Den 5,4 kilometer lange løypa med 970 høgdemeter startar i sentrum av Balestrand ved Kviknes Hotell ved Sognefjorden. Mål er på toppen av Raudmelen 972 meter over havet. Frå mål er det eit praktfullt utsyn over fjord- og fjellandskapet rundt Balestrand.

– Dette er ei av dei aller flottaste motbakkeløypene eg har sprunge. I år som i fjor skal eg delta i trimklassa og starte i god tid før konkurranseklassa for å vere i målområdet som fotograf for Kondis når konkurranseklassane kjem stormande i mål, fortel motbakkeentusiast Christian Prestegård til Kondis.

Her kan du lesa reportasjen frå Balestrand Opp 2023

Mange av motbakkeløpa i dette området, som til dømes Skåla Opp, Storehesten Opp og Fanaråken Opp, har vorti nedlagd, og Prestegård er ein av dei som vonar at Balestrand Opp skal klare seg. 

Han fortel at den 76-år gamle eldsjela, Trond Sundby, har gjort ein eineståande jobb som primus motor og løpsleiar for Balestrand Opp. Dessverre har det enno ikkje lukkast å få yngre krefter til å ta over jobben som løpsleiar, og det kan bety at løpet i år kan bli det siste.

– Melder du deg på enten i trimklassa eller konkurranseklassa, så gjer du ditt til å auke deltakartalet, noko som òg vil auke sjansane for at Balestrand IL vil vidareføre dette praktfulle motbakkeløpet til neste år, er oppmodinga frå Christian Prestegård. 

Trond Sundby er elles far til ein av dei store favorittane i herreklassen, Øyvind Heiberg Sundby, som to gonger er vorti norsk meister i motbakkeløp. I fjor måtte Øyvind nøye seg med andreplass i Balestrand Opp, bak Torstein Tengsareid, og i år er det venta at Øyvind vil få hard kamp frå Halfdan Emil Færø. 

I skrivade stund er 59 løparar påmeldt i konkurranseklassa. I fjor var det 57 som sprang på tid, og med god vêrmelding og tilhøyrande god påmeldig no på tampen i både konkurranse- og trimklassa, så bør det kunne bli fleire i år – og vonleg 10-årsjubileum til neste år. 

Trond-Sundby-og-Christian-Prestegaard-foto-privat.jpgDei fjellglade karane, Trond Sundby og Christian Prestgård, gled seg til å ta imot mange motbakkeløparar ved Raudmelen no på laurdag. (Foto: privat) 


Meir info på heimesida til Balestrand Opp