Du kan nå bli med på årets utfordring i Osterøy-naturen; «Osterøy på tvers» laurdag 1. juni. Fjelløpet startar på Bruvik kai og går 21,1 km over fjella til Hosanger og har målgang ved Mjøsvågen Landhandleri. Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring.

For dei som ikkje fekk plass på Bergen Fjellmaraton 6. juni, er dette ein glimrande erstatning. Eventuelt kan ein ta løpet som ein treningstur før turen over Vidden. Her er det plass til alle.

Løypa er ein halvmaraton (21,1 km) og går i hovudsak på sti. Det er ei tøff og variert løype med rundt 1300 høgdemeter. Løypa er innom Borgasetra, Njåstad, Myking og  Tveitafjellet før den går ned mot idylliske Hosanger ved Mjøsvågen.  

Løypekart: Løypekart stravalink

Løpet var nytt i fjor, og då deltok det 157 personar. Sjeldan har ei løype fått meir skryt! I konkurranseklassen var Vegard Magnussen først i mål på 2.02,02, medan Ingri Mjelde Birkeland vann kvinneklassen på 2.29,11. Rebecca Hilland frå Bergen Løpeklubb er påmeldt, så her ligg det an til ny løyperekord.     

Det er både turklasse og konkurranseklasse med vanleg aldersinndeling. I år startar turklassen klokka 9 og konkurranseklassen klokka 11. Påmelding og tidtaking ved Eqtiming. Det blir premiering frå Sport1 og Craft til dei tre beste menn og kvinner og laks frå Lerøy til klassevinnarane. I turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer, mellom anna eit par joggesko. Delar av overskotet frå arrangementet går til Barnekreftforeningen.

Det er sett opp bussar frå Hosanger til Bruvik om morgonen, men ein kan sjølvsagt parkera på Bruvik. Arrangøren oppmodar til samkøyring frå Hosanger til Bruvik etter løpet slik at folk kan få henta bilane sine. Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til målområdet.

Deltakarar må vera merksame på at det er litt bratte parti ned frå Tveitafjellet – så her må ein avpassa farten etter forholda.     

«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail,456 02 908) eller Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456).

Informasjon om løpet på Facebook: https://www.facebook.com/events/450316993999163

Påmelding: https://live.eqtiming.com/68895#dashboard

Løypen_Osterøy på tvers.JPG
Løypa går, som namnet seier, på tvers av Osterøy.

ØrjanNilsenTveitafjellet_2.jpg
Ørjan Nilsen frå Varegg på toppen av Tveitafjellet, før nedstiginga til Hosanger