Laban Siro, IF Klypetussen er beste norske etter to løp på "over all" lista. Men ser me på klassevis etter alder og kjønn er Cecilie Pernille Thomassen frå BFG Fana den beste på 2. plass i klassen kvinner 40 - 49 år.

Laban i intervju på TV2 Bornholm i kveld
I dag tidleg tok TV 2 Bornholm opp eit kort intervju med Laban Siro frå Kenya. Det vil bli sendt i kveld - då med tilleggsintervju etter målpassering. Det (etter norske forhold) vesle han tener, bruker han i stor grad på andre enn seg sjølv. Intervjuet går på Viasat, men kan også sjåast i full lengde på internett.

I alt 2500 deltakarar - smertegrensa er nådd /passert
Stor stemning, flott arrangement, super ferieøy, og veldig hyggelege arrangørar. Men i strandløpet så er det så fullt, trass puljestart, at ein kan tape minutt når ein skal opp frå stranden og passere smale passasjar i sandynene. For ein sakteløpande reportar har det lite å seia, men for dei som er litt meir seriøse, er det ikkje så kjekt.

Gode norske prestasjonar i fleire av klassane
Det er vanskeleg å få med seg alt når ein løpar sjølv (og i tillegg skal vera manager for ein av dei betre løparane). Men Mariann (som med et kjempeløp i sanda klatra opp op 8. plass etter to dager) og Wencke Lande, Øystein Mørk, Gjermund Sørstad og Svein Arne Sølvberg er nokre av dei me har merka oss så langt. 

Ungdomsklassen har løp tysdag, torsdag og fredag
Ungdomar 15 - 17 år har eige tredagars etappeløp. Det første i går med same etappe som dei vaksne. Blant jentene (32 deltakarar), kom Amanda Christine Brastad, Rustad IL på 12. plass med 35.54 og Inger Oline Kollbotn, IL Tokke nr 17 på 37.50.
Tre norske blant dei ni første blant gutane. Sebastian Aagnes, Bærums Skiklubb er nr 3 på tida 22.30. Nr 5 er Joachim T. Quale, Bøler IF på 22.38. Nr 9 Eldar Thommassen Fagerbakke, Bøler IF på 24.59.

Dag 3: onsdag 25.7. 7.8 km skovløb i Almindingen
Almindingen er tredje største skog i Danmark. Her går 3.  etappe for dei vaksne og 2. etappe for born til og med 14 år. Også denne etappen er tøff med vekslande asfalt og skogssti og mykje opp og ned. Følg løpet på Viasat TV 2 Bornholm eller på internett.

Sammenlagt etter to dager:
Kvinner:

Plc St.Nr Navn Klub/Hold Land Netto
1 1362 Anna Holm Baumeister Viking Atletik 1 DEN 00:57:37
2 1311 Louise Lauersen TEAM FIT 4 RUN DEN 00:57:58
3 1928 Josephine Ambjörnsson Hässelby SK SWE 00:58:59
4 1891 Charlotte Karlsson Hammarby IF SWE 00:59:36
5 2134 Kathrin Bogen Team Leipzig GER 01:00:02
6 1785 Cecilie Pernille Thomassen Bfg Fana NOR 01:00:48
7 1777 Amanda Grønning Bagsværd Atletik DEN 01:04:38
8 1823 Mariann Lande Byåsen IL NOR 01:05:15
9 1776 Melina N. Olsen Bagsværd AC DEN 01:05:19
           

Menn:

2. dag med løp på stranda: Anna Holm Baumeister leder dameklassen i 2012. Hun er datter av vinner av London Marathon 1988 og tidenes beste danske maratonløper, Henrik Jørgensen. (bildet er fra Etape Bornholm 2010)

Kondis.no-dekning av Etape Bornholm 2012:
Forhåndsstoff:                                                                 Klart for Etape Bornholm 2012
Dag 1: 10 km i Hasle                                                Tre norske blant de 10 beste
Dag 2: 5,6 km strandløp på Dueodde:               En god norsk dag i sanda 
Dag 3: 7,8 km skogsløp i Almindingen:          Skogsløpet med norsk 3, - 5. og 6. plass
Dag 4: Landeveisløp opp til Hammeren Fyr:  De norske holder stillingen
Dag 5: Finale med 10 km byløp i Rønne:         Etape Bornholm ble av sluttet i Rønne