Høgt nivå på damepallen. Frå venstre vinnaren Kjersti Fresvik, så nr. 2 Janne Elin Vatnaland og nr. 3. Ellinor Austrheim.
Høgt nivå på damepallen. Frå venstre vinnaren Kjersti Fresvik, så nr. 2 Janne Elin Vatnaland og nr. 3. Ellinor Austrheim.

Seier til Gular og Stegaberg Langs Åkrafjorden

Kjersti Fresvik og Thomas Finshus var raskast langs Åkrafjorden laurdag i det 11 km lange og sterkt kuperte løpet på gamle, bilfrie E-134 i Etne kommune i Sunnhordland. Denne vegen vart starta bygd i 1937 og vart opna 9. april 1942. Opptil 1100 nordmenn arbeidde på vegen på det meste.Langs Åkrafjorden vart skipa til fyrste gong i 2003, då som eit samarbeidsprosjekt mellom tre klubbar. Dei to siste åra har IF Klypetussen hatt eineansvar for tilskipinga på den vakre Gamlevegen.

Publisert Sist oppdatert

Røldalsjenta Kjersti Fresvik spring for IL Gular og vert trent av den tidlegare storløparen Arne Risa. Ho har vore god i mange år, men har teke store steg denne sesongen med m.a. flott innsats på 5000 og 10000 m i NM. No vann ho Langs Åkrafjorden på nestbeste tid nokon gong. 41.25 brukte ho på dei 11 sterkt kuperte kilometrane. Well done, Kjersti!

Kjersti_Fresvik_IMG_640_2777.jpg


Kjerst Fresvik, IL Gular på veg til mål etter 11 tøffe km

Bergprisen til Kjerst og Thomas
Etter 2950 m når ein toppen på løypa. Dei siste 2,5 km er samanhengande motbakke. Her er det pris til fyrste dame og mann. Totalvinnarane var fyrst også her. Thomas passerte på 11.27 og Kjersti på 12.32.

Thomas Finshus vann, og persa seg
Thomas Finshus, Stegaberg IL held godt nivå, og er med på å løfta mange lokale tilskipingar i Sunnhordland og Nord-Rogaland. No var han igjen raskast av samtlege, og kom i mål i einsam majestet på 39.29, ny personleg rekord.

Thomas_Finshus_mot_maal_IMG_2769[1].jpg


Thomas Finshus, Stegaberg IL forsvarer her fjorårssigeren.


Resultat løp kvinner

Klasse Startnr.FornavnEtternavnKlubbBergMål
J-17 380EllinorAustrheimHaugesund IL 44.33
KS 354KjerstiFresvikIL Gular12.3241.25
KS 359JanneVatnalandSpirit - Stavanger FIK 43.14
KS 347KaidyDale-Privat- 53.30
KS 382Carina Hornenes-Privat- 69.55
KV 40-44 350MonicaRasmussen-Privat- 56.03
KV 40-44 379Liv SæbøStava-Privat- 58.50
KV 45-49 375Hilde SollandPlassenHaugesund IL 45.50
KV 45-49 376KirstiSønstabøSpirit - Stavanger FIK 48.06
KV 45-49 360ToveKarbølSauda IL 54.18
KV 45-49 378Herborg LotheStavaHaugesund Triathlonkl, 58.50
KV 50-54 371AstridEspelandSauda IL 57.00
KV 50-54 384Jane Myhre-Privat- 57.46

Resultat løp menn

Klasse Startnr.FornavnEtternavnKlubbBergMål
G-14 385MatiasBergeStegaberg IL 43.38
G-18 351NiklasRasmussen-Privat- 48.50
MS 386ThomasFinshusStegaberg IL11.2739.29
MS 346JohannesDale-Privat- 44.26
MS 352MatsRasmussen-Privat- 44.42
MS 353ØrjanLøhaugenIF Klypetussen 46,32
MS 370Johannes SelvikTornes-Privat- 46.53
MS 369SindreEkornrud-Privat- 47.50
MS 373Kjetil NygårdSeljelid-Privat- 51.34
MS 357Henrik KolstøHansenSkånevik Fjordhotell 60.58
MV 35-39 365Inge Lundervold-Privat- 56.03
MV 35-39 358Jacek MarianArmatynskiSkånevik Fjordhotell 62.27
MV 40-44 349Tor ArneSandvikIF Klypetussen 42.49
MV 40-44 372Einar H.HaugeTeam Eindun 45.53
MV 40-44 377Svein ÅgeMikkelsen-Privat- 47.40
MV 40-44 361Jan ErikFedjeEtne IL 50.49
MV 45-49 381ArildAustrheimVindafjord IL 47.02
MV 50-54 366Hans RuneEikeskogStegaberg IL 47.55
MV 50-54 355JensTjøsvoldStatoil B.I.L. 49.42
MV 50-54 356AndersTjøsvoldHaugesund IL 56.21
MV 50-54 383Per RuneKolås-Privat- 60.29
MV 55-59 363Kjell OttoGardStegaberg IL 44.45
MV 55-59 374ArnsteinArvesen-Privat- 54.36
MV 60-64 362Harald MågeIF Klypetussen 54.44
MV 60-64 348GisleSellevoldIF Klypetussen 69.07
MV 65-69 364SverreAkslandStegaberg IL 46.37
MV 65-69 367SkjalgDuesundIF Klypetussen 50.47
MV 70-74 368Gunvald GundersenIF Klypetussen 57.55
MV 70-74 345Øystein EideEskelandStord T&IL 58.02


RESULTATER 11 KM LØP


Resultat rulleski

Klasse:Nr.StartnrNamnE-namnKlubbFøds.årMÅL
KVINNER:
J-14 14RagnhildAarekolVindafjord IL200116.29
J-12 12Aurora AarekolVindafjord IL200320.18
MENN:
G-15 3Håvard JårvikDjuveSauda IL200016.38
MV 41-45 5TerjeAarekolVindafjord IL197417.19
G-10 13Tage AarekolVindafjord IL200523.09


RESULTATER RULLESKI


Ruskever og flotte løpstilhøve...
Sjølvmotseiande mellomtittel? Nei. For på morgonen og i timane før løpsstart var det styrtregn og sterke vindkular. Likevel var det 13 jenter og 29 gutar som møtte opp for å springa på tid. Nivået i jenteklassen var gledeleg høgt. Berre i 200... då Ingrid Kristiansen vart nr 5, har det vore høgare...

Det var for andre år på rad lagt inn rulleskirenn. Ruskeveret skremte nok ein del, berre 5 tøffingar stilte opp. Men tilskiparane i IF Klypetussen er visst viljuge til å prøva også neste år. Men også her var det gode prestasjonar.

Under sjølve mosjonsløpet var det nære på vindstille og 16 varmegradar. Det må karakteriserast som gode løpstilhøve som fleire skulle ha fått oppleva langs den vakre fjorden.
I alt 134 deltakarar på gamle E 134.

Løyperekordane overlevde
Laban Siro, IF Klypetussen og Kenya er den suverent største idrettslege prestasjonen i Langs Åkrafjorden. 33.35 på 11 sterkt kuperte km (2011) har dobbeltvinnar av m.a. Midnattsloppet i Gøteborg (10000 deltakarar). Maryna Novik, IF Klypetussen klarte i 2014 endeleg å sletta den lengelevande rekorden til Miriam Berg Hovda. Rekorden er på 40.33.

Kjersti Fresvik fekk i år 41.25, og Miriam er no på 3. plass på den sterke lista, med 41.28.

Tilsvarande for herrane er:
1. Laban Siro, 33.35 2. Francis Kipketer Chesumai, Kenya (vinnar av Montreal Marathon 34.39 og 3. Rasmus Stølsmark, GTI Stavanger 35.25.

Fullførte tre månader etter fødselen
Carina Hornenes debuterte i Langs Åkrafjorden i 2014 med ei tid rett over 60 minutt. Etter fødselen av Livia 9. juni 2015, har ho hatt éin treningstur på 6 km. Ho fortalte at ho hadde gangsperr i tre dagar etter den turen. No vona ho å klara under 75 minutt. 69.55 vart det, så ho klarte målet med glans! Godt levert! Ho var til god hjelp for Kondis sin løpande reportar som slepte å løpa aleine.

Familien Rasmussen kom frå Avaldsnes i regn og vind
Mini-intervju med Monica Rasmussen:
Hei, beklager at vi dro før vi fikk snakket med deg. Vi var våte, og måtte få på oss tørre klær før hjemturen. Sender deg derfor svar på spørsmålene her.

1: Traseen var kjekk, litt tungt til å begynne med, men det ble lettere og det gikk bra.
Fin løype i flotte omgivelser.

2: Arrangementet var bra, det er jo et forholdsvis lite løp når vi ser på antall løpere, men vi likte det alle tre.

3: Vi ante jo ikke hva vi gikk til når det gjaldt dette løpet i og med at det var første gang vi deltok. Men vi hadde jo satt oss noen mål og de klarte vi alle tre med god margin.

4: Våre to gutter på 18 og 20 år spiller til daglig fotball i 4. divisjon på Avaldsnes, så de har jo alltid vært aktive.Min mann begynte å løpe maraton i 2011, den gang i Oslo. Jeg var med som tilskuer, og tenkte da at dette vil jeg og gjøre. Med null løpe-erfaring, så begynte jeg så smått med løping. Deltok i halvmaraton i Oslo 2012. Løp min første maraton i Oslo 2014. Løp min andre maraton i Paris 2015. Neste år skal jeg løpe maraton i Paris i april, og skal delta i min første Ironman i Haugesund i juli. Treningen er noe vi alle i familien setter høyt, så du kan vel si at vi er en travel og aktiv familie. Noe vi trives veldig godt med.

5: Vi håper å komme tilbake neste år, da med pappen med på laget (han var i Nordsjøen og kunne ikke være med)

Hilsen Monica Rasmussen

Kondis takkar hjarteleg for at Monica tok seg tid til å svara utfyllande på våre spørsmål.
Her er dei flotte resultata til familien Rasmussen:
Nr 1: K 40 - 44: Monica Rasmussen, Avaldsnes IL 56.03
Nr 1: G-18: Niklas Rasmussen, Avaldsnes IL 48.50
Nr 3; MS: Mats Rasmussen, Avaldsnes IL 44.42

IMG_2731.JPG


Styrtregn og stormkast før løpet.

IMG_2732.JPG


Verkeleg surt, - men det var før løpet.

Svein_Helge_Gullhaug_640_IMG_3014.jpg


Sykla ut tidleg, men fyrstemann i mål er fyrstemann i mål: Svein Helge Gullhaug glad og nøgd.

1-IMG_3080.JPG


Veteranprat. Frå venstre: Harald Måge, Gunvald Gundersen, Berit Ekkje og Skjalg Duesund har tydelegvis hatt ein god dag.

Sauer_IMG_640_2763.jpg


Om me tek med alle geitene som gjekk langs løypa, så blir deltakartalet riktig stort.

1-IMG_3082.JPG

Desse kan meir enn å laga mat. Dei er kokkar på Skånevik Fjordhotell.

1-IMG_3081.JPG

Mor og dotter. Utan fdugnad stoppar Idretts-Noreg.

IMG_2738.JPG


Johannes Dale melder seg og kona på til ivrige funksjonærar

IMG_2733.JPG


Arrangøren IF Klypetussen har gjort seg føre med fine skilt.

IMG_2760.JPG


13 idrettslag pluss mange "Privat" var representerte i "Langs Åkrafjorden" 2015.

IMG_2784.JPG


Tor Arne Sandvik (40 - 44) frå arrangørklubben IF Klypetussen forbetra seg kraftig, og vart nr 2.
Bileta tekne av Trygve Gunnar Bjelland Henriksen og Gisle Sellevold for Kondis.

Powered by Labrador CMS