Dei to andre som tok medalje i årets EM var Eli Anne Dvergsdal ( 1991) IL Gular som vann sølvmedalje i dameklassa og Stian Øvergaard Aarvik (1997), Gneist, som vart europameistar i juniorklassa. Desse tre utgjer 50 % av alle nordmenn som har vunne individuelle medaljar i EM eller VM i motbakkeløp.

Det er 7 år sidan Noreg sist vann individuelle medaljar i EM/VM då Sindre Buraas vann junior-VM i motbakke løp og 8 år sidan Anita Håkenstad Evertsen (fødd 1968) vann EM-gull i motbakkeløp, VM-gull i langdistansefjelløp og Kirsten Marathon Melkevik (fødd 1970) vann EM-bronse i motbakkeløp.

Sindre og Kirsten deltek ikkje i Skåla Opp, men det gjer Anita, som også er løyperekordhaldar med 1.20.06 frå 2008, og Stian Øvergaard Aarvik som m.a. har to NM-gull junior motbakkeløp 2014 og 2015 og 5. plass i junior-VM motbakkeløp 2014.

640_EliAnneDvergsdal2000moh_Foto Lene Bolstad.jpg

Foto Lene Bolstad: Eli Anne Dvergsdal, IL Gular (1991). Her frå sist helg då ho vann Fanaråken Opp framfor Anita Håkenstad Evertsen. Eli Anne har også ein 2. plass i år både frå NM i motbakkeløp og frå verdsserien i Skyrunning Vertical.

Med overskrifta ny norsk motbakkeløpsbølge siktar eg ikkje til talet på løp eller løparar, men til norske løparar som held høgt internasjonalt prestasjonsnivå  innan motbakkeløp generelt. Då må vi ikkje minst også ta med Stian Angermund-Vik, Varegg og Torbjørn Thorsen Ludvigsen, Bergen Løpeklubb.

Stian Angermund-Vik, Varegg har hatt ein knallsesong og vunne over fleire av dei store internasjonale løparane som kjem til i Skåla Opp i år i verdsserien I Skyrunning , både 1000 m Vertical og løp rundt 20 km innan Skyrunning. m.a. fjelløpsfenomenet Kilan Burgada Jornet frå Spania og sju gonger verdsmeistar i Mountain Running Jonathan Wyatt .

640_Stian_fotoAJD.ny.jpg

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Stian Angermund-Vik. Varegg vart nr 3 i Skåla Opp i 2014 med den nest beste tida av ein nordmann som er oppnådd i løpet med 1.10.18. I år har Stian potensiale til å vinne Skåla Opp.

Slik rangerer Stian sine 6 beste løp: 1. pl. Blåmann Vertikal Tromsø (Verdserien i Skyrunning 2015).  2. pl. Chamonix Vertikal 2015 . 1. pl. Grossglockner Berglauf 2015 (slo Wyatt). 1. pl. Mont-Blanc Cross 2015. Nr 1. Stoltzekleiven Opp 2014. Nr 1 NM motbakkeløp 2014.

Stian har hatt eit tøft konkurraneprogram.  For 14 dagar sidan sprang han både Blåmann Vertikal Tromsø og Tromsdalstiden Skyrace 20 km. Han vann begge løpa og drog rett til Sveits der han sprang klassikaren Sierre-Zinal 31 km med 2000 m motbakkar og 700 m unnabakkar.

640_Torbjørn.Foto_ChrPrestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen vart nr. 3 i Skåla Opp 2013 på 1.11.55. Torbjørn har 2 NM-Gull i motbakkeløp og 2 gull i Norgescupen i 2012 og 2013, løyperekord i Stoltzekleiven Opp, og siger i Empire State Building Race 2014.

I år trur eg at både Johan Bugge og Stian Angermund-Vik kan være med å kjempe om sigeren i La Sportiva Skåla Opp sjølv om den internasjonale konkurransen truleg aldri har vore tøffare. I dameklassa kan Eli Anne Dvergsdal overraske igjen med ein høg pallplass i kamp med fjorårsvinnar Laura Orgue og 3 gonger Skåla Opp-vinnar Antonella Confortola Wyatt ( Sjå meir nedanfor)

Kilian Jornet Burgada, Den "alle" snakkar om vil vinne La Sportiva Skåla Opp på ny løyperekord og kr. 100. 000 i pengepremie.

640_Kilian Jornet_IMG_2111 foto Runar Gilberg. Kondis.jpg

Foto Runar Gilberg. Kilian Jornet Burgada, Spania (1987) har 6 gonger vunne langdistanse Skyrunner Verdens-serien og mange av dei mest prestisjefylte ultramarathon som Ultra-Trail du Mont-Blanc, Grand Raid, the Western States Endurance Run og Hardrock Hundred Mile Endurance Run.  Jornet har dei raskaste tidene for opp og ned Matterhorn, Mont Blanc og Mount McKinley. 

640_Ahmet_2012_FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Ahmet Arslan, Tyrkia. 6-EM-gull i mountain running (Både Motbakkeløp og Opp og ned-løp). Har vunne Skåla Opp i 2011 og 2012. Løyperekord Skåla Opp: 1.07.06 (2012)

640_JonathanWyatt_Lite.Foto_ChrPrestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård. Jonathan Wyatt. New Zealand. Har vunne Skåla Opp 4 gonger. 2008 (1.08.42), 2010 (1.08.30), 2013 (1.09.39), 2014 (1.08.59). 7 VM-gull i Mountain Running. Har vunne alle greiner både Opp, Opp&Ned og Langsdistanse.

640_JosephGray_Photo_ChristianPrestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård. Joseph Gray (USA). USA meistar i Mountain Running Uphill 2014. Han har 10 gull fra USA-meistarskap i løping. Totalt 3 fra Mountain Running. Fotoet er frå Skåla Opp i 2009 då han sette pers med 1.12.48 (2009). Vart nr. 4 i 2008 på 2.14.40.

640_Anita.jpg

Foto Christian Prestegård. Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL (1968): VM-gull langdistansefjelløp 2007. EM-gull motbakkeløp 2007. VM-Gull motbakkeløp lag 2008. 4 NM-gull motbakkeløp. Mestvinnande dame i Skåla Opp med fire 1. plassar. Løyperekord Skåla Opp 1.20.06 (2008).

640_Laura.FotoCPrestegård.jpg

Foto Christian Prestegård. Laura Orgue, Spania. Vann Skåla Opp 2014 på 2.22.07. Eli Anne Dvergsdal slo Laura i eit Vertical-løp i Skyrunningserien i Italia i sommar.

640_AntonellaConfortola_fotoChrPrestegaard.jpg

Antonella Confortola Wyatt (Italia). Har vunne Skåla Opp 3 gonger: 2009 (1.26.35), 2010 (1.23.19) og 2011 (1.23.05)

640_MayBritt.jpg

Foto Christian Prestegård. May Britt Buer, IL Gular (1977). 3 NM-gull motbakkeløp. 3 sigrar i Norgescupen i motbakkeløp . Tre 2. plassar i Skåla Opp. Bestetid Skåla Opp 1.24.58 (2013)

Med May Britt Buer rundar eg av denne førehandspresentasjonen av løparar som vil vere med å kjempe om topplasseringar i la Sportiva Skåla Opp laurdag 15. august 2015. Vinnarane i dame- og herreklassa er blant dei som eg har presentert, men det er mogeleg at fleire av dei andre deltakarane kan kjempe om ein pallplass. Jfr Merete Weng ,Norge, Alison Weston, GBR og Emanuelle Manzi, Italia. Sjå deltakarlista på www.skaala.no

Siste nytt vedr. løypetraseen.  er at snøsmeltinga har gått rasande fort dei siste dagane, og i skrivande stund er det berre omlag 300 m av traseen som har snøunderlag og snøen er hard og kompakt å springe på. Det er blir topp løpsforhold også for evt. ny løyperekord.

Løpsleiar Erik Brendefur melder om stor etterpåmelding i trimklassa. Konkurranseklassane blei jo fullteikna med 800 i løpet av nokre minuttar. Med dei gode værutsiktene som er for løpsdagen ligg det an til ny deltakarrekord med over 2.000