
Blåhø Opp 26. juni
Line Lystad (bildet)og Daniel Tadesse vann 15km løypa frå Vågåmo 378 moh til Blåhø 1618 moh. Tadesse var kun 2 sek bak løyperekorden til Jon Tvedt.
Blåhø Opp har 2 løypealternativ . 15km løypa som har konkurranseklassar for både løp og sykkel startar i Vågåmo sentrum 378 moh og følgjer ein av Norges høgaste fjellvegar opp til toppen av Blåhø, 1618 meter over havet. Den totale stigninga er på 1253 meter. 9km løypa startar omlag 1000 moh og følgjer same vegen til topps.
Dårlege værmeldingar hadde truleg skremt mange frå å stille til start i den tredje utgåva av Blåhø Opp. Kraftig vind og regn var varsla. Regnet kom ikkje, men det gjorde vinden som perfekt medvind oppover fjellet. Det vart optimale løpsforhold og sjølv forbetra eg tida mi frå i fjor med over 3 minuttar til 51.23 i 9km løypa med 600 m stigning. 16 åringen Vegard Galaaen , Bøverdalen IL vann 9km på 45,40.
15km løp vart vunne av Daniel Tadesse, Sel, på 1.13.36 berre 2 sek bak løyperekoren til Jon Tvedt frå 2008. Line Lystad, Sel vann dameklassa på 1.25.43 og forbetra tida si frå i fjor med 6 min og 37 sek. Likevel var ho over 9 min bak løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen på 1.16.04 frå 2008.
15km sykkel vart vunne av Mari Trønnes, Ottadalen Sykkelklubb på 1.14.10 og Olav Trønnes, Ottadalen Sykkelklubb på 1.03.44
Resultatliste påwww.blaho.no

Daniel Tadesse, Sel

Line Lystad, Sel

Mari Trønnes, Ottadalen Sykkelklubb

Olav Trønnes, Ottadalen Sykkelklubb

Hallgeir Haug, Frikransen

Tor Erik Moen, Team Maurvangen

Jan Petter Eide, Tormod Skilag

Tero Uusitalo, Finland

Tor Erik Austad, Skjåk IL

Torbjørn Stene, Selbu IL

Helge Fuglseth, Ålesund Friidrettsklubb og Kondis-red. for Møre og Romsdal

Vegard Galaaen, Bøverdalen IL

I bakgrunnen er løpsleiar Magnar Bakke, Sjårdalen IL i gang med premieutdelinga. I forgrunnen med gul Blåhø Opp T-skjorte står Dag Lindvig som m.a driv Kleppe Gardshotell.