På grunn av det glatte føret frå skuleplassen, rundt første sving og utover langs vågen vart løpet snudd. Løparane sprang ned den slakke og isfrie fylkesvegen mot E39 først.

Vinnartida til Kjetil Iden var 7.42 og han var 15 sekund føre andremann, Tore Klanderud. Helge Færø kom inn på oppløpet som tredjemann, men unge Lasse Nordal let ikkje den glatte løpebana hindra seg i ein sterk spurt. Han gav alt og kom så vidt føre Helge i mål og enda med i sigla vidare av garde på isen på skuleplassen – men tredjeplassen vart sikra.

For Kjetil Iden var det andre gong denne sesongen at han gjekk til topps på Eikanger, i alt står han no med sju karusellsigrar.

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Denne gongen med 9.07, som berre er 16 sekund etter bestetida hennar på godt føre. Så ho var tydelegvis både godt skodd og gjorde eit svært sterkt løp. Det er første sesongen ho deltek i karusellen og ho har vore raskaste kvinne i fire av dei fem løpa denne sesongen.

55 deltakarar stilte til start under dei vanskelege forholda. Laurdag 28. januar får dei og alle andre ein ny trimsjanse, då går det neste karuselløpet på Eikanger.

 

Vinterkarusell 2011-12, 5. løp.

Eikanger 7. januar 2012
Arr.: Eikanger IL
Skya, ca. 1-2° C.
Glatt rundt det meste av løypa, minus fylkesvegen.
Løpet gjekk motsett retning pga. det glatte føret.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Kjetil Iden                                       7.42

2. Tore Klanderud                             7.57

3. Lasse Nordal                                  8.01

4. Helge Færø                                     8.01

5. Arvid Hauge                                  8.45

6. Vebjørn Haugsdal                         8.54

7. Einar Skrede                                   8.58

8. Grethe Jørgensen                           9.07

9. Gunnar Hauge                               9.25

10. Sigve Hølleland                            9.39

11. Magne Jarle Myhr                       9.43

12. Sverre Solberg                             9.48

13. Øyvind Kallestad                         9.51

14. Kristian Skrede                            9.52

15. Olai Nepstad                                 9.59

16. Arve Henningsen                      10.05

17. Terje Eidsnes                              10.16

18. Hege K. Brekke                         10.35

19. Stein Tore Viken                        11.13

20. Silje Nordal                                 11.41

21. Leiv Eidsnes                                12.51

22. Magnus Elvik                             13.01

23. Elin Jensen                                  13.29

24. Kristoffer Nilsen Apelthun      14.04

25. Bente Merete  Færø                   14.05

26. Linn Christin Nævdal               14.14

 

Utan tid:

Marita Børdal, Kirsten Eide, Kåre Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Brit Lillian Melseter Haukås, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Andreas Hofslundsengen, Svein Helge Hofslundsengen, Alf  Høyland, Andreas Kallestad, Amalie Kallestad, Inge Leknes, Sverre Låstad, Malene Låstad Namdal, Emma Låstad Namdal, Sander Låstad Namdal, Sigmund Nævdal, Anna Lena Nævdal, Gerd Nævdal, Eirik Skrede, Aase Midtgaard Skrede, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Åge  Toft

 

I alt 55 deltakarar.

 

Neste løp: Laurdag 28. januar kl. 15.00.

 

Ein godt skodd Kjetil Iden tok teten ut frå start under dei glatte forholda på Eikanger laurdag 7. januar.

Kjetil Iden i den siste bakken inn til mål. Han vann ein klar siger.


Helge Færø ligg her på tredjeplass, men Lasse Nordal spurtar sterkt bak han. Lasse gav alt inn på det glatte oppløpet og tok tredjeplassen.


Grethe Jørgensen opp den siste glatte bakken. Ho gjorde eit sterkt løp under dei vanskelege forholda. Og ho spring med eit smil.

Vebjørn Haugsdal debuterte med 8.54 i karusellen. Bak han i motbakken kjem Einar Skrede og Grethe Jørgensen


Kamp opp siste bakken. Kristian Skrede fremst, følgd av Olai Nepstad, Magne Jarle Myhr og Alf Henningsen.

Tekst og foto: Stanley Hauge, Eikanger IL