Ingressbilde: Lars Sponheim like før målpassering på Kvasshovden i politikarNM i motbakkeløp i 2008. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Løpsleiar Johan Børsheim melder til Kondis.no at siste frist for påmelding i konkurranseklassane er i kveld torsdag 15. juli kl. 22.00 medan det er etterpåmelding i trimklassane heilt fram til start på Laurdag.

Børsheim understrekar at dersom det er nokon som har problem å melde seg på via internett må dei ta kontakt  på tlf. 91 58 77 38   E-post: johan.borsheim@c2i.net

Ulvik IL gler seg i år over at Kvasshovden Opp arrangerer både Norgescup , PolitikarNM og PrøveNM for neste års NM i motbakkeløp !

Kvasshovden Opp - løypa er 7,5 km lang med 1030 høgdemeter mellom start og mål. Øyvind Heiberg Sundby ,Tjalve IL sette ny løyperekord i fjor med tida 47:45.
Therese Sjursen, BFG Fana, sette også ny rekord i kvinneklassa med tida 59:29

For meir info sjå www.kvasshovdenopp.no og les heile PRESSEMELDINGA frå arrangøren nederst i denne artikkelen !



 

640_Sponheim_i_sikte!

Reine fugleberget med forventningsfulle trimmarar  som ventar på dei fyrste i konkurranseklassa i 2008. Foto Anne Jenny Dvergsdal

640TourDeFrance_stemning_Jon_i_maal

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Reine Tour De France-stemninga i målområdet då Jon Tvedt nådde toppen av Kvasshovden som fyrstemann i konkurranseklassa i premiereløpet i 2008.

 

PRESSEMELDING frå løpleiar Johan Børsheim , Ulvik IL, KL. 18.00 15. juli:

Kvasshovden Opp, motbakkeløpet i Ulvik, går for 3.gong no laurdag 17.juli. I fjor var det over 500 på toppen. I år har løpet status som Salomon Norgescup, prøve-NM og Politikar-NM.

I herreklassen stiller Noregsmeister av året og fjorårsvinnar av Kvasshovden Opp, Øyvind Heiberg Sundby (IK Tjalve). Han sette rekordtida 47,45. Han får sterk konkurranse av årets sølvmedaljør i NM, Kristen Skjeldal frå Voss, av Joel Dyrhovden og Asbjørn Berland frå Samnanger IL og 16-åringen Gaute Kvåle frå Røldal IL. Skiløparane Sjur Røthe frå Voss, og Eirik Kurland Olsen (IL Ros) vert sterke utfordrarar.
 
På kvinnesida stiller fjorårsvinnar Therese Sjursen (BFG Fana). Ho sette rekord i fjor med tida 59,29. Noregsmeiser i år, May Britt Buen (IL Gular), Merete Helgheim (Gloppen friidrettslag) og Anni Bersagel (IK Tjalve) vert dei sterkaste utfordrarane
 
For konkurranseløparane er siste påmeldingsfrist torsdag 15.juli kl.22.00. For Trimklassen og Politikar-NM er det påmelding i sekreteriatet fram til start.
Årets ildsjel, Vidar Bøe, vil gå til topps ilag med svaksynte Tahir Hussein. Lars Sponheim deltek i år i Trimklassen.