Loading

Foss Angeltvedt raskast i Gular

Klubbmeister i terrengløp

Kjetil Foss Angeltvedt var først i mål av dei 13 Gular-gutane som kjempa om den ærefulle tittelen "klubbmeister i terrengløp". Berre ei dame deltok.

Løypa var godt og vel 3 kilometer lang, og Kjetil Foss Angeltvedt var einaste mann under 10 minutt. 9.57 var vinnartida, og 800 m-spesialist Ådne Svahn Dæhlin var nærmast, 35 sekund bak.

Imponerte gjorde også tredjemann, Bjarte Bogstad,. Han er vorten 48 år gamal, men heng godt med unggutane. No var han berre sekundet bak Svahn Dæhlin. Men så var vel Bogstad òg mannen i feltet med den sterkaste 3000 m-persen. I 1993 sprang han 3000 m på 8.15,07. Til samanlikning har Foss Angeltvedt pers på 8.19,71.

Medan det på herresida vart mønstra mest eit heilt Holmenkollstafettlag, var Nora Systad einaste kvinne som stilte til start i terrengløpet 12. november. Men klubbmeister vart ho like fullt, etter å ha teki seg rundt på 13.37.  


Menn    
1.       Kjetil Foss Angeltvedt    9;57
2.       Ådne Svahn Dæhlin  10;32
3.       Bjarte Bogstad  10;33
4.       Lars Røttingen  10,46
5.       Jonas Dalland  10;59
6.       Geir Storetvedt Skaten  11;04
7.       Sondre Dingsør Skogen  11;04
8.       Eirik Myrmel  11;11
9.       Kristoffer Grindedal Janson  11;21
10.     Kristian Ullern Faksvåg  11;22
11.     Morten Kjønsberg  11;49
12.     Marius Gerdes  12;17
13.     Njål Kvendseth  12;43
       
Kvinner  
1.         Nora Systad  13;37 


Meir om løpet hos Gular IL

  • Digg this
  • Delicous
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut