Tekst og foto Christian Prestegård

1730 deltakarar sette i dag ny deltakarekord i La Sportiva Skåla 1848m rett opp. Det var 675 i konkurranseklassa og 1055 i trimklassa.  Det var i år 1800 som starta. 1730 vart registrert i mål. Deltakar-rekorden frå i fjor var på 1520. Kondis ønskjer at alle arrangørar skal følgje eksempelet til Skåla Opp å oppgje kor mange deltakarar som faktisk FULLFØRTE og vart registrerte i mål !

Skåla Opp har kvart år sidan starten vore det største av motbakkefjelløpa i Noreg som har mål på ein fjelltopp og  er vorte sjølve symbolet og fyrtårnet for den nye nasjonale motbakkeløp-bølgja med den flottaste PR for fjord- og fjellandskapet på Vestlandet. 

Dobbeltsiger og kr 115.000 til Ekteparet Wyatt - Confortola
Det var flotte løpsforhold med omlag 17 grader ved starten på Tjugen i Loen (29 moh) i konkurranseklassane og omlag 10 grader ved mål på Skåla 1848 moh då Jonathan Wyatt, New Zealand , braut målsnøret på ny løyperekord 1.08.30 i den 8,2 km lange løypa med 1814 høgdemeter mellom start og mål (22% stigning) . Nr 2 John Sompol, Kenya som hang på Wyatt som ein klegg over halve løpet fekk det tungt på slutten og kom i mål på 1.10.41. Beste norske løpar vart Kristen Skjeldal, Bulken IL på 1.15.16.

I dameklassa  vann Antonella Confortola, Italia på tida 1.23.19 som er vel 3 min. bak løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre.  Anita kom i år på 3 pl. med tida 1.27.10. Beste norske løpar vart Heidi Weng, IL Bul på 1.26,59.

Antonella Confortola, som er kona til Jonathan Wyatt, bidrog til at ekteparet får med seg tilsaman kr. 115.000 i pengepremiar attende til Italia. 1 premien i løpet er på kr. 30.000 i tillegg får Jonathan kr. 55.000 for ny løyperekord.

Reportasjen er tysdag 17. aug. utvida til 60 foto. Foto som ikkje er påført fotograf er tekne av Christian Prestegård. For resultater sjå www.skaala.no 

640_Wyatt_FotoChristianPrestegaard

Jonathan Wyatt,  New Zealand,  kjente og høyrte pusten til John Sompol over halve løpet. Her har dei passert 700 moh like ovanfor brua ved Sjingla. 

Sjå også fleire artiklar på :  www.bt.no "Slo rekord med supersekk" , "Løper Skåla Opp med stein i sekken",  og www.dn.no/dnaktiv "Rekordløp i Skåla Opp" , "Til Topps på Skåla uten trening" og ikkje minst i motbakkeløpavisa www.firda.no 

640_AntonellaConfortola_fotoChrPrestegaard

Antonella Confortola, Italia, tok tidleg kommandoen i løpet. Her ved 700 moh hadde ho allereie opparbeida seg eit forsprang på over eit minutt.

640_AntonellaogJonathan_fotoAnne_Jenny_Dvergsdal

Dobbeltsiger og kr. 115.000 til Ekteparet Wyatt-Confortola. Bildet vart teke ved Tjugensætra på tur ned frå Skåla. Nedturen var også ein OPPTUR!  Foto Anne Jenny Dvergsdal

640_Schneider_FotoChrPrestegaard

David Schneider, Sveits, vart nr 3 i år som i fjor. Anders Kleist , Sverige som her ligg 5 sek bak kom til topps som  nr. 4 på tida 1.13.33 , 43 sek etter David

640_Weng_Buer_Nevin_FotoChrPrestegaard

Heidi Weng ( nr. 2 ), May Britt Buer ( nr. 4 ) og Anne Nevin ( nr. 5)

640_Anita_fotoChrPrestegaard

Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL,  ved passering 700 moh.  Her har ho 4 norske damer framfor seg etter ein tung start på løpet. I mål vart Anita totalt nr. 3 og Heidi Weng, Il Bul / Team Synnfjell  vart beste norske dame på 2. pl.

640_SindreHoff_tauar3_FotoChrPrestegaard

Sindre Hoff; Gloppen, tauar på 3 løparar. Sjå neste foto.

640_Sindre_Kristen_Oddbjorn_Morten_fotoChrP

"Haren" Sindre Hoff, tauar på Kristen Skjeldal ( nr. 5 på 1.15.16) , Odd-Bjørn Hjelmeset ( nr. 8 på 1.17.55 ) og Morten Eilifsen ( nr. 6 på 1.16.52). Sindre vart nr. 11 på 1.19.42. Dette fotoet viser også kvifor eg ikkje gjekk høgare som fotograf enn 700 moh. Ovanfor 850 moh låg tåka tjukk.

 

640_Dagens_blinkskudd_RobertNess_fotoCP

Robert Næss, Bønes i kl. 45-49, er dagens blinkskudd ! Robert snubla rett framfor meg, men datt ikkje ! Stor balansekunst på OPPTUR ! Robert kom til topps på tida 1.52,14.

640_MurrayStrain_HMG_fotoCP

Murray Strain, Hunter Bog Trotters, åpna sterkt, men i mål var han 6 min bak Hans Martin Gjedrem, Valldal IL og la Sportiva Toppteam.  Murray vart nr 16 totalt på 1.23.36, medan Hans Martin vart nr. 7 på 1.17.34

640_HansMartinGjedrem_FotoAJD

Hans Martin Gjedrem, Valldal Il og La Sportiva Toppteam, han endelg nyte utsynet  mot Loen frå omlag 950 moh då skyene trakk seg lenger oppover då løparane var på nedtur. Nedturen vart ein OPPTUR ! Foto Anne Jenny Dvergsdal

 

640_Skjeldal_Schneider_FotoAJD

Kristen Skjeldal, Bulken IL vart beste nordmann på 5. plass med tida 1.15.16. Imponerande av 42 åringen frå Voss. Opp til David Schneider, Sveits på 2, plass var det 2 min, og 26 sek.

640_JannOlav_fotoCP

Jann Olav Tjønneland, Viksdalen, vart nr. 3 i kl. 35-39 og nr. 13 totalt på tida 1.22.08

640_Samerekkefolgeimaal_FotoChrP

Dei 4 fyrste i dette feltet hadde same rekkefølge i mål. Lars Erik Skjervheim,  (341) , 1.22.59, Hallvard Nilsen 1.24.00, Mats Mjøs Andersen, 1.24,19 og Roger Nevland 1.25,59.

640_TomErikHalvorsen_Nylund_FotoCP

Tom Erik Halvorsen, Gti , og Sven Nylund, Molde Olymp. Sven  som her ligg bak Tom Erik, hadde ei sterk avslutning på løpet og kom i mål som nr. 10 totalt på 1.18,59. Tom Erik fekk tida 1.24,24.

640_Nevland_Een_Berland

Roger Nevland , Gjesdal IL (309), Arild Een , Varegg IL og Asbjørn Berland, Samnanger. I mål var rekkefølga snudd opp ned med Asbjørn som den raskaste

640_Merete_FotoChrPrestegaard

Merete Helgheim, Gloppen vart nr. 6 totalt på 1.30.52

640_Karoline_FotoChrPrestegård

Karoline Bjerkeli Grøvdal, SK Vidar, åpna strekt som nr. 2 av dei norske damene ved passering 700 moh. I mål vart ho totalt nr. 7 med 5 norske damer framfor seg.

640_Gianfranco_Baldaccini_FotoChrPr

Gianfranco Baldaccini, Gs Orobie , ITALIA, vann kl. 50-54 år på tida 1.28.27

640_TommyHagaogMundal_FotoChrPrestegaard

Tommy Haga, Sandnes IL (211) vart nr. 2 i kl. 18-19 år på tida 1.23,49. Bak kjem den meir enn dobbelt så gamle Kjell Erling Mundal, Jølster IL som vann kl. 45-49 år på 1.25,30..og sjå neste foto-illustrasjon av gledene ved å vere på OPPTUR !

640_Mundal_FotoChrPrestegaard

Ein av dei aller største motbakkeløp-entusiastane i Noreg, Kjell Erling Mundal, Jølster illustrerer begeistringa i og for den store motbakkeløp-festen i Loen. I fjor vann Mundal kl. 45-49 på 1.25.10 . I år vart vinnartida hans 1.25.30..Sjå forrige bilde for "heilfigur".

640_Trefall_Erdal_Langrekke_fotoChrP

Lang lang rekke til topps. I midten startnr. 209 Ole Martin Erdal, Førde IL og Ntg Geilo. Erdal vart nr. 2 i kl. 18-19 på tida 1.28,02. Bak Erdal kjem Einar Trefall (204), Eksingedalen-Modalen IF. Trefall vann La Sportiva Dobbel Opptur-prisen til beste løpar samanlagt i yngste klasse 15-17 år for Buff Fanaråken Opp 7. august og La Sportiva Skåla 1848m rett opp. Han fekk med seg ei utstyrspakke til kr. 2.500 frå hovudsponsor Atello ( La Sportiva, BUff, Bridgedale....). Anita Håkenstad Evertsen som me ser bak Einar fekk med seg tilsvarande utstyrspakke til kr. 5.000 som beste dame samanlagt i tillegg til kr. 10.000 for siger i Fanaråken Opp og kr. 7.000 for 3. plass. David Schneider som hadde same plasseringane som Anita i begge løpa fekk med seg same premiepakke heim til Sveits.

640_Taugbol202_Soltvedt_fotoChrPrestegaard

Håvard Solås Taugbøl, Lillehammer Skiklubb ( 202) vart nr. 1 i kl. 15-17 på tida 1.27,34. Ole-Petter Soltvedt, Kalandseid vart nr. 2 i kl. 45-49 på 1.30.10

 

640_Tuva_fotoChrPrestegaard

Tuva Toftdal, Strindheim, vart nr. 8 totalt, på 1.31.45. Ho vart nr. 2 i KL. 20-22 år 38 sek bak Karoline Bjerkeli Grøvdal . I fjor kom Tuva i mål på tida 1.31,42.

640_571_251_303Monsrud_fotoChrPr

571 Ole Johnny Vallestad ( 1.32,41),  215 Marius Øyre Vedvik ( 1.29,20) og 303 Per Erik Monsrud ( 1.34,53)

640_JarleFlo_FotoChrPr

Jarle Flo var tidlegare fotballspelar på Sogndal . No er han ein av dei aller raskaste i si klasse ( 40-44 år) i motbakkeløp og kom til topps på tida 1.31,37

640_MayBenteWeng154_FotoChrPr

May Bente Weng, Bul / Team Synnfjell  (154) ,i midten på fotoet, vann kl. 45-49 på 1.35.00. Framfor seg har ho 472 Jan Petter Eide, Tormod Skilag ( 1.36,52) og 196 Henrik Kjærnsli, Lillehammer Skiklubb ( 1.34,08).

640_ArveRindal_fotoChrPr

Arve Rindal, Eid IL ( 1.23,12)

640_red_ThereseSjursen_FotoChr

Therese Sjursen, BFG Fana, vart nr. 3 i kl. 23-34 og nr. 11 totalt av damene med sluttida 1.37,03

640_Norunn_FotoChrPr

Norunn Stavø, Florø TIF, vart nr. 1 i kl. 50-54 og nr. 12 totalt av alle damene med tida 1.37,51

640_AnnaMagretheTraave_fotoChrPr

Anna Magrethe Tråve, vann kl. 55-59 år på¨tida 1.39,15. Tråve som representerer SK Vidar har flytta attende til heimstaden i Lærdal og verkeleg vorte hekta på motbakkeløping.

640_CamilllaGrieg_fotoChrPrestegaard

Camilla Grieg, Grieg Team, har delteke i Skåla Opp i 7 av dei 9 åra løpet har vore arrangert. Dei siste åre også som sponsor. I år vart Camilla nr. 3 i kl. 45-49 år på¨tida 1.45,24

640_JohnA_FotoChrPr

Bergen er sterkt representert både totalt sett og på toppen av resultatlistene i La Sportiva Skåla 1848m rett opp. Her er John A. Andersen, Varegg IL på OPPTUR mot 1. plass i si klasse 60-64 år på sluttida 1.33.10

640_AudunSkogen557_714_361_FotoChrPr

Audun Skogen , Hakallestranda Kondisjonslag (557), kom til topps på 1.36,59.  Magnar Solheim, Norddalsfjord (714) fekk tida 1.36,04 og 361 Ivan Vaule, Sandnes Sykkelklubb fekk sluttida 1.40,22

640_OleK_start_FotoCP

Det er på tide å "bryte opp" foto-presentasjonen av alle løparane frå mitt fotopunkt 700-750 moh med eit tilbakeblikk på korleis det såg ut ved start ein time før konkurranseklassane starta. Alle deltakarane fekk med seg Kvikk-lunsj, ei flaske Powerade og Imsdal til å ha i sekken. Hovudsponsor Ole Krekling ( Atello AS som m.a. har produkta La Sportiva, Buff og Bridgedale..) ser opp mot det tunge skydekket som hadde lagt seg ned til omlag 800 moh. Eg hadde sjølv teke avgjerda om ikkje å gå lenger opp enn til 750 moh for å halde meg nedanfor tåka/ skydekket.  Det var ein lur avgjerd også pga. min skadde fot. Ole var spent på korleis La Sportiva skoa ville "hevde seg" i konkurransen. I dameklassa var det La Sportiva-sko på 1. og 3.plass ( Antonella og Anita ) medan Morten Eilifsen og Hans Martin Gjedrem frå La Sportiva Toppteam kom på 6. og 7 pl. i herreklassa.

640_Oppvarming_fotoChrPr

Ein time før starten i konkurranseklassane med nesten 700 deltakarar, kunne "alle" sjå at det måtte bli ein solid deltakarrekord . Aldri tidlegare har det vore så mange bilar ved starten på Tjugen. Då eg gjekk oppover fekk eg vite at over 1000 trimmarar var på veg til topps. Fasiten vart 1055 i trimklassa. Dei fyrste starta kl. 07.00 og det var valgfri starttid i trim fram til kl. 09.00 då dette fotoet vart teke. På veg opp traff eg Therese Sjursen, Bfg Fana som var i gong med oppvarminga.

640_MagneOyra_fotoChrPr

73-åringen Magne Øyra, Eid IL hadde i år 4 konkurrentar i Kl. 70-74 år, men ingen kunne true hans tredje strake siger i 70-års klassa. I år brukte Magne 2.05,14. For to år sidan var han heile 10 min. raskare..

640_LinWaehleogRuneForsberg_fotoChrPr

Lin Wæhle , La Nucia, Spania smiler på veg til topps under 2 timar, Sluttida vart 1.58,45. Rune Rosberg, Klp (550) fekk ei sluttid som er lett å hugse 2.02,02.

640_Kusslid_Sjurgard_fotoChrPr

Brødrene Kjell Olav ( 291) og Jon Inge Kusslid (290), Førde har vore med sidan starten på motbakkeløpbølgja i Skåla Opp og Fanaråken Opp (2003) . I år kom dei til topps på 1.38,21 og 1.39,14. Bak kjem Jon Sjurgard, Lom, som blir nr. 2 i kl. 55-59 på 1.32,32

640_Magnus_JohanogEinarFeroe_fotoChrPr

Magnus-Johan Færø (186)  og Einar Færø ( 683) begge frå Eikanger IL kom til topps på 1.39,14 og 1,39,46. Er dette far og son ? Magnus-Johan er i klasse 15-17 medan Einar er i klasse 50-54 år.  Det var ialle fall topp stemning då dei passerte meg etter å ha unnagjort 700 høgdemeter.

640_NancySommer_581_261_fotoChrPr

Nancy Sommer, Varegg vart nr. 3 i kl. 40-44 år på tida 1.48,42.  Startnr. 581 er Svein Ove Alisøy, Førde og bak Nancy er 261 Jonas Grov, Telenor.

640_519ThorJacobLarsen_fotoChrPr

519, Thor -Jacob Larsen, Harald Mowinkel AS Ltd. 522 er Bjarne Ludvigsen , Melkesyre.no ! og 553 er Vidar Femdal Røe frå Hakallestranda Kondisjonsklubb .

640_Myrbostad_Leroy_FotoChrPr

Ole Kristian Myrbostad, Molde ( 307 ) og Knut Hallvard Lerøy, Lerøy Seafood ( 520 ). merk også startnummer 305 bak Lerøy som er Brian Mullins frå Irland. Han representerer IMRA - Irish Mountain Running Association

640_StianPettersen_Leroy_FotoChr

Stian Pettersen, Lerøy Seafood, ser resultatet av Skålastiprosjektet.

640_Christine84ogLivRagnhilf117_FotoChrPr[1]

TOPPTUR ! OPPTUR i særklasse !..Det var ikkje berre i trimklassa deltakarane smilte og hadde det gøy på opptur. Christine Backe Staib. Nesbru (84) og Liv Ragnhild Steen, Steens Hotell ( 117) deltok i konkurranseklassa.

640_36_Petra_og 87_Anita_FotoChr

Petra Jacoby, SK Rye (36) og Anita Sørheim , Ålesund ( 87)

640_AsgeirForde_BenteMorvik_fotoChrP

Asgeir Førde, Safari og Bente Morvik

640_HanneToftdalogTeamMotbakke_fotoChrPr

Hanne Toftdal, Heming (164) og Hans Sandbakk, Team Motbakke ! (708)

640_PerArildTysse_FotoChrPr

Per Arild Tysse, Bulandet IL

640_PaulOveStromme_fotoChrPr

Paul Ove Strømme, Strømme ( 718 ).

640_MarianneErdal_FotoChrPr

Marianne Erdal, Gular IL . Nr. 513 er Tom Erik Jensen, Det Norske Veritas.

640_OddbjorgLid_FotoChrPr

Oddbjørg Lid, SK Rye / Kondis. 661 er Martin Vangdal, Team Småkraft

640a_KaareOlavKusslidogSolvang715_fotoChrPr

Kåre Olav Kusslid, Førde IL, Jon Arne Solvang, Eikefjord IL (715) og Erlend Storvik, Bønes IL (201)

640a_380_514_771_fotoChrPr

Leif Jarle Espedal, Svint (380),  Frode Johansen, BFG Fana ( 514) og Leif Molland . AKS 77 ( 771)

640a_OlaFrislid384_FotoChrPr

Ola Frislid, Heggjabygda (384), Reidar Jarle Torheim , Eid IL (760) og Tor Bjarne Repstad, Søgne IL (754)

640a_665GeirArneVikne_KLP_FotoChrPr

Geir Arne Vikne, KLP (665)

640_Sompol_nedtur_FotoAJD

Nedtur , men like blid . Foto Anne Jenny Dvergsdal.       John Sompol, Kenya vann Skåla Opp i fjor.  Då slo han verdas beste motbakkeløpar dei siste 10 åra , Jonathan Wyatt, New Zealand. I år vart rollane bytta om, men det vart ein tøff duell mellom dei to til det var att berre ein kilometer av løypa. Sompol hang på Wyatt som ein klegg . Sjå fotoet nedanfor og i starten av reportasjen.

640_Sombolhangpaa_FotoChrPr
640_EivindSkjerven_fotoChrPr

Eivind Skjerven, Oppstryn , var ein av dei 3 eldste deltakarane i konkurranseklassa med sine 73 år, og er like blid for det ! Her er han på heimebane i heimkommunen Stryn og skal få gleda av å avrunde denne bildereportasjen av deltakane med si begeistring. Det er mange som gler seg stort til 13. august 2011. Då er det 10-års jubileum for det største motbakke-fjelløpet i Noreg som har mål på ein fjelltopp: La Sportiva Skåla 1848m rett opp.

Sjå også bilde-reportasjen frå Skålastiprosjektet som eg la ut på Kondis.no 11. august. Meir info finn du på www.skaala.no

 

640_Grillparty2010_FotoStigRogerEide

Dette fotoet vart teke av Stig Roger Eide, Firda, som heldt fram jobben som OPPTUR -journalist /fotograf også på festen då Kondis.no "skrudde av" kameraet.  Etter løpet og premieutdelinga var det grillparty med 800 deltakarar i hagen utanfor Hotel Alexandra. Men feiringa var ikkje slutt med det, den held fram i Alexandra Dancing til langt på natt. La Sportiva Skåla 1848m rett opp er eit komplett idretts-sosialt arrangement . For mange starta Skåla-Opp-helga med Alexandra Bad & Spa  og Skåla Opp Kick-off på fredag og vart avslutta med Alexandra Bad og Spa på søndag etter å ha feira rekordOPPTUREN med 1730 deltakarar på toppen av Skåla. Frå Grillpartyet i hagen vart det etter kvart god sikt opp mot Skåla 1848 moh oppe til høgre på fotoet. Til neste års 10 års-jubileum, 13. august, er det bestilt sol frå skyfri himmel..og då blir det nok minst 2000 som kan feire 10-årsdagen for Skåla 1848m rett opp med eit storslagent utsyn og vidsyn frå toppen...