Kjersti Fresvik, IL Gular i storform!
Kjersti Fresvik er frå Røldal, men spring for IL Gular i Bergen. Og det gjer ho godt! Laurdag 11.7. vann ho motbakkecupløpet Hestanipen Opp i Vikedal i Nord-Rogaland. Der sette ho løyperekord. I Rullestadvatnet Rundt dagen etter hadde ho sjølv løyperekorden. Sjølv om løypa var vel 15 sekund lengre enn før, så forbetra ho løyperekorden kraftig. Ei særs dyktig og triveleg jente.

Intervju med Kjersti Fresvik

Kondis: Du vann motbakkecupløpet Hestanipen Opp og sette løyperekord på laurdag og Rullestadvatnet Rundt, der du sletta din eigen løyperekord. Fortel litt om det.

Kjersti: Det var kjekt å kjenna at formen ikkje var heilt borte etter ein litt rolig periode med småsjukdom no. Det er jo alltid veldig morosamt å ta sin eigen løyperekord. Ein får ein bekreftelse på at ein er i betre form enn sist gong, og det er noko formtryggande med det. 

Kondis: Du kjem frå idrettsbygda Røldal og spring no for IL Gular i Bergen. Kan du fortelja litt om oppveksten og miljøet i dag i IL Gular. Kven er trenaren din?

Kjersti: Eg har Arne Risa som trenar, og er veldig nøgd med det. Eg har som regel alltid hatt eit miljø å trena i og syns det er viktig. Dei eg trenar med no er ein veldig kjekk gjeng, som gjere treninga betre.

Kondis: Kor mykje og korleis  trenar du?

Kjersti: Eg trenar helst kvar dag, og ofte to gonger for dagen. Men kjenner eg at eg ikkje har lyst, som heldigvis ikkje er så ofte,  så lar eg vera. Eg trenar mykje til og frå jobb, som eg syns fungerer godt. Det er ein god kombinasjon av rolige- og harde økter, samt litt basis/styrke. 

Kondis: Kva syns du om løypa rundt Rullestadvatnet, og kva syns du om tilskiparane?

Kjersti: Eg syns det blir meir og meir krevjande for kvart år! Mykje mulig for at eg trenar mindre i terrenget enn kva eg gjorde heime i Røldal. Eg har ikkje den same flyten og steget som eg hadde før. Tidlegare likte eg best midtpartiet, men no har det gått over til at starten og slutten er best. Det er alltid veldig hyggelig å koma til Rullestad, dei som er der er alltid så imøtekommande og ein føler seg velkommen. 

Kondis: Du skal til hovud-NM i Haugesund? Kva skal du vera med på der? 
Har du andre løp før NM?

Kjersti:  Eg tenkjer å springa 5000 m, eller 10 000 m, er ikkje heilt sikker endå. Det blir nok kanskje eit banestevne eller gateløp før NM, må berre velja ut eit fyrst. 

Heimefavoritten Erik Rullestad vann igjen
Den lovande langdistanseløparen Erik Rullestad (trent av Susanne Wigene), har hatt ein skadeplaga forsesong. 100 % i form er han neppe, men i og med at det er ny løype, så får han registrert løyperekord 22.13. Dette er litt bak den rekorden han sette i fjor, men om lag på same nivå.

Erik er nr 2 av fire brør. Alle med løpstalent. Det Kondis sin representant gledde seg ekstra over, var eit lite "come back" av høgtflygande storebror Sondre med brukbare 25.13. Han er helikopterpilot.... 

Mini-intervju med Øystein Haldorsson som tok 2. plassen i Rullestadvatnet Rundt
Kondis: Korleis trenar du?

Øystein: Eg prøvar å trena allsidig. Trenar stort sett åleine, eller med far. Eg spring, går på rulleski og syklar litt. Prøver å få til ei treningsøkt kvar dag.

Kondis: Kva syns du om løypa rundt Rullestadvatnet, og kva syns du om arrangementet?

Øystein: Eg syntes løypa rundt Rullestadvatnet var bra. Den er passeleg kupert, og fin å springe. Arrangementet var godt gjennomført. Det var godt det var bra vær.

Kondis: Driv du med andre idrettar enn løping?

Øystein: Eg driv for det meste med langrenn. Det har eg gjort i mange år. Er med på nokre løp av og til.

Kondis: 2. plass og ikkje langt bak ein som er kvalifisert til NM. Korleis opplever du det?

Øystein: Eg opplever det som positivt. Det er kjekt å få til gode resultat. Erik Rullestad er ein god løpar, og det er kjekt å måla seg opp mot nokon som spring godt. 

Deltakar-rekord i løpsklassen 
Ei lita annonse i Hardanger Folkeblad og tilsvarande i Grannar som er lokalavis for Etne og Vindafjord kommunar. Likevel vart det rekord. 7 i barneløpet, 13 jenter og 15 gutar. 3 fleire enn i 2014. med gåarar vart det registrert 77 deltakarar. Det er langt fleire enn det er innbyggarar på Fjæra og Rullestad. 

1-IMG_2405.JPG
To vel nøgde sysken - både før og etter løpet.                                       Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2408.JPGAlle solide løp må ha sitt eige skilt                                                 Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2423.JPG
Kjersti Fresvik, IL Gular og Erik Rullestad, Haugesund IL. Løparar frå to storklubbar har løyperekordane rundt Rullestadvatnet,                                                                                              Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2442.JPGStarten er gått!                                                                           Foto: Sverre Johannes Rullestad/Kondis

1-IMG_2395.JPG
Heilt frå Målselv til Rullestadvatnet. Familien ferierte i Odda, og som ein sprek familie fann dei vegen til næraste idrettsarrangement.                                                                            Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2402.JPG
Ikkje berre to, men heile familien frå Målselv IL deltok.                                      Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2606.JPG
Fighting faces.                                                                            Foto: Sverre Johannes Rullestad/Kondis

1-IMG_2406.JPG
 Fornøgd deltakar i forgrunnen, og like godt nøgd reknar me med damevinnar Kjersti i bakgrunnen er.   

1-IMG_2626.JPG      
Mange trekkjepremiar - alltid kjekt å vinna.                               Foto: Sellevold/Kondis 

1-IMG_2632.JPG                  
Kjekt med trekkjepremie for liten og stor.                                   Foto: Sellevold/Kondis     

1-IMG_2627.JPG
Lucky boy!                                        Foto: Sellevold/Kondis

1-IMG_2562.JPG  
Også dei lokale jentene deltar i Rullestadvatnet Rundt. Foto: Kondis/Sverre Johannes Rullestad

1-IMG_2409.JPG
Og Kondis var der som vanleg.     Foto: Sellevold/Kondis
Og vinnarane fekk i tillegg til fine premiar frå Fjæra og Rullestad IL, kvar sitt abonnement på Kondis. 
 

Resultatliste «Rullestadvatnet rundt» 2015

NB! Startnummer står i parantes bak plasseringsnummer!

Totalt 77 deltakarar, og av dei var det 35 som var med i konkurranseklassen. Dette er ny rekord for dei som konkurrerer. Løypa i år var litt lenger enn tidlegare (og slik blir ho nok og framover), og det utgjer truleg mellom 15 og 30 sekund lengre løpstid.
 

Barn:

  1. (6)  Bård Medhus, Røldal                          26.48 (løyperekord)
  2. (27) Terjei Vestjord,                             31.14
  3. (25) Synne Rullestad, Ølen                        34.09
  4. (28) Eilert Vestjord,                             35.01
  5. (11) Emilie Bratvold,                             35.48
  6. (12) Sebastian Bratvold,                          38.10
  7. (5)  Oda Medhus, Røldal                           39.59


Damer:

  1. (8)  Kjersti Fresvik, Gular                       24.58 (løyperekord)
  2. (3)  Line Storhaug,                               27.16
  3. (9)  Kirsten Lien, Røldal                         28.26
  4. (33) Solveig Halldorsen, Korlevoll                30.29
  5. (18) Ingrid Fjæra, F.R.I.                         31.19
  6. (21) Maren Markhus, F.R.I.                        33.43
  7. (15) Anne Berit Apold,                            34.16
  8. (17) Signe Ellen Fjæra, F.R.I.                    34.44
  9. (22) Camilla Aasen Mæland,                        35.02
  10. (23) Eldbjørg Rullestad, Ølen                     35.43
  11. (20) Sølvi Markhus, F.R.I.                        38.11
  12. (7)  Gunvor S. Medhus, Røldal                     39.59
  13. (31)Marthe Frette,                                42.01


Menn:

  1. (13)  Erik Rullestad, Haugesund                   22.13 (løyperekord)
  2. (32)  Øystein Halldorsen, Korlevoll               22.55
  3. (4)   Kjetil Dyrvik, Voss                         22.57
  4. (29)  Mathias Vestjord,                           24.34
  5. (19)  Torleif Fjæra, F.R.I.                       24.57
  6. (14)  Sondre Rullestad, F.R.I.                    25.13
  7. (1)   Kjetil Sævareid, Etne                       25.16
  8. (2)   Bernt Jarle Storhaug, F.R.I.                25.51
  9. (34)  Haldor Halldorson, Korlevoll                26.12
  10. (26)  Daniel Opheim,                              28.12
  11. (16)  Odd Apold,                                  29.28
  12. (24)  Torbjørn Rullestad, Ølen                    34.32
  13. (30)  Jan Kristian Vestjord,                      42.01
  14. (35)  Lars Øyre, F.R.I.                           44.09
  15. (10)  Gisle Sellevold, Klypetussen                57.12

 

Turklassen:

Martin E. Håheim          Mathias E. Litlehamar         Tor Audun Rullestad
Sverre Johs. Rullestad    Peder Rullestad               Gro Siri Fjæra
Veline Fjæra              Maren Apold                   Arvid Svåsand
Marius Svåsand            Mathias Svåsand               Julie Svåsand
Malin Fjæra               Seline Fjæra                  Kjersti Markhus
Knut Harald Fjæra         Ingrid Stengårdsbakken        Marta Sveen
Hannes M. Lundal          Ole Vidar Melkeraaen          Laila Kvåle
Berit Ekkje               Kjell Lande                   Trygve Ringøy
Synne R. Fjæra            Ellen Lundal Fjæra            Eskil F. Ringøy
Sofie Digranes            Anne Grethe Rullestad         Anna Nordtveit
Anne Hansen               Anne Lise Sandsgård           Pia Rullestad
Henny Rullestad           Gjermund Rullestad            Jørgen Lundal
Ragnhild Silde            Solveig Lillian Lundal        Kai Butt
Steinar Frønsdal          Anne Marie Russøy             Øystein Russøy
    

Takk til Kyrping Kro og Bensinstasjon for lånet av det trådlause nettverket deira.