Tekst: Dag Einar Bøtun / Alle bileter: Bjarne Bjørkevoll


L¢ypevalg.jpgNytt av året var barnevognløp. Her var reglane enkle; born i vogna, og ingen grining i det ein passerte målstreken. Det var god stemning på stadion medan barnevognene fauk rundt løpebana. 

Etterpå var det klart for barneløp med over 45 born på startstreken. Og sist men ikkje minst, hovudløpet, som består av 4 ulike distansar, samt stafett (totalt 146 påmeldte).

Barenel¢p-start.jpgKvar runde er oppkalla etter Mensen Ernst sine 4 største løpsetappar. Her er det full fart fra start på Paris-Moskva 2500 km (1,5 km). 

Undervegs på arrangementet blei Friidrettsgruppa i IL Modig overraska med Folkehelseprisen for Sogn og Fjordane 2023. Til stades var Kristine Drake, som stod for utdelinga. "Prisen går til nokon som bidreg til gode nærmiljø, skapar aktivitet på tvers av generasjonar og som har hatt stor betydning for folkehelse og sosiale forhold i nærmiljøet",  fortel Drake. 

Prisutdeling.jpgKristine Drake fra Nasjonalforeningen for folkehelsen (i raudt) delte ut årets Folkehelsepris for Sogn og Fjordane til Friidrettsgruppa i IL Modig.

Mensen Ernst minneløp skal vera eit løp som fokusera på rørsleglede, personleg meistring og god stemning framfor løyperekordar og vinnartider, noko som var synleg under årets arrangement. Den mest populære distansen var i år Paris-Moskva (1,5km) som hadde over 70 påmeldte.

Tre glade damer.jpg​Oddbjørg Veum (fra venstre), Oddbjørg Stølsbotn og Marit Herbst viste kva Mensen Ernst minneløp fukusera på.

Fruktkurver.jpgDet blei delt ut flotte medaljar til alle som kryssa målstreken. Samt 10 fruktkorger til raskaste i kvar løype (8 stk), raskaste stafett-lag, samt siste deltakar i mål. Her er Seraphin Lima Kellerhals og Marie Stenshol (vinnar av Istanbul-Calcutta t/r 8300km (6,5km). 

Mens Ernst minneløp sine heimesider

Mensen Ernst Minneløp på Facebook

RESULTATER 

(OBS: Grunna mange påmeldte siste timen før start, er det noko kluss med både namn og tidtaking på EQ-timing pr 26.06. Dette skal bli retta opp så snart IL Modig får tid til dette.)