Ingen norske menn har klart å vinne Skåla Opp sidan 2007, då Jon Tvedt vann på tida 1:08:39. Frå 2005, då Europameistar Florian Heinzle vann, har Skåla Opp vore eit internasjonalt toppløp som har samla verdas beste motbakkeløparar. Løyperekorden er i dag på 1:07:06 og tilhøyrer Ahmet Arslan, Tyrkia (2012), som har seks EM-gull i Mountain Running (både motbakkeløp og opp-og-ned-løp). Arslan, som også vann Skåla Opp i 2011, deltek ikkje i år. Fotoet nedanfor av Arslan er frå 2012. Foto Christian Prestegård
Eg legg favorittstempelet på Angermund-Vik fordi han har dokumertert til gangs at han er i verdstoppen når det gjeld å springe bratte motbakkeløp ved å bli dobbel verdsmeistar i Skyrunning. For 17 dagar sidan vann han VM-gull i Skyrunning Vertikal i Dei spanske Pyreneane. Vertikal-løypene er bratte! Oftast over 30 % gjennomsnittleg stigning og høgdeskilnaden er alltid om lag 1000 m. Løypa Angermund-Vik blei meister i var 2.8 km lang med 1030 meter stigning! Dagen etter VM-gullet i Vertikal vann han også VM i Skyrunning Marathon 42 km. Sjå reportasje frå VM på kondis.no
Foto frå seierspallen i VM i Skyrunning med dobbel verdsmeistar Stian Angermund-Vik (f. 1986). Foto Phillip Reiter.
Angermund-Vik er sjølv optimist før løpet på laurdag og stiller til start for å kjempe om sigeren. Når Stian pratar har han begge beina på jorda og er realist. Med så tøff konkurranse som det er i Skåla Opp må alt klaffe, og han er realist i forhold til løyperekorden til Arslan på 1:07:06. «den har jeg ikke mulighet til å klare»
I skrivande stund er løypa 100% snøfri og om det ikkje kjem snø som blir liggande løpsdagen trur eg at Angermund-Vik i alle fall har stor sjanse til å springe raskare enn 1:08:39.
Det skal i herre- og dameklassa kjempast om tilsaman kr 152.000 i pengepremiar + evt kr. 170.000 tot i rekordbonus ved løyperekord. Raskaste kvinne og mann får 35.000kr kvar og løyperekordbonus er kr. 85.000. Det er pengepremiar til dei 8 beste kvinner og menn) Sjå meir info på www.skaala.no
Dei tøffaste konkurrentane i herreklassa er:
Jonathan Wyatt (f. 1972) New Zealand. Har vunne Skåla Opp 4 gonger. 2008 (1.08.42), 2010 (1.08.30), 2013 (1.09.39), 2014 (1.08.59). 7 VM-gull i Mountain Running. Har vunne alle greiner både Opp, Opp&Ned og Langsdistanse. Foto Christian Prestegård
Andrew Douglas, Scotland (f 1986). Eg spurde Andrew om han kunne rangere sine 3 beste løp innan fjelløping. Då nemner han : 1.pl i verdcupløpet i Slovenia 2015, 6.pl i VM Mountain Running Up and Down i Wales i 2015 og årets 4. plass i EM Mountain Running Up and Down i Italia.
Francis Muigai Wangari (f 1990), Kenya, representerer run2gether. Wangari vart nr 2 Verdscup-motbakkeløpet Grintovec i Slovenia i Juli. I det siste verdscupløpet Schlickeralmlauf i Østerrike for 10 dagar sidan vart han nr 3. Den norske favoritten Angermund-Vik har æra for at Francis kjem til Skåla. Stian møtte Francis i fjor i Grossglockner Berglauf der Stian vann og Francis vart nr 3. Angermund-Vik anbefalte Francis å ta turen til Skåla Opp.
David Schneider, Sveits (f.1981) har topp-plasseringar internasjonalt både i orientering og fjelløping. I 2011 vann han verdcupen i fjelløping. Året før kom han til Noreg og vann Fanaråken Opp og vart nr 3 i Skåla Opp med 1:12:50. Foto er frå Skåla Opp i 2010. I fjor vart David nr 2 i EM i motbakkeløp etter Johan Bugge. Foto Christian Prestegård
Stian Øvergaard Aarvik, Gneist, som er berre 19år (f. 1997), kan trygt kallast ung og særs lovande. 17. juli imponerte han med å bli nr 2 i verdscupløpet Dolomites Skyrace i Italia. I fjor vart Stian Europameistar i motbakkeløp for junior og må i år reknast med i tetskiktet også i Skåla Opp. Foto Martina Valmassoi. Salomon
I dameklassa er det vanskeleg å utpeike ein klar favoritt, men vinnarane er nok ei av dei 4 fyrste damene som er presentert nedanfor:
Antonella Confortola Wyatt (f. 1975), Italia. Har vunne Skåla Opp 4 gonger 2009 (1.26.35), 2010 (1.23.19), 2011 (1.23.05) og 2015 (1.23.19). Foto Christian Prestegård
Laura Orgue (f. 1986) Spania. Nr 1 i La Sportiva Skåla Opp 2014 på 2.22.07 og vart nr 2 i fjor på 1.24.45. Foto Christian Prestegård
Annie Bersagel (f. 1983) USA / Under Armour. Annie vann sist helg Fanaråken Opp. Tidlegare i år har ho ma. også vunne Kvasshovden Opp og Molden Opp som var NM motbakkeløp 2016 (og slo NM-vinnaren Eli Anne Dvergsdal i dette løpet), I 2013 vart ho Amerikansk meistar på maraton og i 2006 på halvmaraton. Annie har sprunge maraton på 2:28.29. Foto Christian Prestegård
Eli Anne Dvergsdal (f 1991) , IL Gular vart i fjor nr 2 i EM i motbakkeløp. I år vann ho sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp og vart nr 9 i VM i Skyrunning Vertical. I forkant av Skåla Opp i fjor vart ho sjuk og måtte nøye seg med ein 6. plass i sin debut i det løpet. Foto Christian Prestegård
Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL (f.1968): VM-gull langdistansefjelløp 2007. EM-gull motbakkeløp 2007. VM-Gull motbakkeløp lag 2008. 4 NM-gull motbakkeløp. Saman med Antonella Confortola er Anita mestvinnande dame i Skåla Opp med fire 1. plassar. Løyperekord Skåla Opp 1.20.06 (2008). I fjor vart då 47-år gamle Anita nr 3 på 1.27.56. Foto Christian Prestegård
May Britt Buer, IL Gular (f.1977). 3 NM-gull motbakkeløp. 3 sigrar i Norgescupen i motbakkeløp . Tre 2. plassar i Skåla Opp. Bestetid Skåla Opp på 1.24.58 i 2013 som dette fotoet er henta frå. Foto Christian Prestegård.
Det høge målet Skålatårnet med mållinja på 1843moh. Etter å ha tilbakelagt 1814 høgdemeter i den 8,2km lange Skåla Opp-løypa frå Tjugen i Loen 29moh. Foto Christian Prestegård
La Sportiva Skåla 1848m rett opp som vart starta i 2002 har i år 15års-jubileum. Sidan 2010 har løpet kvart år hatt mellom 1714 og 1935 deltakarar (rekord 2014). Løpet vart fullteikna på 50min. i konkurranseklassane, medan det ikkje er deltakarbegrensing i trimklassa. I trimklassa er det også etterpåmelding ved start på Tjugen løpsdagen, men arrangøren ved løpsleiar Erik Brendefur oppmodar alle om å melde seg på via nettpåmeldinga før kl. 22:00 fredag 12. aug. For påmelding og meir info sjå www.skaala.no. Følg også med på facebooksida Skåla Opp.
Slik gjekk det i fjor: Sjå løpsreportasje på Kondis.no og ei ekstra stor Bildereportasje