Jakob Ingebrigtsen har skjemt oss bort med massevis av medaljar. Er den norske gullæraen over?

Er den norske gullalderen over?

Etter mange år med meisterskapssuksess måtte dei norske friidrettsutøvarane reise heim frå Tokyo-VM utan medaljar av nokon valør. Nedturen kom etter sju VM/OL på rad med minst ein norsk gullmedalje. Femteplassen til Karsten Warholm vart beste norske plassering.

Publisert

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7–2025.

Så å seie alle gulla sia 2017 har vori levert av Jakob Ingebrigtsen og Karsten Warholm, og når ein av dei ryk på ein langvarig skade før meisterskapet, og den andre opplever at det smell i leggen idet startskottet i finalen går, blir det fort tynt. Ikkje minst sia dei to andre gullkandidatane, tikjemparane Markus Rooth og Sander Skotheim, opplevde ca. det same. Rooth skada seg før VM, og for Skotheim enda VM med disk etter ei ureglementert hekkepassering.

Rauk ut

Dermed kunne svenskane hovere – med to gull og ein bronse på konto. Sveriges eine 1500 m-mann, Samuel Pihlström kom til finalen, medan Noregs tre kandidatar – Håkon Moe Berg, Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås – rauk ut i forsøk eller semifinale.

Men nettopp det at Noreg har så stor løpsbreidde at vi kan stille med tre kvalifiserte menn på 1500 meteren i eit globalt meisterskap, gjer at biletet er langt frå svart. Moe Berg er berre 19 år, og kan allereie i EM til neste år vera ein å rekne med.

Nestoren i norsk mellom- og langdistansespringing dei siste sju-åtte åra, Jakob Ingebrigtsen, gjekk ikkje med på at medaljetørken i Tokyo markerer starten på slutten for den norske gullalderen. Snarare la han vekt på den læringa dette VM-et har gitt. – Som vi har sett i dette meisterskapet, har vi alle svake sider som akkurat no kom opp til overflata. Det var berre eit tidsspørsmål før det ville skje, men dette er ei fin moglegheit for både meg og dei andre til å ta tak i dei svakheitene vi har, og som ikkje er så synlege når alt klaffar og vi vinn. Men det at dei no kom til syne, gjer at vi lærer av det. Som lag står vi saman både når det går bra og dårleg, og neste gong vil det gå sinnsjukt bra. Det skal eg lova deg, fortalte han i intervjuet med NRK etter at han sjølv hadde kjempa seg inn til ein heiderleg tiandeplass i 5000 m-finalen.

Klok av skade

Det er noko som heiter å bli klok av skade og å lære av feil. I medgang, når medaljar og rekordar renn inn, er det fort å bli for ivrig og få ein tanke om at ein toler alt og er nærmast uovervinneleg. Ingen er det i lengda, og ved å erkjenne det, kan ein leggje grunnlaget for å komma styrka tilbake.

I mine auge skal Jakob Ingebrigtsen ha kredit for at han var med sjølv om han var langt unna si beste form. Ikkje berre gav han seg sjølv sjansen (sjølv om den var liten), men han fekk òg vist at dei som blir slegne ut i forsøket eller kjem på tiandeplass i finalen, er viktige for det dramaet slike meisterskap er. Som Jakob sjølv spissformulerte det:

«Det einaste som er verre enn å komma på tiandeplass i VM, er å sjå det heimanfrå.»

Eller som det heiter i det gamle kinesiske ordtaket: «Mange menn sprang på heia for å fange det ville eselet. Det er ikkje sikkert at alle som sprang, fanga det, men at den som fanga det sprang – det er sikkert.»

Neste friidretts-VM går i Kina om to år.

Om artikkelforfatteren

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Powered by Labrador CMS