Bildet: Harald Nygård frå AKS-77 i Knarvik er ein av favorittane til NM-gull i Byrkjelo (Foto: Kjell Vigestad)

Det er manga klassar og øvringar i eit veteranmesterskap. I dei fleste klassana for kvinner er det ein eller to deltakarar, så der vil dei fleste vinne flotte medaljar. I diskos klasse 80-84 år det heile 8 påmelde! I klasse 90-94 er det ein som er påmeld. Klasse 60-64 er største klassen med 13 påmelde på 800 m og 11 på 100 og 10 på 1500 m.

Kondis har installert seg på Karistova på Utvikfjellet i Stryn kommune
Herfrå er det om lag 15 minutt køyring eller 35 minutt Gebreselassie (ca 15 km) til Byrkjelo i nabokommunen Gloppen. Her på Karistova har me fått ei strålande mottaking. Frukostbufféen byrja klokka 09.00 etter avstemming... God frukost og ypperleg stemning med ein del prat om dagens konkurransar og ikkje rett lite mimring.
 
Då me kom torsdag kveld var her mange bilar med stav på taket. Så her er til no ingen langdistanseløparar me kan intervjua. 

Veteran-NM er viktig
Alle ressursar innan friidrotten skal brukast på dei som er på/kan nå internasjonalt senior-nivå. Veteranar skal brukast til funksjonærar og trenarar for å få unge/ungdommar opp og fram. Ja, det er det mange som hevdar. Men idrett er viktig for alle aldersgrupper. Nokon likar å trimma utan å konkurrera. Det er greitt. Nokon likar å trena for å prøva seg i konkurranse. Det er óg greitt. 

I Noreg er du veteran frå det året du fyller 35. Då kan du t.d. framleis vera i verdseliten for senior. Det er då også klassen 35-39 år som har minst deltakarar. Dei er vel strengt tatt ikkje ordentlige "veteranar" enno.

Kondis er til stades, og skal prøva å formidla inntrykk frå langløp i veteran-NM. Kondis dekkar alle kondisjonsidrettar for alle aldre. 

Stemnet startar i dag fredag 9. august på flotte Byrkjelo stadion
I alt er det i følge arrangørane 230 påmelde deltakarar og rundt 750 startar. Det vil bli travle dagar for arrangørane.

Resultater fredag 9. august
Startliste
NMs nettside

Han har løpt flest maraton i Noreg - i dag spring Inge Asbjørn Haugen 100 m i veteran-NM
inge_asbjørn_522x640.jpg
Han spring 100 m og 5000 m i Byrkjelo. Arkivfoto: Gisle Sellevold/Kondis