NB ! Reportasjen er no utvida med bilder og omtale av dei norske som deltok på dag 2 av VM i dag søndag 28. august. Sjå nederst i reportasjen.
Ingressbildet ovanfor viser alle dei 8 norske som deltok i går. Hanne Liland (nr. 17 i D45), Tove Alm (nr. 10 i D65), Eva Carlsen (nr 1 i D75+), Elise Orten (nr. 4 i D50), John Andersen (nr. 5 i M65), Anna M. Tråve (nr. 2 i D60), Halldis Nagell-Dahl (nr. 3 i D70) og Ingunn Ytrehus (nr. 4 i D65)
VM går over to dagar med to distanser. I går, laurdag 27. august, sprang alle damer (alle klasser frå 35 til 80 år) og menn 55 år og eldre ei 6,5km lang løype med 820 høydemeter med stigning.
I dag søndag sprang alle som er mellom 35 og 54år ei 11,5km lang løype med 1450m stigning (sjå nederst i reportasjen !)
Alle foto som ikkje er påført fotograf er tekne av Kondis.nos utsendte Christian Prestegård
76 år unge Eva Carlsen frå Oslo har reist verda rundt på ulike veteranmeistarskap i mange kondisjonsidrettar og har skuffa full av medaljar. I Susa vart det GULL.
Eva's innsats gjorde at alle nordmenn og dei 632 andre deltakarane frå 26 land , mfl. fekk høyre den norske nasjonalsangen. Foto Åge Årdal
Også Anne M. Tråve frå Lærdal IL har vunne mange medaljar i ulike EM og VM i langdistanseløp inkl. motbakkeløp. I Susa vart det SØLV i kl. D60-64år.
Medaljeseremoni med Anna på pallen. Foto Åge Årdal
Eg tek med eit foto til av Anna som eg tok av henne på gjennomløping av løypa dagen før løpet. Der merka eg at ho var i særs god form og var ein sterk medaljekandidat etter nokre år utanfor pallen.
74 år unge Halldis Nagell-Dahl var eldste deltakar i kl D70-74år, men klarte likevel å vinne ein BRONSE-medalje. Som Eva og Anna ovanfor har også Halldis ei lang karriere som deltakar i ulike internasjonale veteranmeistarskap med mange medaljar i skuffa.
Halldis på pallen. Foto Åge Årdal
John Andersen frå Bergensklubben Varegg, vart nr. 5 i klasse M65år i konkurranse med 53 andre. Varegg /Team melkesyre hadde 50% av dei 14 norske deltakarane i VM (inkl VM's Open Race).
Elise Orten, IL Fri Friidrett, vart nr. 4 i kl D50-54år
Hanne Liland, Varegg vart nr. 17 i D45-49år
Ingunn Ytrehus mot mål til 4. plass i kl. D65-69år.
Tove Alm, vart nr 10. i kl. D65år
Kondis' utsendte saman med dei tre raskaste i The Open Race. Eg er så heldig å få springe begge løpa. For å kunne gjere jobben min som journalist for Kondis.no deltek eg i VM's Open Race som startar ein time før fyrste puljestart for ulike kjønn/aldersklassar. Dermed er eg på toppen i god tid for å dekke heile det offisielle VM.
Dag 2 av VM i motbakkeløp for veteraner gav ikkje Noreg fleire pall-plasseringar, men dei norske deltakarane fekk endå luftigare og flottare naturopplevingar. Den 11km lange løypa i dag med 1450m stigning hadde mål 1.945moh. Dvs 635høgdemeter over mål i går.
Det vart ein ny praktfull løpsdag i VM for dei norske deltakarane. Nede til venstre skimtar vi Susa vel 1400 høgdemeter nedanfor der desse løparane starta tidlegare på dagen. Bak frå Høgre: Hanne Liland, Varegg (VM's Open Race). Jon Harald Carlsen, Team Halden. Øystein Brun, Varegg. Øyvind Stokseth, Team Halden og Christian Prestegård (VM's Open Race). Framme frå høgre: Tore Klanderud, Varegg. Anna M. Tråve, Lærdal IL og Bjørn Harald Bongom, Varegg. I tillegg var det ein nordmann til, Marius Bjugan (Team Halden), som deltok i VM's Open Race. Det var 3 nordmenn som deltok i begge løpa: Anna M. Tråve, Hanne Liland og meg.
Bjørn Harald Bongom var raskast av dei norske løparane i dag med tida 1:25:49. Det gav 21pl i M45
Øyvind Stokseth mot mål på tida 1:26:25 til 23pl. i M40
Tore Klanderud mot mål på tida 1:31:23 til 23pl i M45
Øystein Brun i M50 fekk sluttida 1:35:42. Til høgre ser vi Elise Orten som ivrig inspirator. Det var Elise som tok det flotte fellesbildet etter målpassering i dag.
Dette VM har vist at nivået i alle aldersklassar innan motbakkeløping er ekstrem høgt. I dag vart Klasse M50-54år vunne av Franco Torresano Italia på 1:15:05 og M45-49år på 1:10:04 av Daniele de Colo, Italia.
I 40års-klassa fekk også 7 X verdsmeistar i motbakkeløp/fjelløping Jonathan Wyatt New Zealand erfare nivået då han som 43åring vart nr 2 i M40 bak portugisaren Cesar Costa som vann på 1:08:53. Wyatt var 22 sek. bak. ( Wyatt har også vunne La Sportiva Skåla Opp i Loen 4 gonger).
Cesar Costa, Portugal, vinn M40 på 1:08:53
Stemingsbilde frå mål. Vinnaren av the Open Race Bernard Dematteis, Italia, ventar på at løparane skal kome i mål som skal kjempe om VM-medaljane i aldersklassane frå M35 til M50.
Vertsnasjonen Italia dominerte denne 16. utgåva av VM i fjelløping for veteraner (World Masters Mountain Running Championships) med 10 individuelle gullmedaljer og 15 for lag. Totalt fullførte 632 deltakarar frå 26 land ( inkl 74 i VM's Open Race). Det var 8 nasjonar på toppen av pallen som fekk høyre nasjonalsangen sin på premieutdelinga: Noreg, Portugal, Spania, Tyskland, Polen. GBR, Irland og Italia.
Dei 74 deltakarane i VM's to åpne løp er ikkje med i desse offisielle tala over fullførte deltakarar i VM
Vi rundar av denne reportasjen med dei 3 glade VM-medaljevinnarane våre. Bildet er ikkje tilfeldig valt med Atletics for LIFE - mottoet til det internasjonale veteranidrettsforbundet WMA World Master Atletics. Denne helga har eg fått endå meir inspirasjon til å trene til eg blir 100...når eg ser den løps- og livsgleden som superveteranane i VM har vist. Foto Åge Årdal
For meir info om VM sjå http://www.stellinarace.it/en/ .
På heimesida til World Mountain Running Association www.wmra.info er det ei kort oppsummering av arrangementet