Tekst og foto arrangøren

Anders Eidsnes var raskast i karusellen på Eikanger laurdag. Med tida 7.52 tok han førsteplassen for andre gong. Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne.

Ut frå start og ned første bakken var det Rolf Vabø som tok teten. Han gjorde det beste løpet sitt for sesongen med tida 8.04 som heldt til fjerdeplass. Stein Tore Vinterstø var den som gav Eidsnes hardast kamp inn mot mål. På tida 7.57 vart Vinterstø ein klar nummer to.

14-årige Kristoffer Hopland vart nummer tre for andre gong på rad. Tida hans var 8.02, som var tre sekund raskare enn for tre veker sidan

joergensen-grete1144-n1200.jpgGrethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Tida hennar var 8.15 som var tangering av sesongbeste frå første løpet i fjor haust. Og det var 28. gongen ho var best i kvinneklassen.

Amalie Kallestad i 11-årsklassen sette ny personleg bestenotering i andre løpet på rad. Med 8.50 kutta ho fem sekund av rekorden sin frå førre løp. Idar Odland, også han i 11-årsklassen, sprang på 9.24 og var dermed 12 sekund raskare enn nokon gong før.

Denne gongen var det berre 20 deltakarar som sprang på tid. Men med heile 52 personar som deltok utan tidtaking, var det i alt 72 startande. Løpsforholda laurdag var greie, men ei regnbye gjorde det litt surt sjølv om det var nærast vindstille.

Neste løp på Eikanger vert laurdag 11. mars. Den dagen vert det også jubileum, då det vert løp nummer 300 sidan karusellen starta i desember 1979.
 

anders eidsnes.jpg
Vinner av sesongens 7. løp, Anders Eidsnes

Vinterkarusell 2016-17, 7. løp.
Eikanger 18. februar 2017
Arr.: Eikanger IL

Regnbye, berr veg, + 4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes 7.52
2. Stein Tore Vinterstø 7.57
3. Kristoffer Hopland 8.02
4. Rolf Vabø 8.04
5. Grethe Jørgensen 8.15
6. Magnus Ådnanes 8.41
7. Johannes Hopland 8.44
8. Arvid Hauge 8.50
9. Amalie Kallestad 8.50
10. Magne Andre Taule 9.01
11. Egil Opsal 9.04
12. Idar Odland 9.24
13. Terje Eidsnes 9.44
14. Susanne Rebnord 9.59
15. Sunniva R. Eidsnes 10.40
16. Olai Nepstad 10.55
17. Adrian Hansen Toft 11.20
18, Olav Alme 11.45
19. Sverre Solberg 11.58
20. Sondre R. Eidsnes 12.26
 

trimgjeng1244-n1200.jpg
Trimmere på vei mot mål

Utan tid:
Rune Aldeholm, Margrethe Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Ingrid Søiland Askvik, Ivar Askvik, Syvert Søiland Askvik, Petter Buvik, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Cecilie Eikanger, Linnea Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Jens Hindenes, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Emil Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Elisa Søiland, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Iben Buvik Aasgard, Oleg Buvik Aasgard, Rannveig Marie Buvik Aasgard