Annie Bersagel kunne smile blidt etter å ha vunni Førde Opp på ny løyperekord. (Foto: Stig Roger Eide)
Annie Bersagel kunne smile blidt etter å ha vunni Førde Opp på ny løyperekord. (Foto: Stig Roger Eide)

Annie Bersagel og Torstein Tengsareid vann Førde Opp

Annie Bersagel sette ny løyperekord da ho vann motbakkeløpet Førde Opp 27. august. Torstein Tengsareid slo mannen som har løyperekorden i herreklassen, Johan Bugge, nokså klart.

Publisert Sist oppdatert

Med sine 3,9 km og 704 høgdemeter er Førde Opp eit av dei heller bratte motbakkeløpa. I år vart løpet arrangert for femte gong, og til saman var 1432 med i konkurranse- eller trimklassen. Det var ein nedgang frå 1697 i fjor, men gledeleg var det at talet på skuleelevar auka. I år fullførte heile 665 elevar frå første- til tiandeklasse.

Målgangen på toppen vart vist på storskjerm ved Førde Rådhus, og ifølgje arrangøren var det minst 1000 menneske som hadde møtt opp ved Rådhuset og som heia på løparane da dei passerte der i starten, før dei tok fatt på stigninga.

I kvinneklassa sette Annie Bershagel frå Tjalve ny løyperekord med tida 30.18. Den gamle var på 31.16 og vart sett av Eli Anne Dvergsdal i fjor. No sprang Dvergsdal på 32.41 og kom på tredjeplass. Toar vart Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre som brukte 32.29.

Annie Bersagel har i både år og ifjor sliti med eit vondt kne, og det gjer at ho ikkje får sprungi så mykje som ho ønskjer.

- Det går stort sett greit for henne å springe oppover, men det er ei utfordring for henne å komma seg ned igjen når ho deltek i motbakkeløp, fortel husbond Øyvind Heiberg Sundby til Kondis.

- Etter Skåla Opp, var kneet vondt ei uke etterpå. No i Førde var det heldigvis råd for henne å få transport ned, så no gjekk det heldigvis mykje betre med kneet. Sjølv om ho må trene mykje alternativt, så er kondisjonen hennar veldig god for tida, fortel ektemannen som sjølv er ein sterk motbakkeløpar, men som i år har satsa mest på sykling.

Herreklassen vart vunnen av Torstein Tengsareid på 25.55. Egersunds-løparan er utteken til VM, og tida hans i Førde Opp var 50 sekund bak løyperekorden til Johan Bugge. Den sette Bugge i fjor da han var i veldig god form og mellom anna tok EM-gull i motbakkeløp. Bugge har i år fått sesongen delvis spolert av skade, men vart no nummer to på 26.19. Tredjemann vart Sindre Hoff, Viksdalen IL på 29.32.

Førde Opp har i løpet av 5 år etablert seg både som ein idrettskonkurranse med god deltaking både i breidde og topp. Samstundes er det ein folkefest i sentrum som sunnfjordingane set pris på, og i løpet av dagen reknar ein med at det er fleire tusen publikummarar som er innom for å sjå på løparane, artistane på scena eller for å kjøpe seg middag på Førde Opp kafé.

Torstein_Tengsareid_Foto_Stig_Roger_Eide.jpg

Torstein Tengsareid viste god form framføre VM motbakkeløp da han vann Førde Opp med god margin. (Foto: Stig Roger Eide)

Kvinner
1Annie Bersagel IK Tjalve 30:18
2Anita Håkenstad Evertsen Øystre Slidre32:29
3Eli Anne Dvergsdal IL Gular32:41
4Merete Helgheim Gloppen friidrettslag 34:55
5Bodil Ryste Gaular IL 37:28
6Norunn Stavø Flora TIF 38:24
7Ane Brekke Førde IL 39:42
8Ingrid Lefdal Førde 40:16
9Wenche Molland AKS 77 40:27
10Anne Therese Kusslid Førde IL 40:31
Menn
1Torstein Tangsareid Egersunds IK 25:55
2Johan Bugge Eidsvåg Il 26:19
3Sindre Hoff Viksdalen IL 29:32
4Roger Øye Pollen Førde IL Langrenn 30:45
5Sverre Nesdal Aske Fjellhug Vereide 31:03
6Ingvar Skaar Lavik IL / Statoil BIL 31:04
7Odd Rognebakke Opp med Dampen 31:53
8Per Eivind Gurvin Førde IL 32:17
9Gisle Skjølberg Bremanger Idrettslag 33:08
10Magnar Solheim Norddalsfjord IL 33:24

Alle resultat

Skuleelevar.jpg


665 skoleelevar frå første til tiande trinn deltok i årets Førde Opp. Det var rekordmange, og elevane er med på å prege Førde Opp på ein positiv måte. (Foto: Førde Opp / Bit & Byte)

Raadhusfest.jpg

Det var folkefest ved Førde Rådhus der løypa gjekk forbi og der målpasseringa på toppen vart overført på storskjerm. (Foto: Ivar Høyvik, Findriv)

Powered by Labrador CMS