Kossdalssvingane Opp - Fredag 4. november 2011 
 
Kossdalsvegen
Kossdalsvegen er ein verna vegstrekning, som går frå Hosanger til Svenheim. Vegen vart bygd på pliktarbeide frå grunneigarene rundt århundreskiftet 1800 - 1900.

Tilkomst til vegen frå Hosanger eller Svenheim:
Ca 24 min køyring frå ferje Breisten - Valestrand, eller frå Kvisti bru. Køyr til Lonevåg, der tek du vegen beint fram mot Hosanger, eller ta av mot høgre til Fitje, der du tar av på ny til Svendheim.

Tilkomst frå Hosanger:
Frå sentrum Hosanger og inn til Kossdalssvingane er det ca 3 kilometer til start.

Parkering:
ved Mjøs Metallvarefabrikk A/S (ta av frå sentrum i Hosanger og køyr mot Åsheim) Frå parkeringsplassen er det ca 3 km til Kossdalssvingane og start for løpet Kossdalssvingane Opp.

Mørkredd?
Er du litt mørkredd, eller ynskjer å gå saman med nokon, kan du møta opp på parkeringsplassen seinast kl. 18.00 på løpsdagen. Det er grusveg fram til start, men ingen veglys, så det er viktig å hugsa lykt.
Faklar vil verta sett opp for å visa rett veg, og Kossdalen er trolsk og stemningsfull.

Tilkomst frå Svenheim:
På Svenheim er det mogeleg å parkera like ved toppen av Kossdalssvingane. (Når du har tatt av frå Fitje, fylgjer du vegen heilt til topps). Parker på parkeringsplassen ved vegen til Kossdalsvingane eller køyr 100 meter til, og parker ved Svenheim Møbelfabrikk. Frå parkeringsplassen er det ca 200 meter å gå til målområdet for Kossdalsvingane, og ca 700 meter å gå nedover svingane til du er ved start. Svingane vil vera opplyst med faklar, men det vil likevel vera naudsynt med lykt for alle deltakarar.

Løpet:
Start turklasse: kl. 19:00 - kl 19:15  
Start konkurranseklasse: kl. 19:30
Løpet startar ved innerste del av Kossdalsvegen og går til toppen av dei 17 kossdalssvingane som slyngjer seg opp eit bratt skar. Heile løypa er ca 700 m (230 meter frå start til første svingen). Høgdeskilnad frå start til mål ca 120 m. Grusveg.

Påmelding:
Påmelding ved start.
Pris: born 20,-, Vaksne: 50,-

Bål i målområdet:
Vi lager bål og serverer varm gløgg og saft i målområdet. Ta gjerne med ei pølse eller to, og ta kveldsmaten ute i det fri.

Premiering:
Premiering i konkuranseklassen.
Premier trekkes ut blandt deltakarane i turklassen, og alle born som tek turen vil bli gjort stas på med ein liten premie,

Kom og vær med på eit stemningsfult og spannande arrangement!

Ynskjer du meir informasjon, kontakt Mjøsdalen IL ved Øystein Øvsthus. Mob. 95 22 04 56 Tlf 56 19 30 03 (arb) Tlf. 55 95 14 64 (priv) eller mail: oystein@mjoesmetall.no.


SJÅ RESULTAT FRÅ TIDLEGARE ÅR på arrangøren si heimeside;

Løyperekorder:
Menn:     Øyvind Loftås Nilsen    3,27      2008
Kvinner: Bente Midtun                 4,15      2006


Og etter målpassering er me stolte av medaljane.                                             Foto frå Mjøsdalen IL si heimeside.


Stemningsfullt langt utover det kamera klarer å fanga opp her.