Naudbluss mot langrennsleiinga
Det er fredag ettermiddag på Kondis-kontoret på Ullevaal stadion. Vanlegvis er det ei fredeleg tid, men for eit par timar sia gjekk brannalarmen, slik den gjerne gjer omtrent tredjekvar månad. Sikkert falsk slik den er ca. 19 av 20 gonger, tenkte eg, medan eg lydig gjekk ned trappa og ut i sola.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5–2026.
Ute lukta det verken røyk eller svovel, men det tok lengre tid enn normalt før vi slapp inn att. Da eg logga meg på PC-en, fekk eg svaret på korfor alarmen hadde gått:
«Bråk utenfor Ullevaal. Aksjonister slo til mot Norges Skiforbund: ’Langrennsmafia’», var overskrifta i Dagbladet.
NRK sin versjon var ikkje stort dårlegare: «Demonstranter utløste brannalarmen på Ullevaal: Kaller toppene ‘mafia’ og ‘diktatur’»
Plakaten dei to demonstrantane hadde hengt opp inneheldt slagorda «Nei er nei!», «Langrennsmafia» og «Tvangslandslaget». Det som utløyste alarmen, var røykbluss demonstrantane hadde tent på. Dermed fekk dei ekstra merksemd sjølv om ikkje brannalarm med tilhøyrande evakuering var tilsikta.
Initiativtakar til demonstrasjonen var Eirik Stubdal Røer som i 20 år har vori ei eldsjel i norsk langrenn som både smørar, leiar og som tilsett i Skiforbundet.
– Nå demonstrerer jeg mot det som jeg mener er gått galt i norsk idrett, uttala han til NRK.
Og Røer si hovudinnvending mot Skiforbundet var at dei har tvungi fleire utøvarar som helst ville haldi fram på sitt private lag, inn på landslaget. Riset bak spegelen var at dersom dei ikkje skifta over til landslaget, så ville dei ikkje få gå verdscup og VM.
Det er ei form for maktbruk som det er lett å mislike. Oppgåva til Skiforbundet burde vera å gjera landslaget så attraktivt at det blir eit naturleg førsteval for utøvarane. Og skulle nokon likevel ønske å trene med klubben eller i eit privatlag, så burde det uansett vera dei som var best sportsleg kvalifisert, som fekk gå verdscup- og VM-renn.
Dagen før brannalarmen gjekk på Ullevål stadion, fortalde svenske Jonna Sundling at ho etter tolv år som landslagsutøvar tenkjer å trene utanfor landslaget i sommar. Og det skjer utan at ho blir forsøkt tvinga inn i folden av det svenske skiforbundet.
Karoline Simpson Larsen som slo gjennom på internasjonalt nivå i fjor, er ei av dei som no opplevde at ho vart pressa inn på det norske landslaget. NTB har sitert henne slik:
«Det blir landslaget på meg neste år. Kommunikasjonen mellom meg og Skiforbundet har vore bra, men eg fekk ikkje høve til å stå utanfor landslaget, så dei tvingar meg på ein måte inn.»
«Tvang til tro er dåres tale», lærte eg via ei salme som vart sungen i oppveksten. Omtrent samstundes las eg fabelen om vinden og sola som krangla om kven som var sterkast.
Sola vann over vinden. Gulrot fungerer som oftast betre enn pisk.
Samstundes skal ein ikkje rope «ulv ulv» i utide, enten det handlar om brannalarm på Ullevaal stadion eller stoda for norsk skisport.
Karolinene – og Astrid Øyre Slind – klarer seg sikkert bra òg som landslagsløparar, og vonleg vil ingen brenne inne den dagen det er alt anna enn ein heller harmlaus skientusiast som får det til å ryke i Sognsvegen 75.