelden òg – berre det at det for all framtid vil stå i bøkene at ei tyrkisk kvinne med namn Yasemin Can slo henne. 

10 000 meteren for menn var det same saka. To kenyanarar som sprang for Tyrkia, øydela tidleg spenninga og var dei to første i mål. Antonio Abadia frå Spania kjempa med Dmytro Lashyn frå Ukraina og Dewi Griffiths frå Storbritannia om kven som var best av europearane, men berre Abadia fekk medalje – og ikkje den han skulle ha hatt. 

Drep interessa
At den tyrkiske oppkjøpspolitikken bidreg til å drepa interessa for europeisk langdistanseløping, viser det faktum at berre elleve mann stilte til start på 10 00 meteren. Om ein let vera å sjå på Tyrkia og Israel som europeiske land, var berre fem europeiske land representerte. Ikkje meir enn ni løparar tok seg til mål. Eg sa til kollega Bjørn etterpå, at her kunne du fått deg ei topp ti-plassering i EM. Trass i at speakeren prøvde å få folk til å heie, var det under heile 10 000 meteren heilt tyst på tribunen. Folk følte dei var vitne til ein parodi av eit EM. 

I Asia held rike golfstatar som Qatar og Bahrain på på akkurat same viset. Dei japanske løparane som for ikkje lenge sia var konkurransedyktige, må sjå seg grundig slegne av afrikanske løparar som brått har vorti kjøpt opp og gitt qatarsk pass og arabisk namn. Alle dei asiatiske herrerekordane på distansar frå 600 m til 10 000 m tilhøyrer Qatar eller Bahrain. 

Presidenten i Det europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen, vedgår at det er eit problem at land kjøper utøvarar, men førebels har verken han eller leiarane i IAAF gjort noko med det. 

I mellomtida er det utøvarar som Ana Dulce Felix, Fionnuala McCormack og Antonio Abadia som blir skadelidande. Pluss vi som er friidrettsinteresserte og som – når det er EM – ønsker å sjå kven som er best i Europa.

10000-felix-karoline_50D8922.jpg
Ana Dulce Felix frå Portugal var best av resten, medan jenta i heilgrøn drakt, Fionnuala McCormack frå Irland endte på fjerdeplassen på 10 000 meteren i EM. (Foto: Bjørn Johannessen) 

10000-tidlig-luke_50D2735.jpg
På 10 000 meteren for menn var det dobbelt Tyrkia ved kenyanarane Arikan og Kaya. I bakgrunnen mellom dei skimtar vi resten av feltet. (Foto: Bjørn Johannessen)