
Foto Anne Jenny Dvergsdal, Tekst Christian Prestegård
Laurdag 19. juni vart det folksomt på fjelltoppen Molden i Luster Kommune. Den fyrste utgåva av motbakkeløpet MOLDEN OPP vart ein knallsuksess, Heile 750 deltakarar. ( 118 i konkurranseklassa og 632 i trimklassa) gjennomførte det 7km lange motbakke-fjelløpet med 1116 meter stigning opp frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden til fjelltoppen Molden. Orda strekk ikkje til. Eg overlet formidlinga av den praktfulle oppturen til omlag 35 foto nedanfor. På fotoet ovanfor er det reine "Tour de France-stemninga" då Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL spring i mål til 4 pl. totalt.
Sjå www.moldenopp.no for meir info inkl resultatlista. Sjå også flott bildereportasje "Motbakkesuksess i Luster" på www.nrk.no/sfj
Molden Opp var det fyrste av to løp i "Luster Dobbel Opptur" der Buff Fanaråken Opp er det andre den 7 august www.fanaraaken.com .

Øyvind Heiberg Sundby , Tjalve, som har hatt ein litt tung start på sesongen , fekk endeleg kroppen til å fungere på "heimebane". Det vart ein etterlengta siger på tida 50,23 etter to andreplassar tidlegare i år bak motbakketalentet Asbjørn Berland ( 18 år ).

18-åringen Asbjørn Berland, Samnanger, har hatt ein knallstart på sesongen med sigrar i m.a. Storehaugen Opp, Stalheimskleiva Opp, Ulriken Opp og Gullfjellet Opp, men i Molden Opp fekk Asbjørn det tungt då han prøvde å følgje Øyvind og måtte konsentrere seg om å berge 2. plassen. Avstanden fram til Øyvind vart nesten 3 min.

Rune Opem, IL Dalebrand, overraska med ein sterk tredjeplass på tida 53,50. Rune som jobbar i den største verksemda i Luster , Avery Dennison NTP, debuterte som motbakkeløpar i Molden Opp. 6 dagar før sette han ny løyperekord i det 10km lange Lustraløpet på vel 31 min.

Emelie Forsberg frå Sverige vart nr 3 i dameklassa på 1.04,05. Emelie jobbar på Turtagrø Hotel og har dermed gode treningsforhold for motbakkeløp. Per Endestad frå Eikefjord spurta forbi Emelie på dei siste metrane....

Det er deltakarane i trimklassa som lagar stemninga på toppen når konkurranseløparane kjem stormande i mål Her er det Kjell Mundal frå Jølster som har mål i sikte.

Finst det flottare drikkestasjon ? Drikkestasjonen ved Steinkveane 530 moh med flott utsyn innover Lustrafjorden mot Skjolden og Turtagrø der løp nr. 2 i Luster Dobbel Opptur , Buff Fanaråken Opp 7. august.

Trimklassa sette sitt preg på Molden Opp med heile 632 av totalt 750 deltakarar
Meir enn 100 born frå 5 - 14 år deltok i trimklassa. På fotoet ovanfor ved omlag 900 moh har to av dei aller yngste flott utsyn innover Lustrafjorden og mot løypetraseen for Fanaråken Opp som går 7. august..

Bratt opptur i flott tur - og løpsterreng ovanfor siste drikkestasjon på Svolsete. Når desse trimmarane snur seg rundt kan dei sjå ned på drikkestasjonen på fotoet nedanfor frå Svolsete.

Løpsleiaren for Storehaugen Opp i Lærdal , Bjørghild Holien ( til venstre ) på "studietur" saman med familien, møtte Kondis.no-fotograf Anne Jenny Dvergsdal med familie på nedturen. Bjørghild vann også klassa si på tida 1.12.04. Anne Jenny var også fotograf for NRK Sogn og Fjordane. Sjå www.nrk.no/sfj

Før me blir med trimklassa heilt til topps skal me ta turen ned at for å få med nokre fleire foto frå løypa mellom Marifjøra og Svolsete.

Utsyn sørover frå mål . Merk at "Toppvarden" på Molden 1116 moh var mål kun i trimklassa. Av praktiske omsyn er mål i konkurranseklassa flytta 150 meter lenger inn på fjellet. Dei neste bileta er frå målgangen i konkurranseklassa:

Den tidlegare fotballspelaren Jarle Flo , Sogndal IL, er no også på TOPP som motbakkeløpar. I Molden Opp vann han kl. 40-44 år på 1.00.36

Arvid Brudevoll, Vik IL ( startnr. 120 ) og Svein Arne Haugen, IL Bjørn ( 47) sprang likt i mål på 58.56

Knut Anders Molland, IL Bjørn ( 84) og Geir Urnes (48) sprang også likt i mål. Dei fekk sluttida 1.11.08

Malene Haukøy , Il Høyang ( D 18-19 ) og Odd Erik Haugen, IL Bjørn ( M 50-54 ) fekk same sluttid 1.11.51

Det vart ein ubeskriveleg flott opptur frå Marifjøra der eg tok mine fyrste steg i 1956. Det var mykje kjensler i sving frå start til mål denne dagen . Heilt sidan eg tok initiativet til motbakkeløpet Fanaråken Opp i 2003 har eg hatt eit løp opp til Molden i tankane...Den 19. juni 2010 vart ideen realisert og deltakinga vart langt større enn kva eg hadde drøymt om fyrste året. 750 deltakarar i mål på Molden er nesten det dobbelte av kva eg trudde vi kunne få fyrste året. Det har vorte eit eineståande engasjement for løpet både frå arrangørklubben IL Bjørn, Luster Kommune og næringslivet i kommunen. inkl Tørvis Hotell . Makan til oppslutning skal du leite lenge etter..Molden Opp har eit kjempepotensiale og IL Bjørn har dei ressursane og den kompetansen som skal til for å arrangere eit stort motbakkeløp i verdstoppen...

Ordføraren i Luster Kommune Torodd Urnes har vore ei viktig drivkraft bak det sterke engasjementet for å få "heile" Luster Kommune ut på opptur i Molden Opp og Fanaråken Opp...Urnes har ved fleire høve nytta media til "Motbakkeoppmodingar" til alle tilsette i kommunen inkl kommunestyret ! Her blir Urnes intervjua av speaker Ove Nyland på premieutdelinga ved Tørvis Hotell.

Tørvis Hotell i Marifjøra var arena for både startnummerutdeling, premieutdeling og bankett. Hotellet ligg rett ved startstreken for Molden Opp. Her er arrangements-mentor Anders Fortun på veg ut for å førebu starten av løpet. Den 7. august er han også startar og løpsleiar for Buff Fanaråken Opp , www.fanaraaken.com som er det andre løpet i Luster Dobbel Opptur.