Årets VM i fjelløping for veteraner (WMRA World Masters Mountain Running Championships) hadde samla 872 deltakarar frå 30 land. Anna Margrethe Tråve frå Lærdal var i år einaste norske deltakar. Sidan 2005 er det berre to andre nordmenn som har delteke i VM i fjelløping for veteraner: Jon Tvedt, ILGular og Christian Prestegård , IL Fanaråk/Kondis.

I år var løypa ei OPP og NED løype med same start og målområde. Løypelengda for dei eldste klassane var kortare enn for dei yngste. Sjå Løypebeskrivelsen .

Tråve som deltok i kl. 55-59 år, sprang to rundløyper på tilsaman 8680 m med 493 m samla stigning. Tråve sprang i mål til ein sterk 2. plass (av 31) med tida 50.13. Blanka Paulu, Tsjekkia vann på 49.30 medan Daniela Moras , Italia på 3. plass hadde 51.08. Sjå Resultatlister

Sjå også omtale på www.wmra.info

Ingressbilde: Anna Margrethe Tråve i årets La Sportiva Skåla 1848m rett opp. Det vart ny klassesiger på 1.41.37. Foto Christian Prestegård