Kondis sin sakteløpande reportar skal forsøka å gje lesarane litt stoff kvar frå dette fantastiske arrangementet på den danske øya i Østersjøen. Glimrande arrangør er Viking Atletik.

Ingressbiletet er av kenyansk-finske Obed Kipkurui som i 2010 vann alle etappane. Foto: Kjell Vigestad

Det er 2531 påmelde til årets utgave av Etape Bornholm. Løpet ble fulltegna allereie på ettervinteren, men likevel har 77 norske klart å sikre seg plass i etappeløpet.  Mange fleire har forsøkt, men vært forsein.

Det er fleire norske med sjanser til gode klasseplasseringar. Svein Arne Sølvberg har vunne klasse 60+ suverent kvart år siden han fylde 60 og kan ta sin femte seier i klassen. Det blir ikkje lettare med åra. Like fullt trur me at han kan vinne også i år.

Tore Bjerkrein og Roger Gjøvaag her fleire gode plasseringar og det samme har sønane deira. Dei er tilbake i år også. Tor Erik Nyquist, tidlegare Noregsmeister på maraton, har prøvd seg før på Bornholm,og om han er kvitt sine gamle skadar, så vil han få bra plasseringar. Mest tru har vi på ein nykomar på Bornholm, Arvid Hansen, den gamle storløparen som i fjor løp glimrande i klasse 50-54 år.

Kampen om å bli beste norske løpar i seniorklassa vil truleg stå mellom debutant på Bornholm, Gjermund Sørstad, og Øystein Mørk, som har erfaring frå den utfordringa det er å løpe fem løp på fem dagar på Bornholm. Klubbkamerat til Øystein i Bøler, Joachim Kvale, vil være med å kjempe om ei topplassering i klasse 15-17 år.

Wenche Lande frå Trondheim er 59 år og i siste årgangen i klasse 50-59 år, men kan likevel få ei brukbar plassering i klassen. Lettere blir det neste år når ho rykker opp i klasse 60+.Dottera Marianne Lande deltek også. Men av norske damer er det nok Pernille Thomassen fra BFG Fana som vil gjere det best. Ho kan fort bli blant dei fem beste.

Artikkelen fortsetter etter bildet....


Siger for 7. gong i 2012?: Svein Arne Sølvberg løper i mål på Rønne stadion som suveren vinnar av klasse 60 år+. Han har vunne klassen sin i 2005 og kvart år frå 2007-2011, og har stort sett også vunne alle fem løpa i klassen sin kvart år. Kan det bli ny seier i 2012? (Foto: Kjell Vigestad)

Litt historikk:
Totalt har Bornhom ca 41 300 innbyggarar (2011). Dette tredoblast i turist-sesongen. Ca 1/3 av befolkninga er i hovudstaden Rønne. Dei har eige flagg: grønt med raud kross. Øya ligg berre ein time og 20 minutts fergetur frå Ystad på sydspissen av Sverige, i Skåne. Dialekten gjenspeglar at øya har etter diverse krigar, høyrt  vekselvis til Sverige og Danmark. Fergeturen til København tek t.d. fem og ein halv time.

Kirsten Marathon Melkevik har vunne 10 av 10 mogelege etapper
For 19. gong arrangerast løpet som også har barneløp (måndag, onsdag og fredag og ungdomsløp tysdag, torsdag og fredag). I barneløpet, og for kvinnene har det vore særs sterke norske resultat. I 2007 vann Kirsten Marathon Melkevik frå BFG Fana samtlege løp på samla maraton-tid: 2. 28.27. 3 minutt og 28 sekund føre Maria Sig Møller. I 2007 vann Kirsten også samtlege løp på tida 2.25.23. rekorden har kenyansk-svenske Isabellah Andersson med 2.23.25 frå 2009, (men då var ikkje Kirsten med).

Ifjor var det 633 fullførande i kvinneklassen. Utanom suverene Kirsten Marathon Melkevik var det fleire flotte norske prestasjonar i kvinneklassen. Nr 19 samanlagt på tida 3.07.53 var Kirsti Johnsen frå Tønsberg Triathlonklubb. Monica Berglund frå Ringerike O-lag på 3.16.13 og Pia Susann Finshus frå Team Finshus på 3.17.03 fekk plasseringane  30 og 33.

Svein Inge Buhaug beste norske herreløper i fjor
Med betydeleg redusert treningsmengde klarte likevel Svein Inge Buhaug frå Hytteplan Sport ein 14. plass med samla maratontid 2.25.23. Den beste plasseringa kom på den beinharde 4. etappen der han var 12. bestemann.
Vinnar var Jussi Utriainen frå Finland på tida 2.12.13. Han var nr 1 på tre etappar, og nr 2 på dei to andre, 50 sekund føre David Nilsson frå Høgby IF i Sverige. Briten Ben Tickner frå Wells City Harriers  var like bak på 3. plass med 2.13.26.

Mini-intervju med Laban Siro

Arrangørane trur Laban Siro, IF Klypetussen vil vera med på å prega årets Etape Bornholm, så vi tar eit mini-intervju med han:

Kondis (K): Har du vore med på eit slikt etappe-arrangement før?
Laban (L): Nei

K: Korleis var mottakinga i sekretariatet i går?
L: Veldige hyggelege folk - "very welcoming people".

K: Korleis har du førebudd deg til Etape Bornholm?
L: Eg trur at eg er vel førebudd. Fyrst og fremst har eg trent godt, og eg har studert løyeprofilane og brosjyren frå arrangøren godt. Og sett litt på resultatlistene frå dei siste tre åra som arrangørane ga meg.

K: Kva forventningar har du til Etape Bornholm?
L: Ja, det er å vinna - om mogeleg. Og å gjera ei god tid og hausta gode erfaringar sidan det er min første konkurranse av denne sorten.

K: Du møtte din landsmann Obed Kipkurui på nummerutdelinga - er han den hardaste konkurenten?
L:  Ja, eg trur nok det, for han har vunne Etape Bornholm to gonger, og har god røynsle frå akkurat dette arrangementet. 

K: Det er også andre gode løparar her - har du informasjon om nokre av dei?
L: Ja, ein god løpar frå Danmark og ein frå Scotland. Og så var det enno ein god løpar frå Finland i tillegg til Obed som no er finsk statsborgar.

K: Kan du fortelja litt om kva strategi du vil ha for fem dagar med fem løp?
L: Eg trur det er viktig å løpa utan "å gå i kjellaren" (exhaust myself) i kvart løp. Mellom kvart løp vil eg spasera litt og sjå meg rundt. Så har eg meg eit sjølvinstruerande kurs i norsk som eg prøver meg på.

Kondis takkar Laban Siro for intervjuet og ynskjer han og alle dei andre deltakarane lukke til. 

Vaksenklassen startar alle dagar kl 1820. TV 2 Bornholm sendar alle dagar frå kl 1800 til 1930.

ALLE RESULTATENE

Les kondis.no-reportasjer fra tidligere år:

2012:
Forhåndsstoff:                                                                 Klart for Etape Bornholm 2012
Dag 1: 10 km i Hasle                                                Tre norske blant de 10 beste
Dag 2: 5,6 km strandløp på Dueodde:               En god norsk dag i sanda 
Dag 3: 7,8 km skogsløp i Almindingen:          Skogsløpet med norsk 3, - 5. og 6. plass
Dag 4: Landeveisløp opp til Hammeren Fyr:  De norske holder stillingen
Dag 5: Finale med 10 km byløp i Rønne:         Etape Bornholm ble av sluttet i Rønne

2011:
Dag 5 og sammenlagt
Dag 3 og 4 - 2011
Dag 1 og 2 - 2011

2010:
Dag 5 -10 km gateløp i Rønne
Dag 4 - 8,5 km opp til Hammeren Fyr
Dag 3 - 7,8 km skogsløp
Dag 2 - 5,8 km strandløp
Dag 1 - 10 km i Hasle
Forhåndsomtale til Etape Bornholm 2010

2009:
Dag 5 - 10 km gateløp i Rønne
Dag 4 - Opp til Hammeren Fyr
Dag 3 - Skogsløp
Dag 2 - Strandløp
Dag 1 - 10 km i Hasle
Forhåndsomtale til Etape Bornholm 2009

2008:
Dag 5 - 10 km gateløp i Rønne
Dag 4 - Opp til Hammeren Fyr
Dag 3 - Skogsløp
Dag 2 - Strandløp
Dag 1 - 10 km i Hasle

2007:
Kirsten Melkevik Otterbu vant suverent

2006:
Harald Ringen beste norske etter to etapper