Fantastisk nytt friidrettsstadion snart ferdig i Haugesund!
Friidretten flytter nordover i byen, medan Haugesund stadion vert bygd om til rein fotballstadion. Haugesund stadion, av  "Måkeberget" kalt "Gamlå", er om kort tid historie slik den ser ut i dag. Ombygginga startar så snart fotballsesongen er over, medan ny friidrettsstadion snart er ferdigbygd i Haraldsvang. Og den blir flott!!

Gode tilhøve - få deltakarar

Vermessig var tilhøva utruleg bra til å vera oktober i Haugesund. Omtrent heilt vindstille - heller uvanleg på Haugesund stadion. At me ikkje skriv perfekte tilhøve er på grunn av ein god del vanndammar på løpebana.

Det var relativt bra deltaking blant dei aller yngste utøvarane, men éin vaksen på 800 m og tre vaksne på 10000 m var ikkje oppmuntrande. Det er mange, mange på Haugalandet som kunne delteke utan å ha dumma seg ut. Det er kjekt også for dei som spring lange distansar på mosjonsløp å få registrert offisiell tid på 10000 m på bane.

Då Kondis sin representant trente på bana (10000 m) dagen etter siste stemnet, var det framleis vatn i løpebanene rundt heile stadion eit og eit halvt døgn etter siste regnskyll.... Så ny bane vert helst velkomen av dei aller fleste - men mange har sjølvsagt gode minne frå stadion slik den ligg der den dag i dag.

Arrangementsteknisk dyktige arrangørar
Det går alltid skikkeleg for seg når Haugesund IL skipar til offisielt stemne. Store tradisjonsrike arrangement som t.d. Mailekene er populære m.a. fordi dei er godt organiserte. Der er også PR`n god. Men på mindre stemne er det mykje meir å henta. Det er mange ein kunne få med på banestemne om ein hadde gjort meir på PR-sida. Dette gjeld dei fleste idrettslag som har banestemne på programmet.
 
Mellom og langdistanseresultater fra siste stevnet på gamle Haugesund Stadion:

Friidrettsstevne - Haugesund 04.10.12    
     
800 Meter    
Gutter 10    
Erling Kjellesvik Husveg Haugesund 2,55,15
     
Gutter 13    
Henrik Langesæther Haugesund 2,45,01
     
Gutter 15    
800 Meter    
Jørgen Madsø Haugesund 2,28,46
John-Atle Rasmussen Haugesund 2,32,11
     
Menn Senior    
Thomas Finshus Stegaberg 2,05,35
     
Jenter 10    
Eira Austad Haugesund 3,01,58
Victoria Lindgren Haugesund 3,07,48
     
     
10000 Meter    
Stian Vestbø Haugesund 32,35,8
Ole Mikal Tørsdal Haugesund 35,32,1
     


Ny bane - unik mogelegheit
Den nye friidrettsbana i Haraldsvang litt nord for sentrum kan gje eit enormt oppsving for friidretten. Bana som nærmar seg ferdig, ligg perfekt til. Noko mindre utsett for vind enn den noverande etter det me har forstått. Og like ved den nye innandørshallen til Haugesund IL og i Haraldsvang og nær Djupadalen.

Men det Kondis la mest merke til ved synfaring på nye stadion i går, var omgjevnadane: I nord utmarksområde med låge åser i himlasynet, og ein fantastisk flott steinmur. I vest ein ny flott, brei grusveg som går langs eit våtmarksområde med eit flott tjern. Den er tilkomstveg til stadion frå t.d. HIL-hallen.

I sør ligg det treetasjar høge bygget til Haraldsvang ungdomsskole - ein halv 60-meter frå bana. Det borgar for at mange elevar kan få ein nær og positiv tilnærming til baneidrett. Her er Haugesund IL ein av dei dyktigaste klubbane i landet. Toppidrettsgymnaset i Haugesund ligg berre ca 300 m frå den nye stadion og dei kan då gje elevane sine fyrsteklasses treningstilhøve, sommar som vinter.

Tankar om opningsstemne på nye Haugesund stadion
- God PR i god tid. Ein langdistanse for kvinner og for menn - på www.kondis.no  finn ein kanskje hovudmålgruppa. 
- Kondistrimmen á la Skjalg IL hadde i Stavanger på 80-talet. 350 deltakarar løp 10000 m på tid. Då kan ein få vekk redsla hjå mange "du må vera god for å springa på stadion". Slik tenker mange. Ein må senka terskelen for å delta som mange har. 
- Invitera bedriftene til t.d. 1000 m stafett. 
- Umerking (krus med påskrift t.d. "Eg var med" 1. stemne på Haugesund nye stadion pluss dato. Alle som melder seg på innan ein månad før stemne får slikt krus.
- brosjyrer sendast til kretsane, Friidrettsforbundet og Kondis i god tid (P.S. Kondis reklamerer allereie no for stemner i 2013).



Stian Vestbø frå arrangørklubben Haugesund IL vinn siste 10000 m på Haugesund Stadion på bra tid. Foto: Kjetil Waage.


Ole Mikal Tørsdal også han Haugesund IL, kjempa godt og fekk fekk ei brukbar tid.                        Foto: Kjetil Waage


Erik Rullestad (18 år) prøvde å henga med, men vart dårleg, og måtte gje seg etter vel 7000 m. Foto: Kjetil Waage

Kopiert frå forsida til Haugesund ILs nettside

Stor pågang fra barn og ungdom.
Haugesund Idrettslag har de senere opplevd en enestående tilstrømming av barn og ungdom. Klubben har for tiden ventelister med over 80 interesserte barn og foreldre som ønsker å delta i klubbens aktiviteter.

Haugesund Idrettslag i norsktoppen.

HIL har siden 1906 vært en av landets ledende idrettsklubber og resultatene taler for seg selv:

  • 410 medaljer i norske mesterskap (NM)
  • Gull 143 (kvinner 53)
  • Sølv 131 (kvinner 50)
  • Bronse 137 (kvinner 45)

Se forøvrig våre statistikksider for mer utfyllende informasjon vedrørende klubbrekorder og beste utøvere

”HIL har vært en viktig klubb for norsk friidrett i sin 100-årige aktivitetsperiode, og har klart utfordringen med å kombinere god satsing på både bredde og eliteidrett. HIL er i 2006 en foregangsklubb med stor aktivitet i barne – og ungdomsarbeidet og som viktig stevnearrangør av en rekke store og mindre friidrettsarrangement, samt flere gode seniorer på elitenivå.”
Svein Arne Hansen president Norges Friidrettsforbund til 100- års jubileum i 2006.

Haugesund ILs rolle på Haugalandet.
Ordfører Petter Steen Jr. har kategorisert HIL på følgende måte:

”Gjennom sine første 100 år har HIL på mange måter maktet å gjøre sin historie til byens historie. HIL er noe langt mer enn et idrettslag. Laget er blitt en kulturbærer i byen vår. Selv om HIL har markert seg som en klubb som makter å få frem enere på friidrettsbanen, er klubbens satsing på breddeidrett minst like imponerende. Mange klubber sliter med å rekruttere til individuelle idretter, men Haugesund Idrettslag har sørget for at både friidrett og orientering er store og brede idretter i Haugesund”
Ordfører Petter Steen jr.


Petter Steen jr.
”Idrett slik den drives i HIL er folkehelsefremmende. Samtidig er idrett forebyggende arbeid av beste sort. HIL sitt store arbeid for mennesker i alle aldre står også som et eksempel til etterfølgelse. Et idrettslag skal også inspirere dem som ikke når toppen, til å holde seg i form og ta vare på seg selv. Frivillig arbeid betyr engasjement. Glede over egen tilhørighet i klubben kan kombineres med gleden av å legge til rette for at andre får et tilbud. Haugesund Idrettslag har gjennom 100 år maktet å bli en folkebevegelse fordi mennesker har trivdes med å få være med å ta et tak.”