Løypa i motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp går opp landets brattaste riksveg mellom Gudvangen i Sogn og Voss i Hordaland. Løypelengda er 2000m med ei stigning på 280m. Stalheimskleiva stig 18% på det brattaste.
I år, som i fjor kunne ein delta i konkurransen Trippelen eller Hardhausen der utøvarane først syklar, deretter går opp på rulleski og til sist spring i sjølve motbakkeløpet. 14 gjennomførte trippelen medan 95 sprang motbakkeløpet.
Asbjørn Berland, Samnanger ( ingressbildet, foto Martin Hindenes) vann motbakkeløpet på tida 9.10 som er berre 6 sek. bak løyperekorden til Jon Tvedt frå 2008. I fjor vann Torbjørn Ludvigsen BFG Fana på tida 9.18.
Hilde Fenne , Voss Skiskyttarlag, vann motbakkeløpet etter ein spurtduell med Trude Andersen, Bjørgum IL. Dei fekk same tid 11.41. Hilde som deltok i trippelen hadde berre hatt omlag 15 min pause etter sykkelløpet og rulleskietappa då ho starta på motbakkeløpet. I år vart Hilde m.a verdsmeister i skiskyting for junior og i fjor vann ho Oppturcupen Voss Oppturar med 4 løp der Stalheimskleiva Opp er det fyrste.
Sjå info med resultatlister på www.vossoppturar.no

Det vart ein spennande sluttspurt mellom Trude Andersen(21) og Hilde Fenne (20). Hilde som her ligg litt bak kom sterkt på slutten og vart dømd fyrst i mål med same tid som Trude 11.41. Foto: Martin Hindenes.

Hilde Fenne hadde før motbakkeløpet både sykla og gått på rulleski opp Stalheimskleiva som einaste kvinne i trippelen... Foto Christian Prestegård

Asbjørn Berland fekk tøff konkurranse av Lars Erik Skjervheim Voss IL som her 300m før mål heng på som ein skugge. I mål var Skjervheim 7 sek. bak Berland. Foto Martin Hindenes

Magnus Haugo, Voss (117) vann yngste klasse gutar 12-15 år på 11.10. Det var denne klassa som hadde størst deltaking med 22 deltakarar. Her heng Magnus på Torkil Sekkingstad Terum , Aurland IL. Torkil spurta i frå Magnus og klarte også å ta igjen far sin Olav Terum på målstreken. Torkil fekk tida 11.02 som gav 5pl i kl. 20-34 år, medan Olav vann klasse 50-54år på 11.03. Foto Martin Hindenes

Håkon Raanes, Stavanger SK, vann sykkeletappa på tida 9,03 og vart nr 2 totalt i trippelen. Tida 9,03 er eit sekund raskare enn løyperekorden til Jon Tvedt med løpesko...Foto Christian Prestegård