Elisabeth Angell Bergh og Urige Buta øvst på seierspallen
Elisabeth Angell Bergh, Haugesund IL har hatt ein kjempesesong i terreng og på bane, med fleire NM-titlar. No stilte ho til start i sin fyrste Djupadalten, lang løype. Ho var favoritt, og innfridde med eit solid langløp, sjølv om det er mellomdistanse ho satsar på. "Men du veit, eg trenar jo ein god del langt óg" uttalte ho då Kondis gratulerte ho med det flotte løpet. Ho seira framføre sterke løparar som klubbveninne Hanne Steinstø, m.a. nr. 4 i Furumomila, og Maryna Novik, IF Klypetussen, bronse i NM halvmaraton i Knarvik.

1. Elisabeth Angell Bergh,      Haugesund IL     34.10
2. Hanne Steinstø,              Haugesund IL     35.05
3. Maryna Novik,                IF Klypetussen   35.36


P.S. Då Elisabeth vart intervjua av Sigmund Hansen, dagens glimrande speaker, spurde han om ho var sikker på seier. Ho svarte då at ho var spent, for det var mange jevne løparar. Det er ei flott haldning av ei som vinn nokså suverent.

For mannfolka var det Urige i einsam majestet. Han fortalte Kondis før start at han litt småforkjøla, men skulle prøva seg på rekorden. Det var for hardt, og vinnartida vart 28.46. 70 sekund bak sin eigen rekord. 

1. Urige Buta,                  Haugesund IL     28.46
2. Zenebe Brkineh Frew,         Sandnes IL       29.12
3. Erik Sjøquist,               Svensenga SK     29.33


Erik Sjøquist er svensk. Og er gift med Veslemøy Hausken Sjøquist, som vart nr 2 i Skeisdalten. Ho er mest kjend som ein av dei beste mellomdistanseløparane i Noreg for nokre år sidan. 

Løyperekordar:
Kvinner: Susanne Wigene, Haugesund IL   31.39 (2013)
Menn:    Urige Buta, Haugesund IL       27.36 (2009)


Ny kortløype - Skeisdalten
Den gamle kortløypa var mykje lik langløypa. Så laga arrangøren Haugesund IL ei kortare og flatare løype rundt Skeisvatnet. Det trur Kondis var eit lurt trekk for at fleire skal kunne våga å vera med på dette storarrangementet, eit av dei størstei Rogaland. Og i stadig vekst mot gamle høgder. 89 gutar og 85 jenter fullførte denne varianten. Eit godt oppstartstal.
 
Tre beste:
Kvinner:
1. Hanne Sørensen, Haugesund IL            16.02
2. Veslemøy H. Sjøquist, Svensenga FK      16.21
3. Angela Kaurin                           17.50


Hanne Sørensen er visst berre 12 år - kjempeløp!

Menn:
1. Trond Olav Halvorsen, Haugesund IL      15.36 
2. Petter Rasmussen, Haugesund IL          15.48
3. Kristian Magnussen, Haugaland Kraft     15.54


Trond Olav Halvorsen skal vera 11 år gamal - i så fall heilt utruleg flott løpt!

Minidalten med 263 glade småborn
Medaljar til alle, og eit løp med mange tilskuarar. Dette var kjekt!

Meir publikum og TV-dekking
enn Kondis sin joggande deltakar kan hugsa. Flagg og heiarop langs heile løypa. Dette var ei positiv oppleving. Likeeins var det TV-dekking av alle løparane. Ikkje alle syns det var særleg å sjå seg sjølv ved innkomsten. (I alle høve ikkje han frå Kondis). Eit minus var det at det stod folk framføre TV-linsa. (Dei var sannsynlegvis ikkje klar over det).

ALLE RESULTATER

Eit arrangement er kva du gjer det til
Utsegna gjeld både for arrangørar og deltakarar.
I 2007 sprang Arvid Dale Djupadalten på 37-talet med vondt i magen. Seinare viste det seg at diagnosen var alvorleg kreft. I april året etter døydde han. Arvid var i ungdommen medlem av arrangørklubben Haugesund IL. 14.56.5 på 5000 m (1978), 31.47.5 (1970) og 9.33.41 (1979). 

Arvid Dale (30.9.1952) var i tillegg til ein habil løpar, eit særs flott menneske. Seinare vart han medlem av IF Klypetussen. I september 2008 vart famile og vener samde om å møtast etter Djupadalten for å minnast Arvid. Det har blitt ein flott tradisjon og møtast på Egon i Haugesund. I 2014 var det om lag 20 personar.

Start Djupadalten.jpgNr 252 i Djupadalten - Svein Wigene (han har ei dotter....)                                       Foto: arrangøren