Halfdan Emil Færø hadde satsa spesielt på løpet laurdag og tok teten ut frå start, sidan berre auka han forspranget inn til mål. Mellom andre på biletet er frå venstre: Are Flekke (nr. 3), Gunnar Larssen (24), Lasse Nordal, Jan Kårbø (11), Bård Herland (39) og Per Gunnar Kleivdal (nr. 47).


Kjempeløp av Halfdan Emil Færø

Halfdan Emil Færø gjorde eit svært sterkt løp då han vann den 8. vinterkarusellen på Eikanger. Vinnartida 6.12 var berre to sekund bak løyperekorden.

Halfdan Emil satsa ut frå start og passerte 1 km, midt på gamlebrua over Eikangervågen, på 2.43. Den harde opninga straffa seg kanskje litt på slutten, men han heldt farten godt oppe inn mot mål. Om han hadde vorte pressa av andre løparar, hadde tida truleg vorte endå litt betre.

Vinnartida 6.12 er to sekund bak løyperekorden til Ketil Hodnekvam frå 2001, og same tida som Øystein Aamli noterte 19. februar i fjor. Tidlegare bestenotering for Halfdan Emil i karusellen var 6.31 frå 2011. Men i Osterfjordløpet i april 2009 noterte han som 18-åring 6.19 i same løypa, i eit løp der han hadde hard konkurranse.

I fjor hadde Halfdan Emil ein noko trøblete sesong som delvis vart øydelagt av sjukdom. For tida går treninga godt, og framgangen er tydeleg.  Det vert spennande å sjå korleis han kan hevda seg i terrengløpa i vår og i baneløpa når den sesongen startar.

Også Bertine Helene Færø viste solid form då ho vann kvinneklassen med 7.37, ei av dei beste tidene ho har oppnådd i karusellen. Ho var med det raskaste kvinne for 17. gong. Halfdan Emil gjekk til topps for niande gong.

Nest raksast i løpet laurdag var Morten Fossmark. 18-åringe deltok for første gong og noterte 7.01. Han vart tett følgd av endå yngre Lasse Nordal (f. 1997) som med 7.02 noterte nok ei ny personleg bestetid på Eikanger. Denne gongen forbetra han seg med fem sekund.

Grethe Jørgensen gjorde på ny eit sterkt løp med tida 8.31, berre sekundet etter bestetida frå førre løp.

Etter kraftig regnvêr tidlegare på dagen, vart det opphald og gode forhold då løpet gjekk. 45 personar stilte til start. Det er to løp att i årets karusellsesong, og det neste går alt laurdag 24. mars. Medan det siste vert etter påske (14. april).


Vinterkarusell 2011-12, 8. løp.

Eikanger 10. mars 2012
Arr.: Eikanger IL
Skya opphald, ca. 6° C.
Berr veg, gode forhold.


«Brua rundt», ca. 2 150 m

1. Halfdan Emil Færø 6.12
2. Morten Fossmark 7.01
3. Lasse Nordal 7.02
4. Bård Morten Herland 7.05
5. Bertine Helene Færø 7.37
6. Tore Klanderud 7.41
7. Arvid Hauge 8.18
8. Per Gunnar Kleivdal 8.29
9. Brynjar Nordanger 8.29
10. Grethe Jørgensen 8.31
11. Gunnar A. Larssen 8.39
12. Jan Kårbø 8.49
13. Frode Berven 8.54
14. Gunnar Hauge 9.04
15. Are Flekke 9.08
16. Sigmund Nævdal 9.14
17. Andreas Kallestad 9.22
18. Olai Nepstad 9.27
19. Bjarne Jørgensen 9.32
20. Trond Ramsland 9.33
21. Sverre Solberg 9.40
22. Terje Eidsnes 9.49
23. Håkon Rongved 10.04
24. Steffen Slethaug Johansen 10.22
25. Frode Eikeland 10.37
26. Rannveig Furelid 10.47
27. Kirsten Rongved 11.49
28. Henrik Slethaug Johansen 14.03

Utan tid:
Kirsten Eide, Kåre Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Jan S. Fyllingsnes,
Venke Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Arnfinn
Hellevang, Inge Leknes, Sverre Låstad, Malene Låstad Namdal, Sander Låstad Namdal,
Johannes Slethaug, Grethe Titland, Åge Toft

DELTAKARTAL: 45


Halfdan Emil Færø pressar seg inn mot mål, og med 6.12 i sluttid får han registert den nest beste tida i karusellen nokon gong.

 
Morten Fossmark (nr. 34) vart nummer to i løpet laurdag. Lasse Nordal (nr. 27) kom på tredjeplass, og veteranen Bård Herland (bakerst her) vart nummer fire.


Bertine Helene Færø noterte med 7.37 ei av dei beste tidene sine i karusellen, berre ho sjølv har sprunge raskare før. Bak henne kjem Tor Klanderud.

Takk til  Eikanger IL v Stanley Hauge for tekst og foto.