To norske 1000 m-rekordar

BJORN JOHANNESSEN
BJORN JOHANNESSEN

3000-pers på Bjerkeli Grøvdal i Florø

Karoline Bjerkeli Grøvdal vart nr. 2 på 3000 m i Florø med 9.05,83. Ingvill Måkestad Bovim og Thomas Solberg Eide var i rekordform på 1000 m.

Publisert Sist oppdatert

Etter mykje om og men og fram og tilbake ser det ut til at Ingvill Måkestad Bovim og Thomas Solberg Eide kan få godkjent tidene sine på 1000 m som norsk senior- og juniorrekord. Det elektroniske tidtakarsystemet stod feilplassert, men arrangøren hadde manuelle klokker som visstnok skal vise dei korrekte tidene. Friidrett.no har ein nokså grundig gjennomgang om kva som skjedde og ikkje skjedde da 1000 meteren vart sprungen under Friidrettsfestivalen i Florø på laurdag.

No står Ingvill oppført med 2.36,7 noko som er 2 sekund under rekorden Randi Langøygjelten Bjørn sette i 1981. Thomas Solberg Eide har 2.21,3 i sluttid, og det er 7 tideler fortare enn det Geir Søgnebotnen sprang på da han sette norsk juniorrekord i 1985. Både Ingvill og Thomas vart nummer tre i sine felt i Florø.

Karoline Bjerkeli Grøvdal sett ikkje norsk rekord, men pynta på sin eigen pers med 5 sekund. Den nye er på 9.05,83, og dei tre 1000 metrane gjekk unna på 3.00, 3.03 og 3.03.

- Det var ein del vind, og eg føler så absolutt at eg har meir å gå på, fortalde ei godt nøgd Karoline Bjerkeli Grøvdal til heimesida til Vidar.

Berre 17 år gamle Kristin Helle sprang òg en god 3000 m og kom i mål på 9.53,99. Det var pers med 9 sekund for Tjalve-jenta som før årets sesong hadde 10.31,15 som bestetid.

Karoline tenkjer å springe 1500 m på Bislett Games no på torsdag. Det vil òg Thomas Solberg Eide gjera, medan Ingvill Måkestad Bovim blir å finne i 800 m-feltet. Det er berre å møte opp å heie!

Kondis-medlemmar får kjøpt rabatterte billettar til Bislett Games

Oversikt over norske løparar i forøvingane i Bislett Games


Resultat frå Florø Friidrettsfestival

1000 m kvinner
Norwegian record: 2.38,70 Randi Langøigjelten Bjørn 1981
NrNameNationResult
1Irina Maracheva, 84RUS2.35,3
2Marina Arzamasava, 87BLR2.36,0
3Ingvill Måkestad Bovim, 81NOR2.36,7Norwegian record
4Lydia Wafula, 88KEN2.39,3
5Tatiana Gudkova , 85RUS2.46,0
6Anna Verkhovskaja, 88RUS2.49,9
.Anzhelika Shevchenko, 87UKRDnf
1000 m menn
Norwegian record: 2.16,78 Vebjørn Rodal, Oppdal FIK 1996
Stadium record: 2.16,73 Japhet Kimutai, KEN 1998
NrNameNationResult
1Valentin Smirnov, 86RUS2.19,4
2Gideon Mageka, 93KEN2.21,3
3Thomas Solberg Eide, 92NOR2.21,6Norwegian Jr record
4Emmanuel Kipyego, 88KEN2.24,9
5Aladdin Bouhania, 84MAR2.26,1
.Barnabas Bene, 85HUNDnf
3000 m kvinner
Norwegian record: 8.31,75 Grete Watiz, Sp.kl. Vidar, 1979
Stadium record: 9.03,18 Gunhild Halle Haugen, Runar, 2000
NrNameNationResult
1Viktoriia Pogorielska, 90UKR9.01,25
2Karoline Bjerkeli Grøvdal, 90NOR9.05,83
3Kristine Helle, 94NOR9.53,99
.Anzhelika Shevchenko, 87UKRDnf

Alle resultat

Reportasje frå Floro hos friidrett.no

Powered by Labrador CMS