Arrangør er Etne Event/Etne Oppleving. Eigar er Gisle Sellevold som også er kontaktmann for Kondis, og går for "All In". Atmosfære og deltakarane i sentrum. Kontrollmålt løype, og elektronisk tidtaking ved rutinerte Tom Roger Johansen. På dette arrangementet er ikkje inntening det viktigaste motivet.

Vatnet_rundt_sertifika_400pixIMG_0041.jpgDet er mange små og store trekkjepremiar. Den største er kr 5000,- inn på konto til ein heldig vinnar trekt blant alle som fullfører ein av distansane og er til stades under trekkjinga!!! HardangerBestikk til kr 1600,-, stort verktøysett, og 6 flotte krystallglas frå Ungarn er andre av premiane som trekkast blant alle som deltar..


7543 m rundt vakre Litledalsvatnet ca 8 km aust for Etne sentrum.
Start og mål ved Litledalen kraftstasjon i austenden av vatnet. Løypa er for store strekk flat, men ein kort motbakke etter 900 m, og lengre motbakke frå 3.7 km til 4.3 km. 


Dei raskaste jentene og gutane kjemper om pengepremiar:
1. pr. kr 3000,-
2. pr. kr 1500,-
3. pr. kr 1000,-


I tillegg er det kr 2500,- i premie om ein klarer løyperekorden
Kvinner: Maryna Novik, IF Klypetussen         27.19
Menn:    Ørjan Grønnevig, Spirit Friidrett    22.40


Meld deg på no, og spar kr 100,-  

Påmelding på: EQ-Timing:
 

Les også:
Ørjan Grønnevig og Maryna Novik stiller i Vatnet Rundt 15. juli
Vatnet Rundt: flott ferieløp i Etne med store premiar

Sjå nokre av premiane du kan vinne:

IMG_0046.JPG
Trekkjepremie blant alle som fullfører - stort verktøysett

Vatnet_Rundt_duk_IMG_0050.jpgTrekkjepremie til selskap - "Vidunderduk"

IMG_0051 (1).JPG
Trekkjepremie til selskap - Hardanger Bestikk

IMG_0061.JPG
Trekkjepremie - sandbilete

IMG_0065.JPG
Trekkjepremie - vakker krystallrose

IMG_0062.JPG
Trekkjepremie - "Secret Box". You can´t open it without knowing how to do it....

Vatnet_Rundt_krystall_IMG_0060.jpgAnd the beauty of all the random prizes - Look down under this image...

IMG_0053.JPG
6 farga, handlaga krystallglas - også dei handla inn i Ungarn.

Historikk:
Fyrste året (2016) lova meterologane skybrudd løpsdagen 16. juli. Det kom, men fyrst etter at alle deltakarane var komne i det store teltet for premieutdeling. Likevel samla "Vatnet Rundt" over 100 deltakarar. 41 jenter og 51 gutar rundt vatnet i tillegg til funksjonærløp og barneløp. I alt 119 deltakarar med funksjonærløp.