Tekst og foto: Stanley Hauge

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne med 8.19, og det var tredje gong denne sesongen ho var best. I alt har ho vore raskaste kvinne 27 gonger i karusellen.

Nærast Klanderud kom Harald Marthinussen på 7.48, som var klar sesongbeste for han. På tredjeplass kom Kristoffer Hopland på 8.05. Det er den beste plasseringa ungguten, som i år stiller i 14-årsklassen, har oppnådd til no.

Vidare nedover på lista var det mange veteranar. Bjarne Gausvik noterte sesongbeste med 8.07. Egil Opsal i klasse MV 60 sprang på 8.29 og kutta med det sju sekund av den tidlegare besenoteringa si.

Etter ein kjemperask spurt dei siste 40-50 meterane kom Amalie Kallestad i mål på 8.55. For første gong kom ho under ni minuttar, og jenta i 11-årsklassen (f. 2006) var dermed ti sekund raskare enn nokon gong før.

I alt var det 89 deltakarar i løpet laurdag 28. januar. Heile 55 av dei tok karusellen som trim utan tidtaking. Forholda var ok med berr veg, litt yr i lufta, men med litt sur trekk imot enkelte stader rundt Eikangevågen. Neste løp går laurdag 18. februar.

klanderud-tore0926-n1500-28.jan17-640.jpg
Veteranen Tore Klanderud vann for andre gong på rad karusellen på Eikanger, og som for tre veker sidan var vinnartida hans 7.28.
 

Vinterkarusell 2016-17, 6. løp.
Eikanger 28. januar 2017
Arr.: Eikanger IL
Skya, yr, berr veg, + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Tore Klanderud 7.28

2. Harald Marthinussen 7.48

3. Kristoffer Hopland 8.05

4. Bjarne Gausvik 8.06

5. Rolf Vabø 8.12

6. Stein Tore Vinterstø 8.16

7. Grethe Jørgensen 8.19

8. Egil Opsal 8.29

9. Johannes Hopland 8.41

10. Hogne Haugsdal 8.47

11. Amalie Kallestad 8.55

12. Magne Andre Taule 9.25

13. Arve Henningsen 9.35

14. Terje Eidsnes 9.43

15. Gunnar Hauge 9.50

16. Idar Odland 10.02

17. Are Flekke 10.13

18. Jan Kårbø 10.17

19. Kjell Namtveit 10.27

20. Olai Nepstad 10.51

21. Stein Tore Holsen Viken 11.37

22. Sverre Solberg 11.41

23. Mats Johan G. Oppedal 12.13

24. Silje Nes Sjursen 12.50

25. Malene Landro Sjursen 12.58

26. Sondre R. Eidsnes 13.18

27. Anders Eidsnes 13.25

28. Astrid Nes Sjursen 13.39

29. Trond Austrheim 13.42

30. Trude Austrheim 13.43

31. Håvard Andre G. Oppedal 13.52

32. Øyvind G. Oppedal 13.53

33. Frode Sjursen 14.22

34. Eline Nes Sjursen 14.23

Utan tid:

Ingrid Søiland Askvik, Syvert Søiland Askvik, Marte Reigstad Clausen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Benedikte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Sjur Øren Heggernes, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Steffen Helgesen, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Inge Nævdal, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Live Ramsvik, Silas Raunehaug, Håkon Rongved, Elisa Søiland, Grethe Titland, Åge Toft, Janina Øvretveit, Tobias Øvretveit


Neste løp:

Laurdag 18. februar 2017 kl. 15.00.

Kondisreportasjer Eikanger Vinterkarusell

26.november 2016 : Halfdan-Emil Færø og Grethe Jørgensen raskest på Eikanger