Det var praktfulle løpsforhold då 568 deltakarar ( 402 i trimklassa og 166 i konkurranseklassa ) i dag gjennomførte og sette ny deltakarrekord i den åttande utgåva av motbakkeløpet Fanaråken Opp. Svært få motbakkeløp har fleire deltakarar i konkurranseklassane enn Buff Fanaråken Opp og denne helga var Buff Fanaråken Opp det klart største.
Ved starten på Turtagrø 868 moh var det kl. 11.00 omlag 12 grader, medan det kun var 2 plussgrader ved Mål på Fanaråken 2068 moh. BUff Fanaråken Opp er det største idrettsarrangementet i Nord-Europa som har mål over 2000 moh. Mål er ved Fanaråkhytta 2068 moh ,- den høgastliggjande turisthytta i Nord-Europa. Den 8,6 km lange løypa har ein høgdeskilnad mellom start og mål på 1.200 m.
Alle foto som ikkje er påført fotograf er tekne av Anne Jenny Dvergsdal
Sjå også reportasje på www.nrk.no/sfj og på www.dn.no/dnaktiv

Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL har kun 100 m igjen mål og sin 5te siger i Buff Fanaråken Opp av 5 mogelege.

Trimmarar i alle aldre og funksjonærane på driikkestasjon nr. 2 , som har ein av dei aller luftigaste "arbeidsplassane" i Noreg på 1600 moh, ventar på horden av konkurranseløparar.

Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve er raskast av alle norske løparar , men blir nr 2 tot. etter suverene David Schneider fra Sveits.

Hans Martin Gjedrem , Valldal Il og La Sportiva Toppteam, vart nr 3 totalt. Hans Martin vann i år sitt andre NM-gull på 20 km skiskyting. I fjor vann han NM i motbakkeløp. I år har beina vore tunge etter mykje tung trening mot ein ny sesong som skiskytttar. Buff Fanaråken Opp var det fyrstr motbakkeløpet med topp prioritet i år før sesongens hovudmål innan motbakkkeløp som er La Sportiva Skåla 1848m rett opp laurdag 14. august.

Det vart tøff konkurranse om pengepremien på kr. 3.000 til raskaste løpar under 20 år. Asbjørn Berland, Samnanger IL, i tet kniva heile vegen med Tommy Haga, Sandnes IL. Her har Asbjørn mål i sikte og set inn sluttspurten. Tommy hang seg på men avstanden i mål vart den same som her 200 meter før mål. Asbjørn vann på tida 1.06.36, medan Tommy fekk 1.06.38

Daniel Bekele Tadesse vart nr. 4 totalt på 1.04.47. Daniel kjem frå Etiopia og kom i februar i år til Noreg som flyktning. Han bur på Sel flyktningmottak i Gudbrandsdalen. 26. juni i år vann han motbakkeløpet Blåhø Opp i Vågå

Det vart lite å gjere også i år for Raude Kors Hjelpekorps. Her ved 1800 moh vart det kun meldt om eit gnagsår.

Mål ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh. Legg merke til kor godt målseglet er festa, for her er det ofte frisk vind !

150 meter etter starten på Turtagrø har Øyvind Heiberg Sundby ( 77 ) teke teten framfor den suverene vinnaren David Schneider frå Sveits (95). Foto Christian Prestegård

Det var 169 deltakarar som var med i fellesstarten i konkurrranseklassa kl. 11.00. 166 av desse fullførte. Dermed er Buff Fanaråken Opp eit av dei 4 største motbakkeløpa i Noreg når det gjeld deltaking i konkurranseklassa. Foto Kåre Steinar Skagen

Tommy Haga , Sandnes Il (59) og May Britt Buer, Gular ( heilt til venstre) dannar pulje nr 2 ut frå start. Nr. 96 er Lars Ole Gudevang , Sogndal Klatreklubb. I midten med svart BUFF T-skjorte og panneband er motbakkedronninga Anita Håkenstad Eversten. Til høgre ser me ma. nr. 197 Kristian Alnæs og Nr. 118 Espen Stueland. I resultatlista er alle presentert med startnummer så då kan du sjølv finne ut kven som er kven ! Foto Christian Prestegård

Det vart stille på Turtagrø då alle dei 568 deltakarane var på veg opp mot Fanaråken. Frå startområdet ved Turtagrø Hotel står løpsleiar Anders Fortun ( i midten ) saman med Ellen og Harald frå Hovudsponsor BUFF ( Atello AS). På Turtagrø får Anders Fortun inn rapportar om løpsutviklinga og ei prikkfri gjennomføring av arrangementet. I år vart det for fyrste gong nytta elektronisk tidtaking ( EMIT) med tidkingsbrikker. Det store spenningsmomentet var om dette ville fungere 100% på 2068moh, men her hadde tidtakingssjef Oddmund Lefdal full kontroll ( som han hadde det i Molden Opp !) der han sat inne på Fanaråkhytta, varmt og godt. Alle fekk umiddelbart korrekte tider og berre nokre minuttar etter at siste løpar var i mål så var resultatlistene ute på løpets nettside og Kondis.no. Foto Christian Prestegård

Smak av gull ! Dette er den flottaste løpsmedaljen me har fått sa brødrene Vegard og Magnus Strandmann Lundal (til venstre), Christina Dvergsdal Prestegård og Olav Dvergsdal Prestegård. Det var også stor stas å få ein flott spesiallaga Fanaråken Opp Buff i premie. Desse gutane er alle med i Vestre Aker Skiklubb i Oslo og ser fram til framtidige treningssamlingar på Sognefjellet og OPP til Fanaråken. Foto Ole Kristian Lundal

Då konkurranseløparane var i mål så letta skydekket og "Team Vestre Aker Skiklubb" kunne nyte utsynet nordover Sognefjellet som Sognefjellshytta og Sognefjellet Sommarskisenter. Foto Ole Kristian Lundal

Etter løpet vart det eit forfriskande "Isbad" i Lustrafjorden ved Skjolden Hotel. Dei siste dagane kom det ekstra mykje brevatn ned frå den omtala demninga i Fortunsdalen. "Isbadarane" kan her skryte av at dei har bada heilt innst i verdas lengste fjord Sognefjorden, som her heiter Lustrafjorden. Fjelltoppen midt på bildet er Molden der motbakkeløpet Molden Opp vart arrangert 19. juni i år. Foto Ole Kristian Lundal.