Maryna Novik og Ole Rullestad vann Trongjo Opp!
Maryna debuterte i dette 1750 m lange motbakkeløpet på asfalt. Ole er fjorårsvinnaren som i år vann på ei betre tid. 


Bildet: I år som i fjor: nr 1: Ole Rullestad, Korlevoll - Odda IL. Vinnartid: 8.00. (Trykk på bildet for større format)


22 sprang på tid og 74 gjekk i trimklassen
Sjølv om dette er eit lite "løp", så er det flott oppslutnad med nesten 100 deltakarar.
Etterpå var det stor fest på Sævareid skule med kaker, vaflar, brus og kaffi. Og ein kjempefin video frå nutane i Etnefjella. 
Maryna Novik er frå Belarus (Kviterusland) er gift og er bondekone i vakre Vikedal. Ho sprang på 8.42 som er nestbeste kvinneresultat sidan løypa vart omlagt i 2000.
Ole Rullestad er frå Rullestad i Etne kommune, men han spring for Korlevoll-Odda IL, eller rettare sagt går på ski for Korlevoll. Han persa seg ned til 8.00, som er ei av dei betre tidene i Trongjo Opp, så han er også dyktig utan plankar under beina. 

Tre raskaste 2013:
Kvinner:
1. Maryna Novik,             8.42
2. Anette Lauareid Hovda    11.17 
3. Rimma Håheim             12.33

Gutar:
1. Ole Rullestad             8.00
2. Skjalg Duesund            8.57
3. Tor Arne Sandvik          9.29


Løyperekordar:
Kvinner: Marit Årthun,                   GTI-Stavanger    7.56
Menn:     Håkon Rossehaug         Sveio IL                6.51


Startfeltet med tidtaking: 22 av deltakarane løp med tidtaking, medan 74 gjekk og løp utan tid.


Sjå det steget! Ole Rullestad etter 1350 m hard motbakke. Han vinn det 48. Trongjo Opp.


Her er Maryna frå Langs Åkrafjorden.


Jota Daikinevicius14 år) frå Lithauen vart oppdaga (av arrangøren) kvelden før Trongjo Opp. Ho song to songar på festen etter Trongjo Opp. Faren Linas er internasjonalt kjend musikar. og ga forsamlinga på om lag 55 menneske ei flott oppleving med sin musikk på valthorn.


Ein tøffe familie! Familien Silde har nok ein gong sigra over Trongabrekko i fint driv.