
Til glede for over 1500 i Skåla Opp
Tekst og foto Christian Prestegård
Ingressbildet, som du også kan sjå i større format nedanfor, viser dugnadsgjengen som var på veg ned frå dugnadsarbeidet på 1700 moh . Eg fekk foreviga dei på toppen av dei gamle steintrappene ved Skaret 1450 moh. Frå venstre mot høgre Asle Loen, Erik Brendefur (Løpsleiar for Skåla 1848m rett opp), Rune Holen, Jan Heggheim og Arild Bødal.
Profilen på Skålastien, som vart laga i 2002 er den same i dag, men stien er dei siste 3 åra oppgradert/utbetra frå Sjingla 660 moh og opp til omlag 1700 moh ovanfor flatbreen. Bildene i denne bildeserien er frå 1750 moh og ned til 660 moh. Dei fyrste bildene viser dugnadsgjengen som deltok på dugnaden ovanfor flatbreen den 31. juli 2010.
Dei som deltok i Skåla Opp i fjor vil oppleve store utbedringar. Skålestiprosjektet er satt i gang for ta vare på naturen, men den gir og ei raskare løype for dei over 1500 som skal til topps laurdag i Skåla 1848 m rett opp.
Sjå meir info om Skålastiprosjektet på www.skaala.no

31. juli 2010 la dugnadsgjengen ny sti med nye trapper omlag 60-70 meter mellom dei to vardane på bildet der de ser nokon av dei fyrste turgåarane som fekk gleda av dei nye trappene

Dei nye trappene som vart lagd den 31. juli i år går opp til dei gamle steintrappene og den stien som vart steinlagd for over 110 år sidan. Sjå neste foto. Alle som har vore på Skåla hugsar denne steinen der det står 15-20 min til topps.

Den gamle steinlagde stien det siste stykket opp mot Skålatårnet. Her ved omlag 1775 moh. Ein spektakulær sti opp gjennom ura ! Sjå også neste foto.

For meg finst det neppe flottare sti og utsyn enn akkurat her ! Her kan eg springe så fort eg kan oppover utan å snuble, men det gjer eg altfor ofte der det er ulendt terreng . Også den 31. juli på nedturen ramla eg der Skålastiprosjektet enno ikkje har nådd fram og vart skada for resten av sesongen. Men eg ramlar aldri på OPPTUR, kun på NEDTUR i utforbakke ! Du verda som eg gler meg til den dagen når Skålastiprosjektet er fullført. Fram til då. Ta det med ro på nedturen og nyt UTSYNET , då blir også nedturen ein OPPTUR ! Dette fotoet er frå omlag 1800 moh og viser den flotte stien som vart laga på dugnad på 1890-talet !

Det historiske og mest publiserte foto frå Skåla 1848m rett opp som vart teke av Anne Jenny Dvergsdal i 2005 då Anita Håkenstad Eversten og Kristin Størmer Steira duellerte heilt til topps om historiens fyrste NM-gull i motbakkeløp i 2005. Her er dei på den gamle steinlagde stien like før passering 1800 moh.

Flott ny sti ned mot Skålavatnet 1150 moh. For meg er det i dette partiet av løypa at eg fekk den største vinsten tidsmessig. På 700 meter opp frå Skålavatnet spring eg 2 min raskare i den nye stien enn i den gamle "ura".

Arbeidet i sommar pågår i hovudsak nedanfor Skålavatnet . Her frå omlag 1050 moh med utsyn ned mot arbeidsbrakkene og Loen 1050 høgdemeter nedanfor

Det er frakta mykje stein med Helikopter frå andre områder slik at det sårbare området opp til Skåla blir skåna for ytterlegare inngrep.

Etter mange år med slitasje frå ferdsel og naturlege prosessar har stien og terrenget rundt vorte slite ikkje minst i dette området der turgåarane no kan gleda seg over den flotte steinlagde stien. Det er den omfattande slitasjen og den enorme populariteteten som Skålastien har som er hovudgrunnen til Skålastiprosjektet. I fjor gjekk over 10.000 opp til Skålatårnet. Dette er ei mangedobling på få år !