4. plass til Grønnevig og Østerås

Oerjan_Groennevig_2010_IMG_3392

God norsk terrenginnsats i Tilburg

Ørjan Grønnevig og Ida Østerås endte på fjerdeplass i kvar sin juniorklasse i Warandeloop i Nederland sundag. Fleire norske testa seg i terrenget.

Publisert Sist oppdatert

Tekst og foto: Nils Hetleflåt

Mange av dei framåtstormande unge norske mellom- og langdistanseløparane var sundag i nederlandske Tilburg for å prøva å komme seg med på det norske laget til EM i Velenje i Slovania. Dei fekk god motstand i det tradisjonsrike løpet Warandeloop som vart arrangert for 53. gong.

Først ut var dei to jentene Ida Østerås og Karoline E. Skatteboe i U20-klassen. Saman med 40 andre jenter sprang dei ei 4,3 km lange løype. Etter ein litt forsiktig start sprang dei seg sterkt framover i feltet etter kvart som løpet utvikla seg, og Ida drog pulje to i lange periodar siste halvdel. Dei fleste i den pulja måtte sleppe, og Ida kunne springa inn til ein flott fjerdeplass med tida 15.47 medan Karoline kom inn til tiandeplass med 16.16.

I U20-klassen for menn var startfeltet på over 100 mann, men fleire av dei kom ikkje til mål. Det norske laget bestod av Ferdinand K. Edman, Marius Vedvik, Sindre Løchting, Jørgen Frost Bø, Elias Ottosen og Magnus S. Hjellum, og for mange av desse var dette det største feltet dei hadde deltatt i når det gjaldt terrengløp.

Ferdinand var den einaste av dei norske som var med i teten frå start av medan dei andre sprang seg oppover i feltet. Ca. 800 m føre mål måtte Ferdinand melda pass med store magesmerter, og dermed vart det Marius Vedvik som sprang inn som beste norske til niandeplass med tida 20.25 på det 6,2 km lange løpet. Deretter kom dei norske som perler på ei snor med Sindre på 12. plass, Jørgen på 13. plass, Elias på 19. plass og Magnus på 21. plass.

I menn ungdom under 23 år var det Ørjan Grønnevig og Hans Kristian Fløystad som representerte Noreg. Dei sprang saman med seniorklassen, og det var påmeldt 150 løparar i desse to klassane. Farten var svært høg ut frå start, og begge dei norske gutane vart klemt inn litt bak i feltet. Dermed måtte dei bruke ein del krefter på dei to første av dei seks rundane på å komme seg fram.

Ørjan klarte å få heng på pulje to ut på den tredje runden og var med den pulja til halvvegs ut på femte runden, før han måtte sleppa dei litt på slutten. Hans Kristian på si side jobba seg stødig framover gjennom stort sett heile løpet.

Til slutt kom Ørjan inn på 15. plass totalt og 4. plass i U23-klassen med tida 31.38 på 10 km. Hans Kristian fekk 24. plass totalt og 5. plass i U-23 med 31.56.

Alt i alt var Warandeloop eit flott arrangement der dei norske løparane fekk nyttig erfaring med det å springe i internasjonale felt.


Ida Østerås sprang inn til ein sterk fjerdeplass i terrengløpet i Tilburg i Nederland.

Menn senior og U23
1Vitaly ShafarOekraïne30:30
2Khalid ChoukoudHaag Atletiek30:42
3Jesper vder Wielen (U23)Cifla31:00
4Steffen UliczkaDuitsland31:03
5Abdi Nageeye (U23)Cifla31:03
6Mark KenneallyIerland31:04
7Guus JanssenNijmegen Atletiek31:08
8Thomas PoesiatHaag Atletiek31:13
9Sven WeyerDuitsland31:15
10Vitalij GheorghitaMoldavië31:18
11Julian FlugelDuitsland31:20
12Niels Verwer (U23)AV Castricum31:28
13Kjell d'HondtBelgië31:33
14Rico SchwarzDuitsland31:35
15Ørjan Grønnevig (U23)Noorwegen31:38
...
24Hans Kr. Fløystad (U23)Noorwegen31:56
Kvinner U20
1Priska Auf der MaurZwitserland15:12
2Jip VastenburgAV '3415:22
3Irene van LieshoutDe Keien15:37
4Ida ØsteråsNoorwegen15:47
5Louisa BoschanDuitsland15:48
6Marlin van HalDe Keien16:01
7Julia van VelthovenAttila16:04
8Anne LuijtenOlympus '7016:12
9Lina AlainentaloZweden16:16
10Karoline E. SkatteboeNoorwegen16:16
Menn U20
1Fabian JuckerZwitserland20:02
2Adriano EngelhardtZwitserland20:04
3Brian KamstraAAC '6120:05
4Yannick JagerZwitserland20:08
5John KingstedtZweden20:09
6Filip JohansonZweden20:11
7Jorijn de MareHellas20:12
8Elmar EngholmZweden20:25
9Marius VedvikNoorwegen20:25
10Richard DoumaZaanland20:27
11Albin OlaussonZweden20:31
12Sindre LøchtingNoorwegen20:41
13Jorgen Frost BøNoorwegen20:43
...
19Elias OttosenNoorwegen20:55
21Magnus Sirnes HjellumNoorwegen20:58


Alle resultat


Karoline E. Skatteboe som i nordisk meisterskap så vidt slo Ida Østerås, vart no nummer ti knappe halvminuttet bak Ida.


Ørjan Grønnevig sprang offensivt og hong godt med sterke løparar frå store deler av Europa.


Hans Kristian Fløystad var 18 sekund bak Ørjan Grønnevig, og det heldt til ein femteplass i U23-klassen.


Warandeloops heimeside

Reportasje hos Det europeiske friidrettsforbundet

Powered by Labrador CMS