Kondis.no var ikkje tilstades under løpet, men vi har fått "låne" den glimrande artikkelen til lokalavisa Firda Tidend:

Søndag blei Eggenipa Opp arrangert for åttande gong, første gong var i 2005. Eggenipa er 1338 meter høgt, men deltakarane startar ikkje heilt nede med havet. Totalstigninga under løpet er 1189 meter, medan løypa er heile 4650 meter lang. Utøvarar frå 13 til 69 år deltok, det er ikkje tvil om at motbakkeløp fenger både unge og gamle.

Tre sekund frå rekord

    I år var det 49 konkurransedeltakarar, noko som er ein oppgang frå i fjor. Det er faktisk ein del år sidan so mange deltok. På det meste har vi vore mellom 60 og 70 utøvarar, fortel Olav S. Egge, arrangør av Eggenipa Opp.

Av dei 49 deltakarane var det May Britt Buer frå Gular som vann kvinneklassa med tida 56.58. Berre tre sekund bak sin eigen løyperekord frå 2011. Blant herrane stakk Thorbjørn Ludvigsen av med sigeren. Det gjekk 52.27 minutt før han nådde toppen av fjellet. Rekorden til bortkomne Jon Tvedt på 47.26 minutt frå 2008 var han aldri nær å true.

Kvelden før løpet regna det mykje, og løypene blei svært blaute. Det er bratt heile vegen opp Eggenipa, dermed blei det ei tung og våt oppleving for utøvarane.

  – Eg prata med fleire når dei kom ned igjen, og dei tykte at det var greitt, men vått. Slik er naturen, det kan ikkje ein gjere noko med, seier Egge.

– Imponerande

Sjølv er han 70 år, og klarar ikkje delta i løpet, men han er veldig imponert over prestasjonane til utøvarane.

  – Det er mange eldre folk som er med, og det er utruleg å sjå kva dei klarar. Den eldste er 64 år, og er raskare enn fleire i 50-årsklassen. Fleire av utøvarane spring store delar av tida. Imponerande!, meinar han.

Olav S. Egge og dei andre som er med å arrangere er stolt av Eggenipa, og tykkjer det berre er kjekt å stelle i stand løpet. Og så lenge deltakarane er fornøgd, er han fornøgd. Det er flest deltakarar frå Sogn og Fjordane, men ein deltakar hadde reist heile vegen frå Elverum-området.

Ein av deltakarane var ikkje so heldig, og fall og braut handleddet på veg ned att. Det tykkjer Olav var synd.

  – Det er ikkje lett å gardere seg mot slike skadar, då det er sleipt nedover fjellet. Heldigvis var det to legar i nærleiken som tok seg av han.


May Britt Buer vann også i år kvinneklassa. Sin eigen rekord frå 2011 klarte ho derimot ikkje å slå. (Alle foto: Olav S. Egge)


Thorbjørn Ludvigsen var den sprekaste av mennene, og sprang til topps både på Eggenipa og på pallen.


Premieutdeling: frå venstre Jann Olav Tjønneland, Thorbjørn Ludvigsen, May Britt Buer, Åse Iren Sætre og Merete Helgheim.


Tre Eggenipa Opp-veteranar kosar seg i løypa. F.v.: Malvin Hjelle, Reidar Egge og Jan Erik Egge.

...og så eit bonusbilete til slutt som ikkje stod i avisa
 


 Rasmus Haugen, Hornindal IL og Ingvar Skaar, Statoil Bergen IL

14 år gamle Rasmus gjorde nok eit storløp der han vart nummer sju av herrane. Under halvt løp i Hornindal rundt var han nest best, berre slegen av landslagsløparen Sverre Sletthaug.

PS !
Ein liten anekdote til slutt: Lokalredaktøren er aldri så lite stolt av å vere onkel til Rasmus. Kanskje det kan vere noko med genene ???????

Samleside Eggenipa opp

Resultat:

Resultatliste Eggenipa Opp 2012.    
           
K 13-16 160 Erdal Karoline Førde il 68.40
K 13-16 161 Hamar Hilvi Emerense Byaasen Skiklubb 70.42
           
K 17-34 156 Sætre Åse Iren Ørsta il 64.21
K 17-34 155 Helgheim Merete GFIL 64.57
K 17-34 154 Hovden Hilde   85.12
K 17-34 159 Skibenes Anne Grete Bergen 93.40
K 17-34 158 Hildenes Elisabeth Eid il  
           
K 35-39 157 Buer May Britt Gular 56.58
K 35-39 162 Skaar Anne Sogndal il 74.05
           
K 40-44 163 Eikås Janne Jølster il 69.25
           
K 45-49 171 Holsen Anne Berit Holsen il 81.33
K 45-49 168 Vallestad Marit Jølster il 90.36
K 45-49 169 Brekke Liv Sigdestad Svelgen 93.10
           
M 13-16 128 Haugen Rasmus Hornindal il 58.55
M 13-16 142 Helgheim Adrian Førde il 81.07
           
M17-34 140 Ludvigsen Thorbjørn   52.27
M17-34 146 Erdal Ole Martin Førde il 56.47
M17-34 152 Holsen Jonny Holsen il 62.16
M17-34 147 Jensen Rune Martin Runes il 64.13
M17-34 141 Brakstad Frode Emil Frekhaug 72.09
           
M 35-39 129 Tjønneland Jann Olav Viksdalen il 52.42
M 35-39 132 Skrøppa Jan Bjarte Førde il 75.38
M 35-39 164 Alme Lars Otto Fjellhug Vereide 85.04
M 35-39 137 Totland Are Varegg Team Melkesyre 94.06
           
M 40-44 149 Skaar Ingvar Statoil Bergen il 57.44
M 40-44 151 Vallestad Ole Jonny Holsen il 58.19
M 40-44 145 Martini Bjørn Asker Skiklubb 70.00
M 40-44 131 Berge Bjørn Førde il 77.51
M 40-44 125 Staalesen Kjetil Gåsemyr blodsmak.no 79.17
           
M 45-49 127 Øygard Geir Jølster il 58.11
M 45-49 166 Midtkandal Trond Eidsfossen sykkel 64.08
M 45-49 144 Erdal Herman Førde il 65.40
M 45-49 150 Skogen Audun Hakallestranda kondisjon 66.18
M 45-49 130 Grindedal Geir IL Jotun 67.15
M 45-49 143 Evensen Geir Statoil BIL 68.48
M 45-49 124 Lien Per Oddvar Kyrkjebø il 68.55
           
M 50-54 165 Bakkebø Anders Åheim il 67.38
M 50-54 148 Øygard Kjell Jølster il 68.12
M 50-54 167 Gaukstad Kjell Lom 69.49
M 50-54 135 Øvsthus Øystein Mjøsdalen il 69.56
M 50-54 133 Kjerpeset Svenn Petter Keipen turlag 71.33
M 50-54 123 Baggetun Alfred Høyang il 74.23
           
M 55-59 126 Skylstad Nils Terje Velledalen il 68.19
M 55-59 139 Bjarkø Arild Nord-Østerdal OK 72.20
M 55-59 138 Losnegard Reidar Førde il 73.47
M 55-59 170 Eide Reidar Førde il 74.51
           
M 60-64 134 Sulheim Lars Eivind Lom 66.57
M 60-64 136 Bernes Ove Mjøsdalen il 67.13
           
M 65-69 139 Menes Oddvar Vetlefjorden il 82.08