Knarvikmila har etter kvart vorte ei eiga løpshending som inneheld langt meir enn eit milløp. I tillegg til eigne konferansar og kulturarrangement i forkant av sjølve løpshelga, så er det mange ulike løp som står på programmet: Stafett, Fjordviking, Halvmaraton, 5 km, 3 km, Naturmila, Minimila & KnøtteMila, Ungdomsmila.

Løpshelga startar på fredag med Ungdomsmila og Sparebank Vest-stafetten. På laurdag går den tradisjonelle mila, i tillegg til 5 km og halvmaraton. Fjordviking er ikkje eit eige løp, men ei barsk utfordring på å gjennomføre alle dei tre løpa. På søndag går barneløpa Minimila & KnøtteMila, Naturmila og også ein 3 km.

Det er allereie over 1200 påmelde løparar, i tillegg til stafettlag og deltakarar i barne- og ungdomsløp.

Favorittene

Knarvikmila har vanlegvis fått med mange toppløparar på startsreken. Vi har sett at det tidlegare har komme inn nokre slike på kort varsel, så det kan tenkjast at det kjem fleire enn dei som er påmelde i dag, torsdag.

På startlista for 10 km ser vi at Gularløperne Bjørnar Lillefosse og Tore Akerlie stiller. Bjørnar er ein av landets aller beste 10.000-meterløparar, og Tore Akerlie har dei siste åra nærma seg Bjørnars nivå. Så førebels held vi i alle fall desse to som favorittar på mila.
 

Eli Anne Dvergsdal_2023.jpg
I fjor vart Knarvikmila 10 km vunne av Kristine Dommersnes. Eli Anne Dvergsdal vart nummer tre. (Foto: Arne Dag Myking)

Vi ser også at Eli Anne Dvergsdal og Adele Norheim Henriksen skal delta på 10 km, Begge er tidlegare vinnarar i Knarvikmila, men i fjor vart dei nummer tre og fire. Det blir i alle fall bli ein interessant duell mellom desse to.

På 5 km ser vi at gode løparar som Ann-Helen Dalen, Phillip Morken og Bjørn Rusten Lundberg har tenkt å delta.

Marius Vedvik skal springe halvmaraton. Vi ser ikkje heilt kven som skal klare å utfordre han der.

Les mer om Knarvikmila.

Påmelding Knarvikmila

Program - Knarvikmila 2024

Fredag 6. september

UngdomsMila
Løp,-kurs og underhaldning for ungdomsskuleelevar
Knarvik Stadion, kl 08.30 - 13.00

Sparebank Vest-stafetten
Bedrifts- og vennestafett
Knarvik Stadion, start kl 18.00

Premieutdeling og sosial samling i Nordhordlandshallen, kl 18.30

Lørdag 7. september

Halvmaraton 21 km
Start på Knarvik Stadion kl 11.00
Premieutdeling kl 13.00

10 km
Start på Knarvik Stadion kl 13.30
Premieutdeling kl 14.30

5 km
Start på Knarvik Stadion kl 15.00
Premieutdeling kl 15.30

Fjordviking (21 km + 10 km + 5 km)
Premieutdeling kl. 15.45

Søndag 8. september

NaturMila
Turaktivitet i området rundt Knarvik Stadion
frå kl 9.30 -13.00

Sjørøvarshow frå ZingZang
Knarvik Stadion, kl 12.00

KnøtteMila
Gratis barneløp for barnehagebarn Knarvik Stadion, start kl 12.30

MiniMila
Gratis barneløp for 1. til 7. klasse
Knarvik Stadion, start kl 13.00
Premieutdeling, kl 13.45

Drifting oppvisning
fra Lyngøy Motorsport, cag l 15.30

3 km Knarvik Stadion
kl 14.00 Premieutdeling
kl 14.30