64 sprang i ausande regnvêr

Jakob_Ingebrigtsen_IMG_0587

Ingebrigtsen-siger i Arborettrimmen

Jakob Ingebrigtsen var raskast i den korte løypa i det andre løpet i Arborettrimmen utanfor Sandnes 9. november.

Publisert Sist oppdatert

BILETET: Jakob Ingebrigtsen hadde trekt hetta godt over hovudet før han gav seg i kast med oppvarminga. Vinnartida hans vart 12 sekund svakare enn i det første løpet, og forholda hadde nok mesteparten av skulda for det. (Foto: Runar Gilberg)


Ca. 6 varmegrader og ausande regn var ikkje det vêret verken løparar eller arrangør hadde ønska seg. Likevel var det veldig fint å springe i den vakre og varierte løypa i Rogaland Arboret. Med ei mengde ulike tre og planteslag som ramme fekk løparane suse rundt den 2682 m lange rundløypa ein, to eller tre gonger.

Størsteparten av løypa går på gruslagte turvegar, men det er òg fleire strekk med god sti og gras. Traseen er heller kupert med ei lang og til dels bratt stigning og ein lengre unnabakke per runde.

Elleve ungar var med på Minitrimmen, og dei sprang ein flatare runde på 750 meter.

I kortløypa vart det førsteplass til to 13-åringar, Jakob Ingebrigtsen og Camilla Ziesler. Begge vann på sterke tider, 8.43,4 og 10.11,4. I den mellomlange løypa var det storesøster Caroline Ziesler som utmerka seg mest med å ha best tid av samtlege. I langløypa var trearen frå 3-sjøersløpet, Simen Bergseth, klart raskast, utan at han la like mykje i det som da han sprang på 1.12.12 i 3-sjøers ei veke tidlegare.

Dei beste uavhengig av klasse

Menn 2682 m
1Jakob Ingebrigtsen 00Sandnes IL8.43.4
2Jan Erik Wergeland 85Sandnes IL8.45.1
3Dost Mohammed 93Sandnes IL9.09.4
4Christopher R Fardan 95Sandnes IL9.42.6
Kvinner 2682 m
1Camilla Ziesler 00Sandnes IL10.11.4
2Christina Skåra 90Sandnes IL11.21.8
3Synne Eikeland 02Sandnes IL12.20.8
4Eline Wiig 02Gjesdal IL12.40.5
Menn 5364 m
1Harald Haga 67SUS BIL25.24.0
2Svein Haugland 55Lemmikäinen26.48.5
3Terje Gilberg 66Moi IL28.51.0
4Axl Kleven 02Sola Friidrett32.44.8
Kvinner 5364 m
1Caroline Ziesler 95Sandnes IL21.49.7
2Ingrid Haga 01Sandnes IL25.54.7
3Nancy Kleven 73 32.50.1
Menn 8046 m
1Simen Bergseth 92IL Skjalg30.21.9
2Runar Gilberg 65SK Vidar32.20.0
3Erling Angeltveit 63Vågen vg skole32.49.5
4Kristian Gautesen 77Statoil33.12.6
Kvinner 8046 m
1Tone Svela 44.32.2
2Kristine Kleven 83 50.21.3


Alle resultat

Fleire biletet frå løpet

Reportasje frå det første løpet

Camilla Ziesler_IA.jpg

Camilla Ziesler er berre 13 år, men gjorde unna den kuperte runden på 2682 meter på 10.11,4. (Foto: Arrangøren)

Jakob_Ingebrigtsen.jpg

Jakob Ingebrigtsen har fått ei luke til Jan Erik Wergeland og susar i mål på 8.43,4. (Foto: Arrangøren)

Nancy_Kleven_IMG_0649.jpg


Nancy Kleven har gjort unna to fine rundar i det heller intense Rogalands-regnet. (Foto: Terje Gilberg)

Simen_Bergseth_IMG_0646.jpg


Simen Bergseth frå Skjalg kan juble for førsteplass i langløypa. (Foto: Terje Gilberg)

Feltet_IA.jpg


Desse fire karane kjempa om plassane bak Simen Bergseth i langløypa. Her har dei gjort unna ein tredjedel av løpet, og Bjørnar Nedrebø leiar an framføre Runar Gilberg, Kristian Gautesen og Erling Angeltveit. (Foto: Arrangøren)

Erling_Angeltveit_IMG_0650.jpg


Erling Angeltveit kan klokke seg inn på 32.49,5 og er godt nøgd med tredjeplassen. På ei veke har mannen som snart fyllar 50, sprungi 3-Sjøersløpet, Friskkarusell rundt Mosvatnet og no Arborettrimmen. (Foto: Terje Gilberg)

Barn_1_IMG_0599.jpg


Ungane var ivrige etter å komma i gang på sin runde på 750 meter. (Foto: Runar Gilberg)

Barn_2_IMG_0620.jpg


Snart var dei i godt driv med eller utan assistanse frå støtteapparatet. I Arborettrimmen er det tilbod til alle, og dei to siste løpa i årets karusell går 16. og 30. november. (Foto: Runar Gilberg)

Powered by Labrador CMS