30 nye bilete lagt ut!

Heidi Weng best i Storehesten opp
Heidi Weng (biletet) sette ny løyperekord for kvinner med tida 1.17.14. Også John Sompol sette ny rekord med 1.03.15.
Andre dame var May Britt Buer, Gular, på 1.19.11, og nummer tre var Kjersti Karoline Danielsen frå Vidar på 1.20.49.
Etter John Sompol frå Barakarunners kom klubbkamerat Hillary Kipchumba på 1.05.26. Øystein Sylta frå Vidar tok tredjeplassen på 1.06.25, og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen frå BF Fana vart nummer fire på 1.06.33.
Det var opphaldsver det meste av tida i løpet, men det regna på toppen og Storehesten var innpakka i skyer. Likevel var dette ein stor deltakarsuksess med 182 konkurranseløparar og 1009 i trimklassen.
Beste tider:

John Sombol på ca 1000 meter, 8 kilometer oppe i løypa.











Thomas Henriksen (nr 79) og Sindre Hoff, hhv nr 5 og 6 i seniorklassen.

Jann Olav Tjønneland vann klasse 35-39 år.

André Haugsbø frå arrangørklubben Gaular IL

Joar Moldskred og Marius Øyre Vedvik

Gjøran Tefre var bestemann i klasse 16-17 år med 1.17.16. Totalt var det 9 i klassen.

Alv Ole Esperås vann klasse 40-44 år. Bak kjem Jørgen Jensen Axelsen(nr 4 i klasse 18-19 år) og bak han skimtar vi May Britt Buer.

Oddne Munkevold vart nummer to i klasse 16-17 år.

Carl Christian Lundberg henta fram nokre ekstra krefter når han såg Kondisfotografen.

Per Eivind Gurvin vart nummer to i klasse 40-44 år.

Therese Sjursen og Merete Weng kjempa om fjerdeplassen når det var to kilometer att, men på siste delen var det Therese Sjursen som var sterkast, ho kom i mål til fjerdeplass halvanna minutt før Merete Weng, og eitt sekund før Merete Helgheim.

Merete Helgheim kom sterkt på slutten og fekk femteplassen.

Audhild Hestad er frå Bygstad og er dermed i kjent terreng.

Karoline Holsen Kyte var einaste dame i klasse 18-19 år.

Elise Vikne frå Osterøy og Norunn Stavø frå Florø.

Vegard Hegrenes

Lars Engeli

Leiv Molland vann klasse 65-69 år.

Gry Magritt Vågane

Benedikte Aa

Torodd Os, nummer to i klasse 60-64 år

Birger Hanstveit frå Mjøsdalen IL vart nummer to i klasse 65-69 år på 1.39.52.

Jan Steinar Roset

Håvard Røneid og Bertine Thorsnes Lefdal som vann klasse 14-15 år.

Hanne Liland

Andrea Skeide Bakke vart nr. 2 i klasse 14-15 år.

Dagens eldste i konkurranseklassen: Martin Sande frå Gaular IL

Når løpet var over og folk var på veg ned, kom sola tilbake. Her er det Alena og Hans Johan Breidablik som har fotopause i det vakre landskapet.