Laban Siro viste storform igjen. Han vann KK-joggen - kvartmaraton i Katrineholm i Sverige på tysdag framføre Francis Kipketer Chesumei. No venta arrangøren Fjorda-alliansen på revansjeoppgjer.

Bergprisen på ny rekord til Kipketer Chesumei
For Chesumei starta det riktig godt. Han var fyrst oppe på "Bergprisen" etter 2950 m. 9.58 var 12 sekund forbetring av Laban Siro sin rekord frå i fjor. Laban var "heile" 20 sekund bak med 10.18 og Robert Kibor Limo 11.09. Men i unnabakkane fekk Chesumei problem med hamstringen. Etter 6 km tok Laban han igjen. Til kondis.no fortel Chesumei at han hadde ikkje sjanse til å fylgje. Det starta i løp i Kalmar på uvant sandunderlag, ei veke seinare var det Katrineholm i forferdeleg uver, før han var skikkeleg restituert (Sondre, Sindre og Thomas - listen, listen). Likevel kom han inn på 34.39 og vann yngste veteranklasse på nestbeste tid i løpet si niårige historie.

Laban tok løyperekorden med 16 sekund
På førehand sa løyperekordhaldar Laban Siro at rekorden ville ryka. Men han sa ikkje kven som ville ta han. Når Francis vart skada så var det flott at Laban pressa løyperekorden ytterlegare ned - for å stadfesta at uansett var det eit strålande løp. Tid 33.35. På tredjeplass kom nok ein kenyanar Robert Kibor Limo. Han er student, og studerer internasjonal business økonomi i Sverige. Tid 37.34. Fjerde beste tid på rankingen - klart bak Ragnar Stølsmark og så vidt føre tidlegare løyperekordhaldar Svein Erik Eide (som sikkert hadde følgt dagens vinnar og kanskje slått han då han var i norgestoppen).

Trude Solvi Nordstrøm tok "Bergprisen" for kvinner
Som i herreklassen var det forskjellig vinnar på Bergprisen og i mål. Trude Solvi Nordstrøm hugser mange som ein solid langdistanseløpar for nokre år sidan. Kondis hugser 1.30.08 på Haugesund halvmaraton for om lag ti år sidan og 3.20 i Oslo Maraton. Den utruleg blide jenta var først av tre godeog blide jenter på toppen. Berre 17 sekund skilte dei. Trude 13.23, Kjersti Fresvik, Røldal IL 13.40 og Maryna Novik, 13.43.

Maryna Novik vinn for andre gong
Dei kjempa side ved side mest heile vegen, men siste stykket  mot mål klarte vinnaren frå 2009 Maryna Novik, Vindafjord IL å koma 9 sekund føre. Kjersti Fresvik, Røldal IL gjorde også eit godt løp og vart nr 3 på tida 47.09. Arrangøren Fjorda-alliansen merka med glede Kristine - og Lene Røgelstad, Skånevik IL som debuterte med solide 62.22 og 62.30. Flott levert!

I alt 245 deltakarar i det 9. "Langs Åkrafjorden".

Bilete frå arrangementet under resultatlista.

 
Resultater fra løpsklassa i Langa Åkrafjorden 13. august 2011

               
Klasse: Nr. Namn E-namn Klubb Født BERG MÅL
Menn:              
J 15-16 1 Kristine Røgelstad Skånevik IL 1996 18.11 62.22
J 17-18 1 Lene  Røgelstad Skånevik IL 1993 18.12 62.30
KJ 1 Kjersti Fresvik Røldal IL 1992 13.40 47.09
KS 1 Maryna  Novik Vindafjord IL 1981 13.43 45.06
KV 35-39 1 Trude Solvi  Nordstrøm ---Privat--- 1975 13.23 45.15
Kvinner:              
G 15-16 1 Jostein Skare Thygesen IL Korlevoll 1995 13.31 46.09
G 15-16 2 Odd Olav Aga Koll IL 1998 16.03 59.05
G 15-16 3 Oscar Aga Lyn IL 2001 16.03 59.38
G 15-16 Ole  Rullestad Fjæra & Rullestad IL 1996 13.16 BROTE
G 17-18 1 Erik Rullestad Fjæra & Rullestad IL 1994 12.16 45.58
MS 1 Laban Siro IFK 1984 10.18 33.35
MS 2 Robert Kibor Limo IK Ymer - Sverige 1985 11.09 37.24
MS 3 Tom Andrè Alstadsæther NTNUI 1980 16.39 53.16
MS 4 Thor Øystein  Velde Auklandshamn IL 1984 16.39 53.16
MS 5 Thor Christian Jacobsen Auklandshamn IL 1980 16.47 56.47
MV 35-39 1 Francis Kipketer Chesumei Kenya Inernational 1976 9.58 34.39
MV 35-39 2 Bjørn Ketil Sørvik Bremnes Seashore 1975 13.22 47.21
MV 35-39 3 Arve Henningsen Tellneslærarane 1972 15.54 54.06
MV 40-44 1 Arild  Bjordal Haugesund IL 1971 13.57 48.07
MV 40-44 2 Stian  Hole Lyn IL 1969 16.03 59.38
MV 40-44 3 Trygve Gunnar B Henriksen IFK 1969 19.46 67.16
MV 45-49 1 Thor Arne  Dommersnes B.I.L. Hydro 1965 13.03 42.44
MV 45-49 2 Jan Ove Hemnes ---Privat--- 1965 15.08 53.05
MV 45-49 3 Sven Kristiansen ---Privat--- 1963 15.33 55.38
MV 45-49 4 Anders Tjøsvold ---Privat--- 1963 17.35 62.24
MV 45-49 5 Olav  Samland IFK 1963 17.50 62.51
MV 50-54 1 Jan Birger Hansen HIL 1958 13.21 43.09
MV 50-54 2 Jens Tjøswold Statoil B.I.L. 1961 13.35 45.01
MV 50-54 3 Thomas Lübs WFB Waldshut 1961 15.10 52.04
MV 55-59 1 Harald Måge IFK 1954 15.49 54.06
MV 60-64 1 Skjalg Duesund IFK 1948 14.03 47.48
MV 60-64 2 Gisle  Sellevold IFK 1951 19.46 67.20
MV 65-69 1 Øystein E. Eskeland Stord T.I.L. 1945 16.11 56.07
MV 65-69 2 Gunvald  Gundersen IFK 1942 18.10 58.22
               



Francis Kipketer til venstre og Laban Siro til høgre, sette farge på Langs Åkrafjorden.  Foto: Gisle Sellevold


Langs Åkrafjorden er også for syklistar. Her tre unge damer som gler seg.                                     Foto: Gisle Sellevold


Erling Sævareid melder seg på til 11 km langs Åkrafjorden. 8. juli fyllte han 90!                              Foto: Gisle Sellevold


Frå venstre: Maryna Novik, Trude Solvi Nordstrøm og Kjersti Fresvik.                                                 Foto: Gisle Sellevold


Fire heidersmenn og vinnarar: Francis Kipketer, Inge Tjelle, Laban Siro og Robert Limo.        Foto: Gisle Sellevold


Guess who`s the most proud...                                                                                                          Foto: Gisle Sellevold


IF Klypetussen si høgste utmerking for 2010 "Innsatspokalen": Harald Måge. Han er trufast i alt lagsarbeid. Han stiller opp, gjer sitt beste, og er eit skikkeleg JA-menneske.  Flott innsats også i Langs Åkrafjorden. Foto: Sellevold


Tre utlendingar på topp i løpsstemne i Etne - for fyrste gong. F.v. Nr 1: Laban Siro, nr 2: Francis Kipketer, nr 3: Robert Limo. (Foto: Gisle Sellevold)