Johan slo den gamle rekorden til Tomas Bereket (Eritrea/Larvik Turn) frå 2011 med 44 sekundar. I den løypa som vart nytta fram t.o.m. 2010 hadde Jon Tvedt løyperekorden med 57.18 frå 2008. Etter den tragiske bortgangen til Jon Tvedt i 2009 avgjorde arrangør IL Fanaråk at den rekorden er verna for all tid som rekord i den gamle løypa.

No er det ny løype og nye tider og dei skal springe svært godt som skal slå den nye rekordtida til årets Europameistar i motbakkeløp Johan Bugge. Det høyrer også med til historia om den nye løyperekorden på 56.46 at den nok hadde vorte minst 15 sek. bedre om ikkje det hadde vore laus snø dei siste 350m til mål.

Fanaråken Opp har gjennom åra hatt mange topp internasjonale deltakarar på startstreken som alle har medaljar frå EM/VM i Mountain Running: Dette viser at den nye rekordtida står svært sterkt i eit internasjonalt perspektiv. M.a. David Schneider (Sveits), Joseph Gray (USA) , Robbie Simpson (GBR), Orlando Edwards (England) i tillegg til fleire løparar frå Kenya.  No treng ikkje Johan Bugge slike referansar for å vise at han held høgt nivå. Han viser det best sjølv ved å vinne EM i motbakkeløp.

640_EliAnneDvergsdal2000moh_Foto Lene Bolstad.jpg

Foto Lene Bolstad. Eli Anne Dvergsdal ,IL Gular, vann dameklassa på tida 1.09.31 vel minuttet framfor tidlegare EM og VM vinnar Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL på 2. plass. Vinnartida til Eli Anne var 1min og 5sek bak løyperekorden til Anita frå 2012. Eli Anne (som kjem frå Jølster) vart tidlegare i år nr 2 i EM i motbakkeløp. Det er berre Anita som har bedre plassering individuelt av norske damer i eit internasjonalt meistarskap med sitt EM-gull i motbakkeløp frå 2007 og VM-gull same år i VM i langdistanse-fjelløp.

Prestasjonane til Bugge og Dvergsdal i EM gjorde at arrangør IL Fanaråk i år ville ha fokus på dei flotte norske internasjonale prestasjonane. I år var det ikkje naudsynleg å «gå over bekken etter vatn» for å få motbakkeløparar med med topp internasjonale prestasjonar. 

640_Anita_Foto_LeneBolstad.jpg

Foto Lene Bolstad. Anita Håkenstad Evertsen har lagt bak seg Helgedalen og over 1100 høgdemeter. Det er mindre enn 100 høgdemeter opp til mål ved Fannaråkhytta. I år vart det 2. plass på tida 1.10.48. Anita har delteke i arrangementet 5 gonger tidlegare og vunne alle gongene. Fyrste gong i 2005 då ho vann Fanaråken Duatlon som var 16km sykling frå Skjolden til Turtagrø med 868 m stigning og 8,4km løping med 1200m stigning opp til Fanaråken. Samla distanse 24,4km med 2.068m stigning. Duatlon vart arrangert siste gong i 2008. Vinnartidene hennar i Fanaråken Opp er: 1.08.27 (2006), 1.05.53 (2007), 1.08.58 (2010), 1.08.26 (2012). 1.05.53 frå 2007 er verna som rekord i den løypa som vart nytta fram t.o.m 2010 og 1.08.26 frå 2012 er gjeldande løyperekord.

640_SkiløparenJoelDyrhovden.FotoChrPr.jpg

Foto Christian Prestegård. Skiløparen Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden trivest i Fanaråken Opp og kjem attende år etter år til topplasseringar løpet der han tok sitt fyrste av 3 NM-gull i motbakkeløp for junior 2007. I år vart det 2. plass totalt på 1.03.03 vel 6min. bak bak suverene Johan Bugge. Joel som satsar på langrenn lada opp til Fanaråken Opp med å stake på rulleski frå Fortun 20moh til Sognefjellshytta 1400 moh ! Joel har trent mykje langrenn i sommar på Sognefjellet Sommarskisenter med flott utsyn til Fanaråken. Joel har vist at han har særs stor kapasitet og det skal bli spennande å følje han til vinteren.

640_Start_Stort_FotoKåreSteinarSkagen.jpg

Foto Kåre Steinar Skagen. Frå starten ved Turtagrø Hotell. Før start var det eit skikkeleg grisevær der værgudane ville spyle løypa skikkeleg før start. Det skiftande været med regn og tåke skremte dessverre bort mange trimmarar, men ikkje konkurranseløparane. I år fullførte tilsaman 367 deltakar av desse var 157 (dvs 43%) i konkurranseklassa ( foto). Det var i år ekstra høg kvinneandel med 46 deltakarar, dvs. 34%.

Rett bak fotografen i turkis singlett ser vi Joel Dyrhovden som ikkje bryr seg om at det er minusgrader på toppen. Vidare mot høgre i kvit/svart Tjalve-singlett Erling Hisdal som vart nr 3. Startnr. 60 i svart er Tobias Olsen, Fredrikstad Skiklubb som vann kl. M15-17 med frisk åpning. Til høgre for han i raud-oransje singlett den suverene vinnaren Johan Bugge.

Litt til venstre på fotoet i raud Vidar-drakt og kvite sokkar ser vi Gerard Cornelissen frå Nederland /SK Vidar som vart nr. 2 i M40 og nr 7 totalt på tida 1.06.40. Gerard er ein av mange som gjer det svært gøy og inspirerande å delta i motbakkeløp med sin entusiasme og begeistring.

640_ThereseSjursen.jpg

Foto Christian Prestegård. Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb legg heller ingen dempar på stemninga. Her har ho klubbkameraten Ketil Monssen på si høyre side (i blått). Therese blei nr 3 i dameklassa med tida 1.11.54 medan Ketil blei nr 4 i herreklassen på 1.04.57

6 raskaste damer:
1. Eli Anne Dvergsdal, IL Gular 1:09:31
2. Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL 1:10:48
3. Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb 1:11:54
4. Marte Håkenstad Bråten, Lillehammer Skiklub 1:18:30
5. Ingvild Sangesland, Øvrebø IL 1:20:44
6. Bodil Ryste, Gaular IL 1:21:19

6. raskaste menn:
1. Johan Bugge, Eidsvåg IL 56:46
2. Joel Dyrhovden, 1:03:03
3. Erling Hisdal, IK Tjalve 1:03:42
4. Ketil Monssen, Bergen Løpeklubb 1:04:57
5. Rune Eckhoff, Kaupanger IL 1:05:57
6. Andre Haugsbø, Gaular IL 1:06:24

Fullstendig resultatlistewww.fanaraaken.com

 

640_AnnaMagretheTråve.Foto Christian Prestegård.jpg

Foto Christian Prestegård. Anna Magrethe Tråve, Lærdal IL som i år er komen opp i 60-års-klassa sprang til topps på imponerande 1.26.06. Tråve har sidan ho vart veteranløpar vore blant dei alle beste i verda i si klasse i ulike løpsgreiner. Ho er medaljegrossist i EM og VM for veteranar. Det siste 10-året også i EM og VM i motbakkeløp.

640_Marthe og Even_fotoLB.jpg

Foto Lene Bolstad. Marthe Håkenstad Bråten, Lillehammer Skiklubb (nr 6) vann kl. D18-19år og vart nr 4 totalt og raskaste dame under 20år med tida 1.18.30. Marthe har gode kondis-/motbakkegener. Anita Håkenstad Evertsen er tanta hennar.

640_Bertine Thorsnes Lefdal. Foto Christian Prestegård.jpg

Foto Christian Prestegård.   Bertine Thorsnes Lefdal, IL Bjørn. Skiløpar frå naboklubben til arrangørklubben IL Fanaråk. Bertine var nest raskaste dame under 20år med tida 1.21.21 bak Marthe Håkenstad Evertsen som ho snart skal møte til nye duellar i skiløypene.

640_PerOveog Jacob_72 og 127.Foto_Else Steig.jpg.jpg

Foto Else Steig. Per Ove Walaker (127) frå arrangørklubben sprang til topps på 1.11.49 i kl. M40 medan og Jakob Meløy, NTNUI, fekk sluttida 1.10.11 i kl. M20

640_Jan Øyvind.FotoElseSteig.jpg

Foto Else Steig. Jan Øyvind Bolstad frå arrangørklubben IL Fanaråk som fekk sluttida 1.14.53 i kl. M40 . Bak med startnr 162. Magnar Solheim som vann kl. M55 på tida 1.17.42

640_Daniel.FotoLeneB.jpg

Foto Lene Bolstad. David Høyheim Skintveit, IL Bjørn, (Kl. 15-17) har vore med mange gonger i trimklassa. I år ville han få ei offisiell tid og debuterte sporty i konkurranseklassa på en gode tida 1.25.01.

Det svært langt fleire som har lyst til å stille opp i konkurranseklassa, men når ei ser på det svært høge nivået blir dei enten heime eller deltek i trimklassa. Eg har intervjua mange som synes at det er eit avskrekkande høgt nivå på dei som spring i konkurranseklassa inkl veteranklassane i mange av motbakkeløpa i Noreg.

I motbakkeløp som Skåla 1848m rett opp (800 i konkurranseklassar med tidtaking og nesten 2.000 totalt), Oslos Brattaste (3500 deltakarar i fjor med tidtaking) og Stoltzekleiven Opp i Bergen (omlag 5.000 deltakarar med tidtaking på 2 løpsdagar) er det kanskje meir show og gøy å delta i konkurranseklassane. I alle fall har mange motbakkeløpsarrangørar ei utfordring med å få mange deltakarar i konkurranseklassane dersom dei ønskjer det. Personleg synest eg at det aller viktigaste for den norske folkehelsa er å få endå fleire med i trimklassane.

Til slutt ei sterk historie om motivasjon, viljestyrke.

Eg skal avslutte med nokre ord om Jan Arthur Aune som eg vart kjend med i fjor i samband med at han gjennomførte Skåla 1848m rett opp. I år ville han også gjennomføre Fanaråken Opp. Etter å ha møtt Jan Arthur er det nok mange som vil slutte å klage over småskader.

640_Aune_chr_anders.jpg

Jan Arthur Aune saman med meg og løpsleiar Anders Fortun ved Turtagrø Hotell like før han skal starte i trimklassa. Jan Arthur fortel til Kondis.no: "Det var en motorsykkelulykke i møte med bil jeg var utsatt for sent august 2008.Vi var en gjeng som kjørte tur sammen og jeg kjørte først. Det hadde regnet og i en høyresving var det mye dieselsøl i veibanen som resulterte i at jeg mistet kontrollen av sykkelen og ble grillmat.

Skadene ble omfattende og pulsåren til høyrearmen ble revet av slik at ved ankomst RIT hadde jeg mistet over 4 liter blod. Lå 18 dager i koma og de 10 første var det usikkert om jeg ville overleve. Stygt skadet høyreside med punktert lunge flere steder og høyrebeinet var knust.

Grunnet en del komplikasjoner i etterkant som resulterte i amputasjon av hele høyre arm og skulder, total kollaps av høyre lunge (har i dag kun den på venstre side intakt), lammelser i høyrebeinet (lår og legg) der enkelte muskler ikke virker lenger og lårbeinet er i dag ca. 6 cm kortere enn opprinnelig. Både lår og legg er margnaglet"

Laurdag gjennomførte Jan Arthur Fanaråken Opp på 2t. 20 min. Eg møtte han i mål 2.068moh i eit rufse vinterleg vær med ein uvanleg kald minusgrad og han var like blid og entusiastisk som før start sjølv om han var stivfrosen på handa og måtte bruke litt tid inne i Fannaråkhytta på å tine den opp att. "Eg bøyer meg i hatten", som det heiter no.

Sjå også reportasje frå Fanaråken Opp på nrk.no/sfj