Reisebrev frå Etiopia

Fakta/ bakgrunn for turen
KnarvikMila og Knarvik ungdomsskule har i fleire år samarbeidd med Great Ethiopian Run om eit hjelpeprosjekt – ” Utdanning for born og unge i Etiopia” – som Haile Gebrselassie står bak.

Pengane blir kanalisert vidare til Unicef og blir brukt til skular og barneheimar for foreldrelause born og unge.

I 2011 overleverte ” Team Knarvik”  500.000 birr eller ca. 170.000 norske kroner, som var største enkelt bidraget til prosjektet i 2011, medan dei var på besøk i Etiopia under det årlege Great Ethiopian Run i Addis Abeba søndag 27. november.

Her fortel Knarvikmilageneral Helge Brekke om store opplevingar i Etiopia:

Hjemme hos løperkongen: 13 stolte representanter for Knarvikmila er fotografert sammen med tidenes beste langdistanseløper, Haile Gebrselassie.

Reiseføljet besto av to elevar, ein lærar og rektor frå Knarvik ungdomsskule og representantar frå KnarvikMila. I tillegg var Alemayehu Sitotow med som tolk og kjentmann og ordføraren i Lindås, Astrid Byrknes som representant for kommunen.
 
Her må opplysast at alle som var med betalte reisa og opphaldet sjølv. Me har som hovudprinsipp at alle midlar som kjem inn skal gå uavkorta til prosjektet.
 
Opplevingane på turen var mange. Trass i at me opplevde stor fattigdom, fekk innblikk i mange tragiske skjebnar, møtte hundrevis av foreldrelause born og unge, vart turen ei stor oppleving.
 
Me møtte mange:                                                Bildet: Helge Brekke og Lindåsordfører Astrid Byrknes
  • Folk som gjekk fleire kilometer for å henta vatn og ved.
  • Små born som tente pengar til livsopphaldet som skopussarar på gata.
  • Ungar som gjekk i filler og utan sko.
  • Skuleelevar som sprang barfot til skulen med bøkene under armen.
  • Skuleelevar som gjekk på skule i dårlege og nedslitne klasserom.
  • Elevar som ikkje fekk med mat heimanfrå – dei som hadde niste, delte med dei som ikkje hadde.
  • Nyfødde born som var lagt på trappa til politistasjonen.
Men desse folka – både born, ungdom og vaksne – hadde ein veremåte som me i Norge burde læra av.
Dei var:
  • glade og smilande
  • takksame og viste stor glede for det dei fekk
    vennlege og høflege

Men det som gjorde mest inntrykk på ein gamal rektor var iveren og gleda elevane viste for å få gå på skule og få læra sjøv om skuletilhøva var ” milevis” frå norsk skulestandard.


I klasserommet: Rektor ved Knarvik Ungdomsskole, Olaf Hella, (stående) og Marius Vågenes Villanger (th), elev ved ungdomsskolen i Knarvik, er på besøk hos en av skolene som får glede av pengene som er samlet inn i fellesskap av Knarvikmila og elevene på Knarvik Ungdomsskole. 

Det første store inntrykket fekk me på flyplassen i Addis Abeba då me kom.Det møtte opp ein stor delegasjon frå arrangementskomiteen, fleire toppløparar, inkludert olympiameistrarar, løparar som hadde vore i Knarvik. Dei overrekte blomar, gav klemmar og smilte om kapp. 

Av høgdepunkta – utan om besøk på barneheimar og skular – må nemnast:

  • Pressekonferansen til Great Ethiopian Run. Den var storslått og viste kor stor og viktig løping og gode løparar er for Etiopia.
  • Arrangementet i samband med overlevering av pengane til hjelpeprosjektet. Sidan ” Team Knarvik” var den største gjevaren, fekk me ekstra oppmerksemd og vart framheva. Ordføraren, Astrid Byrknes imponerte stort i si helsing til arrangøren, dei 300 gjestane og alle mediefolka (over 30 frå store delar av verda).

Imponerende syn: Et uendelig tog av løpere med røde t-skjorter, rundt 36.000 i tallet, løp Great Ethiopian Run. 
 
Sjølve idrettsarrangementa var det noko spesielt med, barneløpet med over 4000 på startstreken og sjølve Great Ethiopian Run med 36000 deltakarar. 
 
Det var ein løpsglede og atmosfære utan sidestykke.
I alle desse samanhengane – arrangementa og løpa - var Haile Gebrselassie den store ” mannen og stjerne” Haile har ein status som er heilt enorm, han er helten, ” Velgjerande” organisatøren og sjarmøren.Han er med på alt og alltid med eit stort smil om munnen.
 
Men denne statusen har han ikkje berre blant sine landsmenn og resten av Afrika.Haile er like stor for den internasjonale pressa.Straks han skulle sei eller gjera noko, var dei internasjonale TV–kanalane der med ein gong, BBC, Tysk TV, Amerikanske nyheitsbyrå, Etiopisk TV, o.s.v.
 
På barneløpet og sjølve Great Ethiopian Run sto Haile i målområdet, klappa gav trøstande ord og delte ut premiar. På barneløpet gledde han seg spesielt over alle flotte løpstalent, nokre med sko, men dei fleste utan.Det var fantastisk å sjå kor elegant mange av borna sprang. Dei ” flaut” bortover, det var som dei ikkje tok nedi bakken i det heile.
 
Alle frå Knarvik deltok i Great Ethiopian Run. Alemayehu Sitotow og Nancy Sommer sprang i elitegruppa.(Alemayehu Sitotow på 36.48 og Nancy Sommer på 44.37 - et flott resultat på 10 km i 2400 m.o.h.).
 
Etter eliteklassen starta mosjonsklassen – 36000 løparar. Her høyrde resten av ” Team Knarvik ” seg meir heime.Eg starta framfor hovudfeltet, men det tok ikkje lang tid før dei var i helane på meg. Det virka som eg vart innhenta av ein raud sunami. Langs løypa sto det ein mur av folk på begge sider. Dei heia, song , spelte og dansa. Om eg gjespa etter luft , var det som eg vart boren fram på ei sky.
 
Dagen vart avslutta med hageselskap heime hjå Haile. Me fekk sjå premiesamlinga hans, - den fylte ein heil etasje. Då me og fann medalje og fat frå KnarvikMila der, vart me ganske stolte.

Brevskriveren:  - Som avslutning på reisebrevt kan eg med visse sei: Opphaldet i Addis Abeba gjorde noko med oss alle, seier Helge Brekke. Her er han i starten av 10 km-løpet. 

Her er utsegner frå nokre av dei som var med til Addis Abeba:


Marius Villanger – skuleelev
“Det har vert en fantstisk opplevelse å få være i lag med verdstoppen i løping. Det har vert en utrolig lærerik uke med mange inntrykk. Det du ser gjennom media er nødvendigvis ikkje realitet... det må oppleves. Fantastisk å sjå samarbeid mellom rike og fattige. Dei fleste var glad, alltid, ingen sure miner eller klaging...... Vi har noe å lære!”
 



















Astrid Byrknes, ordførar I Lindås
“Det er mange ting som gjorde inntrykk, men  måten vi blei tatt imot av The Great Ethiopian Run-ledelsen var berre fantastisk. Ein slik hjartevarme og ekte glede skal ein leite lenge etter 
- Eg opplevde frå etioparane si side at dei var svært takksame for hjelp/støtte til det humanitære hjelpeprosjektet, det gjorde inntrykk å sjå at den innsatsen som Knarvikmila/ungdomskulen har lagt i prosjektet verkeleg blei satt pris på
- Media, både statskanalen Ethiopian TV, og BBC, aviser og andre, var opptatt av å formidle prosjektet. Det og gjorde inntrykk på meg at media viste så stor interesse for hjelpearbeidet 
- Å vere med å sjå kva pengene går til var jo det viktigaste med heile besøket. Det gjorde eit særs inntrykk å møte borna og dei unge på barneheimen /institusjonen/skulen, sjå kva kår dei lever under, og ikkje minst sjå med eigne auge at hjelpearbeidet er med å bidrar til auka LIVSKVALITET og verdighet for desse borna.
- Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon. Det såg eg med eigne auge. Vi er heldige som har det så godt og bur i eitt av verdas rikaste land. Klart vi skal hjelpe andre, klart vi må vere med å bidra, klart at vi skal forvalte vår rikdom på ein slik måte at det kjem andre til del.
- Det gjorde eit svært inntrykk å sjå alle dei menneska som var i naud, som brukte dagen til å prøve å overleva, sjå kontrastane mellom fattig og rik, tøft var det, men då få perspektivet at vi kan hjelpe nokre, det var viktig for meg å oppleve også i Etiopia.'
Prosjektet håpar eg vil fortsetje lenge, og eg vil vere med å bidra :)”
 
Harald Nygård fra Knarvikmila
“Dette var min tredje tur dit, og eg var difor litt førebudd på det som vi ville møte. Møte med menneske som lever under heilt andre tilhøve enn det me er vande med, set att som strerke inntrykk. Til tross for mykje naud, møter ein mykje menneskleg varme og glede. Dette anten dei er verdsberømte idretts stjerner eller "mannen i gata" som strever med å få nok mat og klede til seg og sine.
 
Det å ta del i eit løp med 36 000 deltakarar oppleves litt kaotisk, men dette vert overskygga av begeistringa med å få vera med. Det gjer inntrykk. Deltakinga får endå meir meining når vi, saman med The Great Ethiopian run får bidra med penger til tiltak som verkeleg treng å få støtte.
 
Besøket på heimen der nyfødte born, som var plukka opp frå gata eller levert inn av noko, samt alle dei flotte barna som ikkje hadde nokon eigen heim, vart på mange måtar for sterkt for fleire av oss. Men det er dette som er ein realitet, og det gir meining til at Knarvik Mila vil vera med å sjå litt utover eigen grenser.”   (Bildet: fra kondis.no-arkiv)
 

Eventyrlig høyt nivå blant eliteløperne
Selv om de alle beste etiopiske løperne deltok, var de nest beste så gode at de ville vunnet de fleste løp rundt i Europa. Vinneren for menn, Musnet Geremew, løp på 28.37 i 2400 meters høyde. Selv om de er vant til å løpe i så stor høyde, så ville likevel tida bli mer enn ett minutt bedre i lavlandet. 34 løpere løp mila under 30 minutter. Det ble tatt tid på 385 løpere.

De beste resultatene: 

Kvinner:
1. Abebech Afework (bildet)    32:59
2. Tiki Gelana                 33:06
3. Atsede Habtamu              33:12
4. Hiwot Ayalew                33:22
5. Etenesh Diro                33:32
6. Hirut Aga                   33:33
Menn:
1. Musnet Geremew              28:37
2. Yigrem Demelash             28:44
3. Nicholas Kipkemboi, Kenya   28:47
4. Belete Assefa               28:51
5. Senbetu Mekebo              28:59
6. Berhanu Mekonen             29:12


Se filmklipp fra en del løpere som krever regimeskifte i Etiopia:
Demontrasjon under Great Ethiopian Run


Herrevinneren: Musnet Geremew