Pressemelding:
Så langt er det over 500 påmeldte i dei fire arrangementa i Geiranger frå fjord til fjell. Dette er ei auke på over 60 prosent i høve til same tid i 2009! Ein kan anten sykle Nibberittet, springe Geiranger Halvmaraton og Dalsnibba Miniton eller gå Geirangermarsjen.
Dei verkelege hardhausane startar oppstigninga til Dalsnibba frå Geirangerfjorden. 21 km og 1500 knallharde høgdemeter er det som ventar dei som syklar Nibberittet eller spring i Geiranger Halvmaraton. Etter starten ved cruisebåtar på fjorden, passerar utøvarane vakre kulturlandskap, det verdskjende utkikkspunktet Flydalsjuvet, mange fossar, islagde vatn og meterhøge snøbrear - rett og slett det beste Norge kan by på.
- Det som appelerar utøvarane er den flotte naturopplevinga kombinert med ei beintøff fysisk utfordring. Etter ein har kome til hektene att på toppen kan ein verkeleg nyte utsikta til fjorden, fjella og isbrear. Dei som syklar kan også gle seg til ein fartsfyllt tur ned att til premieutdelinga ved fjorden - utan særlig anstrengelse.
Nytt i 2010 er eiga Nordic Walking-klasse i Geirangermarsjen leia av Ingrid Kristiansen. Denne startar frå Djupvasshytta 1038 meter over havet, og derifrå er det 5 km og 440 høgdemeter til mål.
- Nibbevegen er perfekt for Nordic Walking, seier Ingrid.
Frå Djupvasshytta startar også Dalsnibba Miniton. Dette er eit motbakkeløp for dei som synest halvmaraton blir for langt men som likevel vil springe til topps.
Det vert aktivitetar heile denne junihelga i Geiranger. På fredag blir det interessante foredrag og treningstips, gratis for alle deltakarane. Det vert mat og musikk ved premieutdelinga og dans på kvelden laurdag. Søndag arrangerast guida fjellturar i den flotte geirangernaturen. Du kan også ta med deg skia og gå topptur. Det er mange fjell å velje blant og er du riktig heldig får du også nysnø frå toppen - midt i juni!
Også stadig fleire syklistar ønsker å ta seg til toppen av Dalsnibba. (Foto: Bjørn Johannessen)
Ferda er like vakker som ho er krevjande, anten ein syklar, spring eller går.
Heimesida til Geiranger Halvmaraton