Laban Siro, IF Klypetussen vann i Katrineholm!

KK-joggen i Katrinehamn har mange distansar. Hovuddistansen er kvartmaraton på vel 10.5 km. I kveld, 9. august, vann Laban Siro, som representerer IF Klypetussen i Etne, på den gode tida 32.39. Han slo landsmannen Francis Kipketer Chesumei, Kenya med heile 45 sekund.

Robert Limo, IK Ymer (men opprinnelig frå Kenya også han) vart nr 8 på 35.56. Laurdag 13. august kjem dei alle tre til det 9. "Langs Åkrafjorden" i Sunnhordland. Då vert det eit spennande revansjeoppgjer. Samstundes må dei og slå andre skarpskodde deltakarar.

Ved E-134 mellom Odda og Haugesund
Starten går frå Kyrping Kro og Bensin på Tjelmeland i Etne kommune 75 km frå Haugesund, 55 km frå Odda  og 380 km frå Oslo. Ein kan ta bussen frå Oslo sentralbusstasjon og direkte til Tjelmeland v/ E :134. Kjøpt på Norway Bussekspress på nettet ca kr 950 t/r. Ein kan og fly frå Gardermoen og ta Haukeliekspressen til start.
Løype: kupert på gamle E - 134. Kontrollmålt 11 km. Sjølvsagt asfalt heile vegen. Nydeleg trase mellom fjord og fjell. Utsikt m.a. til Folgefonna. Gratis buss mellom start og mål.
Mål: Åkrafjordtunet.

Info: Gisle Sellevold 4860 2195.

Kvartmaraton i Katrinehamn:
Nr 1: Laban Siro, IF Klypetussen       32.39
Nr 2: Francis Kipketer, Kenya          33.24

Nr 3: Oskar Landin, Spårvägens IF      33.36
...
Nr 8: Robert Limo,  IK Ymer            35.56