640_Laura

Deltakarrekord med 1935 i La Sportiva Skåla 1848 m rett opp

Det vart ein kontrastrik værdag då heile 1935 deltakarar (785 i konkurranse og 1150 i trim) gjennomførte den 8,2km lange Skåla Opp løypa med 1814m stigning opp til Skålatårnet 1848moh. Det var ein kjølig dag med lett yr og tett tåke under løpet, men på nedturen kom sola og varma opp deltakarane som fekk nyte det flotte utsynet mot Loen og Nordfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Ingressbildet; Laura Orgue , Spania, vann dameklassa på 1.22.07 som er 2 min bak løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen frå 2007. Foto Christian Prestegård

Jonathan Wyatt, New Zealand, vann Skåla Opp for fjerde gong i dag. Foto Anne Jenny Dvergsdal

7 beste damer:
1. Laura Orgue, Spania 1.22.07
2.May Britt Buer 1.26.23
3.Inger Liv Bjerkreim Nilsen 1.28.26
4.Therese Sjursen 1.30.23
5.Valentina Belotti, Italia 1.30.37
6.Alice Gaggi, Italia 1.30.54
7.Merete Helgheim 1.31.09

7 beste herrar:

1.Jonathan Wyatt, New Zealand 1.08.59
2.Ahmet Arslan, Tyrkia 1.09.30
3.Stian Hovind-Angermund 1.10.18
4.Tomas Bereket, Eritrea 1.12.22
5.Orlando Edwards, England 1.13.51
6.Thorbjørn Thorsen Ludvigsen 1.14.36
7.Sindre Hoff 1.15.42

Fullstendig resultatliste sjå www.skaala.no

May Britt Buer, IL Gular , nr 2 i dameklassa.Foto Christian Prestegård

Løyperekordhaldar Ahmet Arslan, Tyrkia, vart i år nr 2 på tida 1.09.30. Foto Christian Prestegård

Stian Hovind Angermund, Varegg, vart nr 3 og sprang til topps på Skåla på den nest raskaste tida av ein nordmann med 1.10.18. Kun Jon Tvedt har sprunge raskare med 1.08.39 i 2007. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Nedturen vart ein skikkeleg OPPTUR i flott vær. Foto Christian Prestegård

Skåla Opp-sponsor Multiconsult hadde med over 50 tilsette og dei sette også stor pris på væromslaget på nedturen. Her ved Skålavatnet 1150 moh. Foto Christian Prestegård

Inger Liv Bjerkreim Nilsen, Team United Bakeries /SK Vidar, vart nr 3 på 1.28.26. I fjor vann Inger Liv Skåla Opp på tida 1.23.40. Då eg skulle ta dette bildet av Inger Liv var fingrane så stivfrosne at eg ikkje klarte å knipse bildet før ho var nesten forbi. Temperaturen var berre såvidt på plussida 1800 moh. Foto Christian Prestegård

Orlando Edvards, England vart nr 5 på 1.13.51.Foto Christian Prestegård

Therese Sjursen vart nr 4 i dameklassa med 1.30.27. Bak heng Valentina Belotti, Italia, på. I mål vart Belotti nr 5 på tida 1.30.37. Belotti vart m.a. nr 2 i VM i motbakkeløp i 2012. Foto Christian Prestegård

Torbjørn Thorsen Ludvigsen var stadig i telefonsamatalar på veg ned etter løpet. Her omlag 1000 moh med utsyn ned mot Loen. Torbjørn vart i år nr 6 på tida 1.14.36. Foto Christian Prestegård

Alice Gaggi, Italia, vann VM-gull i fjelløping opp og ned (WMRA Mountain Running Championships Up and Down) i 2013. I La Sportiva Skåla Opp var ho nr 6 på 1.30.55. Foto Christian Prestegård

Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø ( Markane IL/ Bama) som er frå Stryn kan også springe bratte motbakkar. Han vann klasse M20-22 og vart nr. 8 totalt. Foto Christian Prestegård

Kjetil Hagtveit Dammen, Team LeaseplanGo, satsar på langløp på ski på laget til Thomas Alsgaard. I La Sportiva Skåla Opp fekk han ei flott kvalitetsøkt og vart nr 9 totalt på 1.17.24. Foto Christian Prestegård

Fabian Alraun, Tyskland, vart nr 10 totalt på 1.17.33. Foto Christian Prestegård

Tommy Haga, Sogndal IL, har hatt flott framgang som motbakkeløpar i år. I La Sportiva Skåla Opp sette han ny personleg rekord med tida 1.17.47 . Han vart han nr 2 i kl. M20-22 og nr 11 totalt . Foto Christian Prestegård

Odd-Bjørn Hjelmeset held seg i svært så god form etter at han la opp som toppløpar i langrenn. Han sprang til topps på 1.21.01 og vart nr. 3 i 40-årsklassa og nr 15 totalt. Odd-Bjørn representer Skåla Opp-sponsor Bama. Foto Christian Prestegård

OBS ! Det gjekk bra. Ikkje lett å treffe alle trappetrinna opp til Skåla. Foto Christian Prestegård

Bjarne Ludvigsen, Mr Team Melkesyre (Nr. 612) like før målpassering på ny solid pers 1.34.26. På tre år har Bjarne forbedra tida si med 20 minuttar ! Nr 660 er Pål Thommasen som representerer Fjellgeitene, Han kom i mål 7 sekundar bak Bjarne. Bjarne har vist mange gonger at han er god til å takle mykje Melkesyre ! Foto Christian Prestegård

Trond Sundby, Balestrand, har hatt ein flott motbakkeløpsesong. I Skåla Opp vart det 2pl. i kl. 65-69år på 1.54.39. Då eg traff på han hadde han klatra omlag 1700 av dei 1814 høgdemetrane i løpet virka han heilt "uberørt" og tok seg tid til å stoppe for å ta ein kjapp prat med Kondis' utsendte. Det erc gode motbakkeløps-gener i familien til Trond. Son hans Øyvind Heiberg Sundby er norgesmeistar i motbakkeløp. Foto Christian Prestegård

Seks stemingsbilder , utan kommentarar, med mange deltakarar på Opptur. Kanskje du finn deg sjølv på eit av bileta.(foto Christian Prestegård):

640_OleBjørn_FotoChrP.jpg.JPG

Nedturen frå Skåla vart denne dagen den aller største oppturen for meg og mange andre. På nedtur slutta det å regne, tåka letta, sola titta fram og vi kunne sjå ned til Loen og utover Nordfjorden. Denne dagen vart nedturen ein eineståande flott sosial OPPTUR med storslagne naturopplevingar !

På ein måte er Skåla Opp to løp i ett. Fyrst opp den 8,2km lange løypa frå Tjugen 29 moh til Skålatårnet 1848 moh. Når du er i mål på toppen er du berre komen halve vegen. Du må gå same vegen ned att og . Trur eg må ha prata med minst 200 av deltakarane, og alle var sterkt imot Norges Friidrettsforbunds skattlegging av mosjon gjennom den nye eingongslisensen som dei har tvangsinnført på mosjonsløp.

640_CP_Foto_HansDrage.jpg.jpg

Kondis' utsendte på tur ned omlag 1500moh. Foto Hans Drage

Hans Drage frå Bergen tok ein av mange sosiale pratepausar på nedturen samstundes som han her har flott oversyn over mylderet av deltakarar på opp og nedtur i bratthenget mellom Skaret 1375 moh og "Flatbreen" 1700 moh . Foto Christian Prestegård

Før vi held fram med bilete frå nedturen må eg ta med to foto for å applaudere den enorme dugnadsinnsatsen til alle dei vel 150 funksjonærane og ikkje minst dei som var ved dei 6 drikkestasjonane dei 1814 høgdemetrane oppover løypa. Då eg kom til drikkestasjonen 1700 moh var eg så frosen på handa at eg så vidt klarte å få i meg drikke, men eg fekk topp service og kruset servert i handa.

Her er Arne Stadheim i trimklassa ved drikkestasjonen ved Skålavatnet 1150 moh. Foto Christian Prestegård

Drikkestasjon ved 1700 moh. Foto Christian Prestegård

Lang lang rekke ned den nye Skåla-stien mot Skåla-vatnet 1150moh. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Skiløparen Jens Arne Svartedal sprang opp på Skåla på den klingande tida 1.22.22. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Ved Skålavatnet 1150moh. Her er Kay Roger Haugen på heimebane. Han er frå Loen og er stabil på 1.30-talet i Skåla Opp-løypa. I år vart det 1.36.39. Foto Christian Prestegård

På nedturen frå Skåla var det fleire som tok seg et isbad i Skålavatnet 1150 moh. Son min Olav (13år) badar nesten uansett kor kaldt det er og som skihoppar måtte han sjølvsagt showe litt med flygande salto ned i det 8 grader kalde vatnet . Iflg mora hadde han sjekka at vatnet var djupt nok fyrst. Foto Anne Jenny Dvergsdal

På grillpartyet etter løpet fekk Olav sitte saman med Tom Erik Heimen som kom flygande i flygedrakt med frå fjellet med hovudet fyrst i 220km i timen og landa trygt utanfor Hotel Alexandra. Olav fekk mange gode tips til å auke hopplengdene i hoppbakken.

Tom Erik Heimen hadde hoppa "basehopp" ut frå fjellet Hoven rett ovenfor Hotel Alexandra , der den nye Via Ferrataen no er den store turistattraksjonen. Tom Erik , jobbar for sengeprodusenten Wonderland, flaug rett inn på Hotel Alexandra for å gje bort ei Wonderland seng til kr 32.000 til ein heldig deltakar i La Sportiva Skåla Opp.

Dei 1935 deltakarane fekk ein praktfull nedtur til Loen. Nesten 1.000 av dei la turen innom Hotel Alexandra for å delta på premieutdelinga og SkålaOpp-fest med grillparty. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Eg avsluttar reportasjen med foto av ein av dei store motbakke-entusiastane i Sogn og Fjordane ,Tor Anders Offerdal frå Lærdal , der han m.a. er med arrangementskomiteen for motbakkeløpet Storehaugen Opp. Tor Anders fekk 18. januar i når oppleve å miste alt han eigde i storbrannen i Lærdal då huset hans brann ned til grunnen. Tor Anders har vist at han kan takle ulike typar motbakkar med eit eineståande ståpåhumør. Før Skåla Opp-løpet var han ute på facebook med glede og begeistring fram mot si deltaking i den trettande utgåva av La Sportiva Skåla Opp som han fullførte med stil slik fotoet viser på 2.05.

Årets La Sportiva Skåla 1848m rett opp vart sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane Nett TV med sportsjournalist i Firda Stig Roger Eide og Jan Heggheim som kommentatorar. HER er linken til den over 2 timar lange sendinga som du kan sjå. For meir info og mediaomtale sjå www.skaala.no

Powered by Labrador CMS