Alle foto: Anne Jenny Dvergsdal, Tekst Christian Prestegård
Anita Håkenstad Eversten, Øystre Slidre IL, har ikkje løpt ei motbakkeløp etter at ho hausten 2008 vart skada. Det har vorte mykje langrennstrening som alternativ trening. I dag var tida komen for å få ein test på løpsforma før Buff Fanaråken Opp 7. august og La Sportiva Skåla 1848m rett opp 14. august. Mefjellet Opp i Valldal vart ei særs vellukka "testløype" for Anita. I ei variert løype på 7 km med 1100 m stigning fekk ho det svaret ho hadde håpa på.
Anita sette ein ny sterk løyperekord på 51.21 og forbetra den gamle løyperekorden med over 5 min. Det var berre 4 menn som sprang raskare !
Den som sprang aller raskast i herreklassa var 19-åringen Johan Bugge, Eidsvåg IL. Han sette også ny løyperekord med tida 45,39 og forbetra den gamle rekorden til Hans Martin Gjerdrem, Valldal IL med 24 sek. Hans Martin vart i år nr. 3 på 49,08. Øyvind Bugge, Eidsvåg IL på 2. plass fekk tida 47,41.
Nedanfor er det no publisert stor bildereportasje med 34 bilder. Det var perfekte løpstilhøve med sol og 18-20 grader då 184 deltakarar forbetra den gamle deltakarekorden med 75% !
Sjå www.mefjelletopp.no for fullstendig resultatliste og meir info om løpet.

Anita Håkenstad Evertsen passerer 1000 moh og har kun 100 høgdemeter igjen til mål og ny løyperekord i særklasse !

Johan Bugge, Eidsvåg IL ( kl. 18-19 år !) sette ny løyperekord på 45,39 i den 7 km lange løypa med 1100m stigning

Øyvind Bugge, Eidsvåg IL, hadde berre sin yngre bror Johan framfor seg i mål. Øyvind vart nr. 2 på 47,21

Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, vann i fjor NM i motbakkeløp og hadde løyperekorden i Mefjellet Opp før løpet i dag. I dag vart Hans Martin nr 3 og mista løyperekorden til Johan Bugge. Iflg Hans Martin vart det ein tung dag opp til Mefjellet med tunge bein ( hovudfokus er Skiskyting !). Hans Martin vann i vinter sitt andre NM-gull på 20-km skiskyting. I Mefjellet Opp bidrog han til flott markering for "Team La Sportiva" med 1. plass ( Anita ) og 3. plass.

Sven Nylund. Molde Olymp, blei den siste i herreklassa som klarte å kome i mål før Anita. Sven vann kl. 40-44 år og vart nr. 4 totalt på 49,35.

Stilstudie av Anita Håkenstad Evertsen. I Mefjellet Opp går løypa i fjellterreng kun dei siste 400 høgdemetrane. Det er bilveg opp til siste drikkestasjon på Nysetra og dersom arrangøren har den stasjonen open med drikkeservering og førstehjelp til siste løpar har kome seg ned frå fjellet så kan arrangøren med fordel redusere vektgrensa på sekken til 1,5 kg. Sjølv pakka eg sekken full med ulltøy og overtrekksjakke og bukse og då vart vekta på sekken 1,5 kg. Då var eg utrusta for langt tøffare fjelltur enn Mefjellet Opp. Det er opp til kvar arrangør å vurdere vektgrensa. Vektgrensa på 2,5 kg vart sett opp ut frå erfaringane og behovet til deltakarane i Skåla 1848m rett opp og det er jo det mest krevandre og tøffaste av motbakkeløpa med 1819 høgdemeter mellom start og mål. Fleire arrangørar som kan samanliknast med Mefjellet Opp har i år sett vektgrensa på den obligatoriske sekken til 2,0kg. Jfr. Buff Fanaråken Opp www.fanaraaken.com og Molden Opp www.moldenopp.no

Gunnhild Bugge, Eidsvåg IL vart nr 2 totalt i dameklassa på 1.04.33. Det var over 13 min fram til Anita på 1. plass. Her ved passering 1000 moh ligg Øystein Bjordal, IL Lauparen, bak Gunnhild. I mål var han 17 sek raskare.

Premiepallen med dei tre raskaste damer og herrar. Frå Venstre mot høgre: Hans Martin Gjerdrem (3), Mathea Gjeitnes (3), Anita Håkenstad Evertsen (1), Johan Bugge (1), Gunnhild Bugge (2) og Øyvind Bugge (2)

Lars Anders Hoel, Valldal IL vart nr 8 totalt i herreklassa på 52,59 og nr 2 i kl. 18-19 år bak dagens raskaste Johan Bugge.

Anders Bugge, Eidsvåg IL, vann kl. 14-15 år på 57,00. Fam. Bugge frå Eidsvåg IL var godt representert på toppen av resultatlista med Johan, Øyvind, Anders og Gunnhild !

Geir Marius Øie , Stordal ( bakerst ) har fått ein lynrask trimmar som hare dei siste 100 høgdemetrane mot mål

Ludvig Karlsen, NTNUI ( 70) vann kl. 65-69 år på 1.10.37. Bak kjem Ottar Sætre , Lauparen ( raud bukse) i kl. 55-59 som fekk same tid !

Kondis.no fotograf Anne Jenny Dvergsdal kan nyte det praktfulle utsynet og vidsynet frå mål på Mefjellet. Dette gav meirsmak og no har arrangøren fått så mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane at dei nok vil satse endå meir på PR og marknadsføring av Mefjellet Opp 2011 ! ..og nedanfor avsluttar me denne bildereportasjen med nokre foto frå trimklassa. Der er det eit stort rekrutteringspotensiale...