
Morten Gjendem og Kristine Dommersnes vann Djupadalten på sterke tider
Kristine Dommersnes og Morten Gjendem var raskast av dei 179 kvinnene og 463 mennene som sprang den 9,3 km lange Djupadalten i Haugesund sist laurdag. I tillegg fullførte 191 den 3,8 km lange Skeisdalten, medan eit ukjent tal unge fekk bryne seg på den 750 m lange Minidalten.
Løypa i Djupadalten har ein lang og delvis bratt stigning med tilsvarande nedoverbakke mot slutten. Det gjer at mange ikkje bruker så veldig mykje kortare tid enn på ein flat 10 kilometer. Dermed ikkje sagt at Kristine Dommersnes ville ha sprungi på 32.13 om ho hadde stilt i Hytteplanmila som gjekk same dag. Men det var ei sterk vinnartid i Djupadalten, og slik oppsummerte ho løpet i Strava-rapporten:
"Pers med 23 sek! Va èin del motvind. Følte eg hadde litt mer å gå på, satsa på sub 32 neste år👍🏼😎"
Kristine hadde god margin – 2.38 – bakover til Oslo Maraton-vinnar Helene Hope på andreplass. Linn Viksund vart nummer tre med 35.35, og på fjerde finn vi ein tidlegare EM-deltakar, Pernilla Epland som kom i mål på 35.39.

Både Kristine Dommersnes og Morten Gjendem var langt framme i feltet ut frå start. (Foto: arrangøren)

Pernilla Epland er ikkje i like god form som da ho ved eit par høve kvalifiserte seg til EM, men framleis er det driv i steget, og no vart ho nummer fire. (Foto: arrangøren)
Djupadalten 9,3 km kvinner | ||||
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Kristine Dommersnes | Haugesund Idrettslag | K25-29 | 0:32:13 |
2 | Helena Hope | Spirit Friidrettsklubb | K30-34 | 0:34:51 |
3 | Linn Viksund | PwC | K25-29 | 0:35:35 |
4 | Pernilla Epland | Stord IL | K30-34 | 0:35:39 |
5 | Marthe HANSSEN | Karmsund | K30-34 | 0:36:54 |
6 | Lucyna Filipek | Haugesund Idrettslag | K40-44 | 0:37:36 |
7 | Silje Torsvik | Spirit Friidrettsklubb | K30-34 | 0:37:43 |
8 | Anna Sofie Førre | Haugesund | K25-29 | 0:37:57 |
8 | Helene Haavik | Boost | K30-34 | 0:37:57 |
10 | Silje Vaule Milenkovic | Spirit Friidrettsklubb | K20-24 | 0:38:44 |
11 | Astrid Lothe | Hydro | K30-34 | 0:39:48 |
12 | Karen Haavik | Karmsund | K30-34 | 0:40:28 |
13 | Ingjerd Meling | Oslo | K35-39 | 0:40:55 |
14 | Ida Gabrielsen | Haugesund | K25-29 | 0:40:59 |
15 | Vivian Kyte | Stegaberg IL | K40-44 | 0:41:04 |
16 | Arnhild Øverland | Sauda IL | K35-39 | 0:41:43 |
17 | Vilde Lundin | BUL-Tromsø,Friidrett | K25-29 | 0:42:24 |
18 | Ingrid Langevei Mæland | Oslo | K25-29 | 0:42:56 |
19 | Christina Haug Osmundsen | Haugesund | K35-39 | 0:42:57 |
20 | Mari Strandenes Knutsen | Team få Holme i Form | K35-39 | 0:42:59 |
HIL-siger òg på herresida
I herreklassen vart det òg heimesiger – til Morten Gjendem som sprang på 29.31. I Strava-rapporten gav han mest kredit til berre 15 år gamle Elias Landøy Rasmussen som vart nummer tre med 30.25:
"Sololøp og 26 sek bak pers. Dagens prestasjon ble løpt av unge supertalentet Elias Rasmussen 🥉 med tiden 30:25 👏 imponerende! 3-Sjøersløpet neste 🙌"
Elias Landøy Rasmussen er son av dei to storløparane Bente Landøy og Karl Johan Rasmussen. Karl Johan har sjølv vunni Djupadalten tre gonger med 28.57 som best tid. Bente Landøy har på si side to sigrar med 32.11 som si raskaste tid. Løyperekordane i Djupadalten har Urige Buta og Susanne Wigene med 27.36 og 31.39.
Årets vinnar, Morten Gjendem, har 30.31,9 som pers på 10000 m, så med andre ord var han akkurat minuttet framføre den no, i den 700 meter kortare, men atskilleg meir kuperte løypa. Ifølgje Strava har Djupadalt-løypa ca. 125 høgdemeter stigning og fall.
Mellom vinnar Morten og unge Elias på tredjeplass kom Einar Kalland-Olsen som sprang på 29.48.

Einar Kalland-Olsen sprang inn til andreplass, 17 sekund bak vinnar Morten Gjendem. (Foto: arrangøren)

Berre 15 år gamle Elias Landøy Rasmussen sprang inn til tredjeplass. (Foto: arrangøren)
Djupadalten 9,3 km menn | ||||
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Morten Gjendem | Haugesund Idrettslag | M30-34 | 0:29:31 |
2 | Einar Kalland-Olsen | Aker Solutions | M30-34 | 0:29:48 |
3 | Elias Landøy Rasmussen | Haugesund Idrettslag | M15-16 | 0:30:25 |
4 | Thomas Mæland | Haugesund Idrettslag | M35-39 | 0:30:51 |
5 | Arvid Godtfredsen | Haugesund | M35-39 | 0:31:32 |
6 | Espen Hermans | Sogndal IL | M35-39 | 0:31:39 |
7 | Kristoffer Nordhus | Haugesund Idrettslag | M25-29 | 0:31:57 |
8 | Luke Arthur John Cambridge | Haugesund Idrettslag / Achievers MST | M35-39 | 0:32:14 |
9 | Stian Benjamin Bråten Johannessen | Bagn IL | M25-29 | 0:32:21 |
10 | Henrik Lindtner | Haugesund | M30-34 | 0:32:57 |
11 | Håkon Kolstø | Haugesund Idrettslag | M30-34 | 0:33:04 |
11 | Stian Vestbø | Haugesund | M40-44 | 0:33:04 |
13 | Espen Helgeland | Kortlaget | M35-39 | 0:33:13 |
14 | Eirik Renna Eilertsen | Stegaberg IL | M25-29 | 0:33:16 |
15 | Eivind Vikingstad | Haugesund IL | M13-14 | 0:33:18 |
16 | Eirik Støle | Haugesund | M35-39 | 0:33:56 |
17 | Petter Natås | Töde Sport | M30-34 | 0:34:25 |
18 | Endre Snørteland | Haugesund Idrettslag | M25-29 | 0:34:29 |
19 | Einar Ørke | Hervik Rør | M35-39 | 0:34:34 |
20 | Bjørnar Madsen | Haugesund Fanteri | M30-34 | 0:34:47 |
Unge dominans i Skeisdalten
13 år gamle Linea Helgevold Fjelldalselv og 14 år gamle Eirik Førre var raskast på den 3,8 km lange Skeisdalten. Eirik brukte 13.00 på den nokså flate løypa. Linea hadde nest best tid av alle og imponerte stort med 13.21.
I Skeisdalten var det dei unge som dominerte og alle dei seks som kom på pallen var yngre enn 15 år. Beste godt vaksne var Susanne Wigene som sprang med sonen Sivert og vart nummer fire med 15.04. Berre 9 år gamle Sivert var nummer tre i mål i herreklassen med 15.03.

Linea Helgevold Fjelldalselv vann kvinneklassen i Skeisdalten med god margin og var nummer to totalt. (Foto: arrangøren)

Eirik Førre spurta inn til førsteplass og 13.00 i den 3,8 km lange Skeisdalten. (Foto: arrangøren)

Starten har gått, og vi ser Sivert og Susanne Wigene (546) side om side i det gjennomsnittlege heller unge feltet. (Foto: arrangøren)

Djupadalten er eit flott familiearrangement med tilbod til folk i alle aldrar. (Foto: arrangøren)

Skeisdalten 3.8 km kvinner | ||||
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Linea Helgevold Fjelldalselv | Haugesund Idrettslag | K13-14 | 0:13:21 |
2 | Ingrid Frøyland | Haugesund Idrettslag Friidrett | K11-12 | 0:13:54 |
3 | Martine A. Rinde | Haugesund Idrettslag | K13-14 | 0:14:18 |
4 | Susanne Wigene | Haugesund Idrettslag | K45-49 | 0:15:04 |
5 | Ida T Bjørhovde | Reach Subsea | K25-29 | 0:15:56 |
6 | Martine Dalseth | Haugesund Idrettslag / Haugesund il | K15-16 | 0:16:07 |
7 | Lilly Helgevold Fjelldalselv | Vindafjord IL | Barn 0-10 | 0:17:41 |
8 | Line Fjelldalselv | Vindafjord IL | K40-44 | 0:17:43 |
9 | Anne Sigrid Øye Rossebø | Sauda IL | K11-12 | 0:18:15 |
10 | Liv Frøyland | Haugesund Idrettslag Friidrett | Barn 0-10 | 0:18:25 |
Skeisdalten 3,8 km menn | ||||
Plass | Navn | Klubb | Klasse | Tid |
1 | Eirik Førre | Torvastad IL | M13-14 | 0:13:00 |
2 | William Helgevold Bang | Vindafjord IL | M13-14 | 0:15:02 |
3 | Sivert Stave-Wigene | Haugesund Idrettslag | Barn 0-10 | 0:15:03 |
4 | Oddvar Frøyland | Vard Haugesund | M13-14 | 0:15:13 |
5 | Martin Heggebø | Vindafjord Idrettslag | M13-14 | 0:15:38 |
6 | Nikolai Innocent | Vormedal | M11-12 | 0:15:46 |
7 | Roy Ratcliff | HIL Mosjonister | M65-69 | 0:15:50 |
8 | Elvin Daleerga | Rosseland Ballklubb | Barn 0-10 | 0:16:00 |
9 | Vegard Moe Handeland | Suldal IL | Barn 0-10 | 0:16:07 |
10 | Markus James Ratcliff | Haugesund | M17-19 | 0:16:11 |
Vakre haustfargar og massevis av spreke mosjonistar er noko av det som bruker å kjenneteikne Djupadalten, og slik var det i år òg. (Foto: arrangøren)